Evaluering av nytt foreldrerettleiings-program for ungdom
Artikkel
|Publisert
Ein ny variant av foreldrerettleiingsprogrammet ICDP for foreldre til ungdom vart utvikla og testa ut i 2022. Evaluering av programmet vart utført av Senter for evaluering av folkehelsetiltak. Intervju med ungdom viser at dei opplevde foreldra som rolegare og med færre negative kjensleutbrot etter deltaking i foreldrerettleiingsprogrammet ICDP Ung. Samstundes meinte ungdommane at programmet i hovudsak støttar foreldre og føresette.
International Child Development Programme (ICDP) er eit rettleiingsprogram retta mot foreldre/føresette for å betre deira evne til å gi omsorg og betre samspelet mellom seg og ungdommen. ICDP Ung er ein ny versjon av programmet retta mot foreldre til ungdom frå 13-19 år. Programmet vart testa ut i norske kommunar frå 2022.
Studien “It’s Fine if it Helps Mom”: Comparing Teenager’s and Parent’s Experiences with a Universal Parental Guidance Program vart utført ved Senter for evaluering av folkehelsetiltak. Forskarane har samanlikna erfaringane til både foreldre og ungdom etter deltaking i ICDP Ung.
For å finne ut meir om kva erfaringar ungdommane hadde av at foreldra deltok i det 8-vekers lange rettleiingsprogrammet vart det utført ei kvalitativ evaluering av tiltaket. Det vart gjort gjennom gruppeintervju med 29 foreldre og intervju med åtte ungdommar i alderen 16-19 år.
Resultata viser at foreldra i liten grad fortalde ungdommane om kva dei lærte i programmet. Ungdom hugsa også lite av det vesle dei vart fortalt og hadde generelt låg interesse for programmet. Vidare opplevde foreldra stor betring i si rolle som føresette. Sjølv om ungdommane viste til rolegare foreldre med mindre negative kjensleuttrykk, meinte dei at programmet primært var nyttig for foreldra. Ingen av dei intervjua ungdommane opplevde det som negativt at foreldra deltok i dette programmet.
Denne studien var del av den større evalueringa av ICDP ungdom. Heile rapporten/ kan lesast her Følgeevaluering av ICDP veiledning for foreldre med ungdommer - FHI