Ungdom sine liv på sosiale medium: Ny undervisningsressurs
Artikkel
|Publisert
Bergen Kommune har saman med Folkehelseinstituttet og Vestland Fylkeskommune utvikla ein ny undervisningsressurs retta mot ungdom for å auke refleksjon og medvit rundt livet på sosiale medium.
Bergen kommune leia i 2019-2022 eit innovasjonsprosjekt i samarbeid med Folkehelseinstituttet, Høgskulen på Vestlandet og Vestland Fylkeskommune om ungdom sine liv på sosiale medium. Prosjektet var ein del det pågåande nasjonale programmet for folkehelsearbeid i kommunane. Hovudmålet med prosjektet var å utvikle nye tiltak for å skape helsefremjande miljø på sosiale medium blant ungdom i vidaregåande skule. I prosjektet blei sosiale medium, inkludert online gaming, forstått som ein sosial arena der ungdom oppheld seg.
Det var, og er ei generell uro for korleis ungdom sin bruk av sosiale medium påverkar dei negativt, særleg med tanke på deira psykiske helse og trivsel. Sosiale medium har i løpet av kort tid blitt ein sentral del av livet hos dei fleste ungdommar, og på liknande måte som med andre raske teknologiske skift, er det ikkje unaturleg at ein er redd for kva dette kan bety for generasjonen som veks opp. Forskarar, foreldre, lærarar, politikarar og andre har delt sine meningar og si uro i det offentlege ordskiftet. Denne uroa har ikkje nødvendigvis dekning i eksisterande kunnskap. Likevel er det eit behov for å auke ungdom sine mogelegheiter til å navigere sosiale medium på måtar som kan fremje mogelege positive sider ved bruken, og på same tid hindre mogelege negative sider. Tilgjengeleg kunnskap tilseier at sosiale medium kan påverke ungdom, på godt og vondt. Dei fleste ungdommar oppheld seg mykje på sosiale medium, og difor bør ein ruste ungdom slik at dei kan få best mogelege vekstvilkår, også på denne sosiale arenaen. Det kan gjerast ved å auke ungdom sin kunnskap og kompetanse om sin eigen og andre sin bruk av sosiale medium, som kan føre til at dei blir meir bevisste om korleis dei vel å bruke sosiale medium og kritisk til det dei blir eksponert for.
Om undervisningsressursen
Med dette som bakteppe har Bergen kommune, saman med Folkehelseinstituttet og Vestland fylkeskommune, utvikla ein ny undervisningsressurs som er tilgjengeleg på www.ungpasome.no. Ressursen er basert på eksisterande og nye kunnskapsoversikter om ungdom, sosiale medium og psykisk helse, og innhenting av kvalitative og kvantitative data frå ungdom og lærarar. Utviklinga har føregått i tett samarbeid med ungdom, rådgjevarar frå kommunen, lærarar og forskarar. Utviklingsprosessen var også både evidens- og konsensusbasert, med mål om å sikre relevans og nytte.
Ressursen blei først utvikla med tanke på ungdommar på vidaregåande skule og skal bidra til å auke medvit og refleksjon om korleis livet dei lev på sosiale medium heng saman med psykisk helse og trivsel. Relevant informasjon for lærarar, foreldre og ungdom er samla på nettsida. Sjølve undervisninga er knytt til kompetansemål i norsk og samfunnsfag, og til overordna del av læreplanverket (LK20) og kan difor knytast til dei fleste fag. Undervisninga består blant anna av 14 ulike temafilmar, påstandsøvingar, refleksjonsspørsmål, gruppearbeid og innleveringsoppgåver. Temafilmane dekker ulike aspekt ved bruk av sosiale medium som ungdom sjølv har diskutert i fokusgruppeintervju, og som blant anna er dekka i FHI-rapporten; Hele verden er et tastetrykk unna – Ungdommers bruk og opplevelser med sosiale medier og online gaming. Tema strekk seg frå reglar og normer på sosiale medium og online gaming som sosial arena, til mogeleg problematisk bruk og negative erfaringar på sosiale medium.
Det er ungdom sjølv som er ekspertane på sin eigen bruk av sosiale medium. Undervisningsressursen tar difor utgangspunkt i ungdom sine eigne tankar, refleksjonar og erfaringar for å fremje refleksjon og dialog, der læraren fungerer som ein som legg til rette for dialogen. Å bruke undervisningsressursen krev ingen forkunnskap og det trengs lite førebuing. Den kjem ikkje i tillegg til anna undervisning, men er ein ressurs for å kunne møte kompetansemåla i mellom anna norsk og samfunnsfag. Det er anbefalt å gjennomføre dette i bli-kjent fasen (dei første vekene etter skulestart) fordi det vil kunne bidra til å bygge kultur i klasserommet.
I tillegg til undervisningsressursen for vidaregåande skule har ein tilpassa versjon av ressursen blitt prøvd ut på ungdomsskulen. Denne versjonen er også tilgjengeleg på nettsida.
Evaluering av undervisningsressursen
Undervisningsressursen har blitt prøvd ut på vidaregåande skule og på ungdomsskulen. Elevane har gitt uttrykk for at ressursen er relevant, engasjerande og nyttig. Under utprøvinga blei det også peika på mogelege forbetringar og naudsynte avklaringar frå både elevar og lærarar. Det som no er tilgjengeleg på nett er oppdatert i tråd med desse tilbakemeldingane. Folkehelseinstituttet, saman med Bergen kommune og Vestland fylkeskommune, er no i gong med å undersøke om ressursen bidreg til å auke medvit og refleksjon om korleis livet dei lev på sosiale medium heng saman med psykisk helse og trivsel. Denne evalueringa er i startfasen og datainnsamlinga går føre seg i utvalde vidaregåande skular i Vestland fylke.
I tillegg til finansiering gjennom program for folkehelsearbeid i kommunane, har prosjektet motteke finansiering og blitt vidareført gjennom midlar frå Regionalt forskingsfond Vestlandet (RFF Vest; 297031), Noregs forskingsråd (NFR; 319845), Stiftelsen DAM (gjennom Rådet for psykisk helse; 2021/FO347287) og samarbeidsmidlar frå Alrek helseklynge.