Om koronasertifikat -informasjon om kontrollsider og gyldigheit
Artikkel
|Oppdatert
Dette innholdet er arkivert og blir ikke oppdatert.
EU legger ned ordningen med koronasertifikat 30. juni 2023, og koronasertifikatet vil ikke være tilgjengelig etter det. For utskrift av vaksiner logg deg inn på nettsiden Vaksiner på Helsenorge.
Kontrollside for grensepassering og bruk i utlandet
- EU/ EØS: Kontrollside for bruk i utlandet og ved grensepassering til Noreg og andre land. Kontrollsida er alltid blå.
Opplysingane i den blå EU/EØS-kontrollsida brukast i utlandet og ved grensepassering. Du må sjølv setje deg inn i reglane som gjeld der du skal bruke sertifikatet. Nettsida Re-Open EU eller Reiseklar-appen kan vere til hjelp.
Kontrollside for bruk i utlandet og ved grensepassering
Når du loggar deg inn på Helsenorge vel du Koronasertifikat og “Vis kontrollside”. Koronasertifikatet si kontrollside for framsyning i kommunar som har tatt i bruk koronasertifikatet og ved grensepasseringar, er blå og merka EU/ EØS.
EU har laga føringar for kva data som skal visast, for å gje kontrollør moglegheit til å avgjere om du oppfyller kriteria, men kvart landbestemmer eigne reglar. Du må sjølv setje deg inn i dei reglane som gjeld der du skal bruke sertifikatet. Appane Re-Open EU eller Reiseklar kan være til hjelp.
Grensekontrollen i landet du skal reise inn i vil sjekke at sertifikatet inneheld det som er krevd for innreise, eller om sertifikatet gjev godkjenning for gjennomreise/ transittland. Dersom koronasertifikatet brukast for å styre adgangen til eksempelvis serveringsstedar i landet du reiser til, vil kontrolløren sjekke at sertifikatet inneheld det som krevast for adgang.
For eksempel varierar det kor mange dagar dei ulike landa krev det skal ha gått etter vaksinasjon med dose 2 av 2, om dei gjev lettelsar etter dose 1 av 1, om dei aksepterar kombinasjonen vaksine og koronasjukdom, og om det er tilstrekkeleg med negativ test og i så fall kor langt tilbake i tid testen kan vere tatt.
Kva inneheld EU/ EØS-kontrollsida
Under det blå feltet på kontrollsida visast ein QR-kode for kvart element der sertifikatet finn relevante data om deg. Under QR-kodane kan du trykke på «Vis utskriftsvennlig side», og finne dei relevante dataene knytt til henholdsvis vaksine, negativ test og gjennomgått koronasjukdom.
Vaksinar
- Kun siste tellande vaksinedose visast, data om tidlegare vaksinedoser er ikkje tilgjengelege i sertifikatet.
- Ein kan sjå detaljert informasjon om vaksinetypen, vaksinasjonsdato og denne vaksinedosen sin plassering i ein serie.
- EU sin føring er at siste vaksinedose skal visast som en brøk (1 av 2, 2 av 2, 3 av 3), for å angi kor mange doser personen har fått (teller), og kor mange doser personen skal få for å reknast som fullvaksinert (nemnar).
- Ekstra doser etter standard grunnvaksinasjon oppfattast som oppfriskingsdoser og tellaren vil auke med éin for kvar dose. Viss du fekk status som grunnvaksinert etter 2 doser, vil også nemnaren auke med éin for kvar dose, mens nemnaren held seg på 1 viss det kun var krav om 1 dose i grunnvaksinasjonen.
- QR-koden for siste vaksinedose visast så snart dosen er registrert i SYSVAK.
- QR-koden for vaksine blir ikkje borte sjølv om dei sist tilgjengelege vaksinasjonsopplysningane ikke skulle innfri krava der du skal bruke sertifikatet.
- Frå 1. februar 2022 innførte EU ein regel om at koronasertifikat basert på grunnvaksinasjon kun skal verte akseptert av kontrollør i 270 dagar etter den siste dosen. Dette gjeld kun personar over 18 år. Barn og unge under 18 år har gyldig sertifikat i ubegrensa tid etter grunnvaksinasjon, og regelen om 270 dagar gjeld ikkje desse. Etter dette har du framleis ein QR-kode som viser siste vaksinedose, sjølv om du ikkje har fått ein oppfriskningsdose.
Negativt prøvesvar
- Eit negativt testresultat frå PCR eller antigentest, vil visast dersom testen er teken i løpet av siste 72 timar. Tidlegare negative testar vil ikkje visast.
Positivt prøvesvar (nyleg gjennomgått covid-19)
- Positivt prøvesvar frå PCR eller antigentest som er registrert i Noreg då du testa positivt visast frå 11-180 dagar etter testen.
- Dersom du har testa positivt på nytt meir enn 60 dagar etter den første testen, vil det nye prøvesvaret visast etter 11 dagar.
- Resultat av sjølvtestar visast ikkje, sjølv ikke dersom resultatet er registrert i kommunen sin løysing for eigenregistrering av sjølvtestar.
- Resultat av antistoffundersøkingar visast ikkje.
- Dersom du før ein positiv test har eit gyldig sertifikat basert på vaksine, vil dette ikkje verte påvirka av den positive testen.
Feil eller manglar i koronasertifikatet?
Om opplysningar manglar eller er feil i koronasertifikatet ditt, kan sertifikatet vere ugyldig når du skal bruke det. Om du finn feil eller mangelfulle vaksinasjonsopplysningar eller testresultat i sertifikatet, må du først kontrollere om vaksinasjonsstatus manglar i Vaksinevisninga eller Helseregistre og testresultat i Prøvesvarvisninga på Helsenorge.no. Om det er feil eller mangelfulle opplysningar også her, kan du ta kontakt med staden der du har blitt vaksinert eller testa, for å få retta dette.
Gyldigheit for sertifikatet
Koronasertifikatet har ei teknisk gyldigheit på 90 dagar. Det betyr at dato for gyldig til aldri vil overstige 90 dagar frå dagens dato dersom ein hentar sertifikatet digitalt frå Helsenoreg eller frå datoen sertifikatet vart skrive ut. Den tekniske gyldigheita reknas frå dato for nedlasting eller utskrift, og kan enkelt verte forlenga ved å laste ned eller bestille eit nytt sertifikat. FHI minner digitale brukarar om at det er mogleg å laste sertifikatet ned på mobilen eller å skrive sertifikatet ut. Då er du sikra tilgang sjølv om det skulle oppstå nedetid ved helsenorge.no eller andre digitale tenester som BankID.
"Gyldig til"-datoen kan vere kortare. negativ test gir kun eit gyldig EU-sertifikat i 72 timar frå testtidspunkt. For sertifikat basert på gjennomgått koronasykdom vil gyldig til-dato vise den tekniske gyldigheita på 90 dagar med mindre det er under 90 dagar til gyldigheita for gjennomgått koronasjukdom utløper, som er 180 dagar frå testdato. Sertifikat basert på vaksine vil alltid vise teknisk gyldigheit, og ein må sjølv sjekke at sertifikatet er gyldig for bruken ein treng sertifikatet til.