Bruk av illegale rusmiddel i Noreg
Publisert
|Cannabis er det mest brukte illegale rusmidlet i Norge, følgd av dei sentralstimulerande stoffa kokain, ecstasy/MDMA og amfetamin. Rusmiddelbruk kan påverke ei rekkje helseutfall.
Hovudpunkt
- Cannabis er det mest brukte illegale rusmiddelet i Noreg, både i den generelle befolkninga (16-64 år) og blant ungdom (15-16 år).
- Nyleg cannabisbruk – siste år eller siste månad – er mest utbreidd i dei yngste aldersgruppene.
- Delen unge (15-16 år) som rapporterer bruk av cannabis har auka sidan 2019.
- Ein høgare del menn enn kvinner oppgir bruk av cannabis.
- Dei sentralstimulerande stoffa kokain, ecstasy/MDMA og amfetamin er dei mest brukte illegale rusmidla etter cannabis. Også desse stoffa er mest utbreidde blant menn og i dei yngste aldersgruppene
Om illegale rusmiddel
Dette kapittelet omhandlar bruk av illegale rusmiddel (cannabis, sentralstimulerande middel og opioid) i den generelle populasjonen (16-64 år). Med illegale rusmiddel siktar ein til stoff som er lista opp på narkotikalista (Narkotikaforskrifta, 2013 § 2). Denne inneheld stoff og plantar som blir omfatta av FNs narkotikakonvensjonar, og kan i Noreg også omfatta andre stoff og plantar dersom dei har liknande skadeverknader som allereie oppførte stoff. Stoffa er både farmasøytiske preparat (reseptpliktige legemiddel) og illegalt produserte produkt.
Rusmiddelbruk, uavhengig av om det er legalt eller illegalt, har stor innverknad på folkehelsa og påverkar ei rekkje helseutfall. Bruk av rusmiddel kan føra til høgare risiko for skadar, ulykker og for tidleg død, å bli utsett for vald eller utsetja andre for vald, og blod- og seksuelt overførbare sjukdommar. I eit folkehelseperspektiv vil auka bruk av rusmiddel i befolkninga kunna auka risikoen for helseskadar og rusmiddelrelaterte ulykker (Rossow, 2025). Det er derfor viktig å overvaka slik bruk i den generelle populasjonen for å kunna setja inn relevante tiltak ved behov.
Les også:
Illegal rusmiddelbruk i Noreg i dag og over tid
Cannabis
Cannabis (primært hasj og marihuana) er det mest brukte illegale rusmiddelet i Noreg (Helsedirektoratet, 2026). I den generelle befolkninga oppgav 27 prosent at dei hadde brukt cannabis nokon gong i 2025 (figur 1) (Helsedirektoratet, 2026). Dette samsvarer med Kripos’ beslagsstatistikk som viser at cannabis (hasj/marihuana) er den hyppigast beslaglagde stoffgruppa (Kripos, 2025).
I tillegg har det vore ein markant auke i saker der THC (verkestoffet i cannabis) er einaste påviste rusmiddelet hos ruspåverka bilførar frå 2016 til 2024 (Gjulem et al., 2025). Cannabis er i dag blant dei hyppigast påviste rusmidla hos ruspåverka bilførarar (Gjulem et al., 2025). I 2024 utgjorde funn av THC 40 prosent av sakene med ruspåverka bilførar. Til samanlikning utgjorde etanol (alkohol) 41 prosent av sakene.
- Les meir om skadar som følgje av ruspåverka køyring her: Skadar og ulykker.
På den andre sida er det langt færre som oppgir bruk siste 12 månader og siste 30 dagar. I 2025 oppgav 6 prosent bruk av cannabis siste 12 månader og 2 prosent bruk siste 30 dagar (figur 1, sjå Helsedirektoratet, 2026 for meir detaljar).
Utvikling i bruk av cannabis
Dei fleste som bruker cannabis, kjøper eller får dette frå nokon dei kjenner. I 2025 oppgav 78 prosent av dei som hadde brukt cannabis siste 12 månader at dei anten fekk eller kjøpte cannabis av kjende ved siste gongs bruk (SSB, 2025). Berre 4 prosent rapporterte kjøp via internett og 3 prosent via sosiale medium (SSB, 2025).
Cannabisbruk i ulike aldersgrupper
Gjennomsnittleg debutalder for bruk av cannabis er 19,5 år i aldersgruppa 16-64 år, og denne har vore stabil i perioden 2013-25 (Helsedirektoratet, 2026). Figur 2 viser utviklinga i cannabisbruk siste 12 månader frå 2013 til 2025 i aldersgruppene 16-30 og 31-64 år (SSB, 2025). Cannabisbruk siste 12 månader og siste 30 dagar er mykje vanlegare blant dei i den yngre aldersgruppa, samanlikna med dei eldre (SSB, 2026). Blant dei yngste (16–30 år) oppgav 10 prosent bruk dei siste 12 månadene, mot 4 prosent i aldersgruppa 31–64 år. For bruk dei siste 30 dagane var dei tilsvarande tala 4 prosent og 2 prosent (SSB, 2026). Les meir om trendar i cannabisbruk på Helsedirektoratets sider her.
Cannabisbruk hos unge vaksne og vaksne
Cannabisbruk og kjønnsforskjellar
Ein høgare del menn enn kvinner oppgir bruk av cannabis både nokon gong, siste 12 månader og siste 30 dagar (Helsedirektoratet, 2026). Figur 3 viser utviklinga i bruk av cannabis siste 12 månader i perioden 2013-2025 fordelt på menn og kvinner. I 2025 oppgav 7 prosent menn bruk siste 12 månader medan delen for kvinner var 4 prosent. For bruk siste 30 dagars bruk var delane 3 og 2 prosent for høvesvis menn og kvinner (Helsedirektoratet, 2026).
Bruk av cannabis etter kjønn
Sentralstimulerande middel
Sentralstimulerande middel er stoff som stimulerer sentralnervesystemet og fører til auka psykomotorisk aktivitet, merksemd og ei subjektiv kjensle av energi. Det er få som oppgir bruk av sentralstimulerande middel i dei generelle befolkningsundersøkingane (Helsedirektoratet, 2026). I 2025 oppgav 8 prosent nokon gongs bruk av kokain, 6 prosent amfetamin og 6 prosent ecstasy/MDMA (figur 4) (Helsedirektoratet, 2026). Delane som oppgav bruk siste 12 månader var 2 prosent for kokain, 1 prosent for amfetamin og 1 prosent for ecstasy/MDMA (Helsedirektoratet, 2026).
Det har vore ein auke i delane som oppgir bruk av kokain, amfetamin og ecstasy/MDMA i befolkninga mellom 2013 og 2025 (figur 4) (Helsedirektoratet, 2026). I 2013 oppgav høvesvis 4 prosent og 2 prosent å ha brukt kokain eller ecstasy/MDMA nokon gong, medan i 2025 oppgav høvesvis 8 prosent og 6 prosent slik bruk (Helsedirektoratet, 2026). I tillegg oppgav 1 prosent bruk av kokain siste 12 månader i 2015, medan 2 prosent gjorde det same i 2025 (Helsedirektoratet, 2026). Denne auken samsvarer med Kripos’ beslagsstatistikk, der det også har vore ein auke i beslag av kokain og MDMA i dei siste åra. Kokain var i 2024-2025 det rusmiddelet som vart beslaglagt hyppigast etter cannabis (Kripos, 2025). Auken blir også spegla i fleire positive funn enn tidlegare av kokain og MDMA hos ruspåverka bilførarar og i obduksjonssaker (Fevåg et al., 2025; Gjulem et al., 2025).
Bruk av kokain, amfetamin og ecstasy/MDMA
Sentralstimulerande middel i ulike aldersgrupper
Bruk av sentralstimulerande middel siste 12 månader er mest utbreidd blant yngre (16–30 år) (Helsedirektoratet, 2026). I 2025 oppgav 4,5 prosent i denne gruppa kokainbruk siste 12 månader, mot 1,2 prosent i aldersgruppa 31–64 år (figur 5). Til samanlikning var det 2,2 prosent av dei yngste som oppgav det same i 2013, og 0,4 prosent blant dei eldste som oppgav bruk siste 12 månader i 2013. Det kan derfor tyda på at auken i kokainbruk har funne stad blant dei mellom 16 og 30 år, heller enn blant dei eldre (sjå også Bye og Moan, 2025).
Det er ingen tydeleg auke i bruk av amfetamin og ecstasy/MDMA siste 12 månader frå 2015 til 2025 når det blir delt på dei to alderskategoriane 16-30 år og 31-64 år (SSB, 2026).
Sentralstimulerande middel hos unge vaksne og vaksne
Sentralstimulerande middel og kjønnsforskjellar
Det er ein høgare del menn som oppgir bruk av sentralstimulerande middel. I 2025 oppgav ein høgare del menn nokon gongs bruk av kokain (11 prosent), amfetamin (7 prosent) og ecstasy/MDMA (7 prosent) samanlikna med kvinner der 6 prosent hadde brukt kokain, 4 prosent amfetamin og 4 prosent ecstasy/MDMA (Helsedirektoratet, 2026).
Opioid
Opioid er naturlege eller syntetiske stoff som verkar på opioidreseptorar i hjernen og nervesystemet og kan gi smertelindring og eufori (kjensle av velbehag). Få personar rapporterer illegal bruk av opioid. I 2025 oppgav mindre enn ein prosent at dei nokon gong hadde brukt heroin (SSB, 2025).
I 2025 var nokon gongs bruk av heroin noko høgare i aldersgruppa 31–64 år (0,7 prosent) enn i aldersgruppa 16–30 år (0,4 prosent).
Blant menn var det 0,8 prosent som oppgav nokon gongs bruk av heroin, medan 0,3 prosent av kvinnene oppgav det same i 2025 (SSB, 2025).
Opioid er hovedårsaka til narkotikautløyste dødsfall i Noreg (Edvardsen et al., 2025; Helsedirektoratet, 2026). Dei som døyr av narkotikautløyste årsaker, har ofte lågare sosioøkonomisk status enn den generelle befolkninga (Gjersing & Amundsen 2025). Dette er ei gruppe personar som er underrepresenterte i befolkningsundersøkingar. Likevel er det også slik at reseptbelagde opioid har vore hovudårsaka til narkotikautløyste dødsfall sidan 2016 (Gjersing & Amundsen, 2022), og illegal bruk av desse opioida er det ikkje spørsmål om i SSBs Rus og tobakksundersøkinga (SSB, 2025), eller andre generelle befolkningsundersøkingar.
Inntak av rusmiddel med sprøyte
Frå eit folkehelseperspektiv er inntak av rusmiddel med sprøyte den mest risikofylte inntaksmåten samanlikna med andre inntaksmåtar. Det fører mellom anna til ein høgare risiko for blodborne infeksjonssjukdommar som hepatitt C og HIV om injeksjonsutstyr blir delt med andre. Bruk av delte sprøyter er årsaka til hovuddelen av hepatitt C-infeksjonar i Norge (Sjå kapittel Smittsomme sjukdommar og smittevern). Sprøytebruk kan også føra til hud- og bløtdelsinfeksjoner som abscessar og ømheit, raudheit og hevelse rundt injeksjonsstaden (Degenhardt et al., 2023). I tillegg er det ein høgare risiko for overdose om rusmiddel blir tekne inn med sprøyte framfor andre inntaksmåtar (Degenhardt et al., 2023).
Det er i hovudsak opioid, sentralstimulerande middel og medikament i pilleform som blir teken inn med sprøyte (Gjerde et al., 2023; Helsedirektoratet, 2026), men det finst også dei som prøver å injisera andre rusmiddel. Blant personar som oppheld seg på gata og på lågterskeltiltak, retta mot personar med rusproblem, er det heroin og amfetamin som er mest vanleg å innta med sprøyte (Gjerde et al., 2023; Gjersing & Bretteville-Jensen, 2018). Samtidig er det dei siste åra ein aukande del i denne populasjonen som injiserer kokain (Storbråten-Hagene et al., 2026). Til samanlikning var det svært få som rapporterte slik bruk tidlegare (Gjerde et al., 2023; Gjersing & Bretteville-Jensen, 2018).
Det er vanskeleg å nå dei som tek rusmiddel med sprøyte gjennom generelle befolkningsundersøkingar. Derfor blir førekomst av sprøytebruk i staden estimert basert på tilrådingar frå det europeiske overvakingsorganet for narkotikabruk (EUDA). I 2024 vart det estimert at det var 12 979 personar som hadde teke rusmiddel med sprøyte (Helsedirektoratet, 2026).
Les meir: Injisering av rusmiddel (Helsedirektoratet)
Bruk av illegale rusmiddel blant ungdom
Cannabis
Data frå den norske delen av den europeiske skuleundersøkinga ESPAD (sjå espad.org) viser at bruken av cannabis blant ungdom (15-16-åringar) gjekk kraftig opp før og rundt tusenårsskiftet, etterfølgd av ein nedgang det følgjande tiåret, før bruken steig igjen frå og med 2019 (figur 6). Samanlikna med tidlegare år, har det vore ein auke i bruk nokon gong, siste 12 månader og siste 30 dagar i 2024. Utviklinga er i samsvar med resultat frå Ungdata 2024, ei anna ungdomsundersøking i Noreg (Bakken, 2024). Samanlikna med ungdom i andre europeiske land ligg Noreg lågt på alle indikatorar for bruk (sjå meir om dette her https://www.espad.org/espad-report-2024).
Totalt oppgav 8 prosent at dei hadde brukt cannabis nokon gong og 6 prosent at dei hadde brukt siste 12 månader. Av dei som i 2024-undersøkinga oppgav at dei hadde brukt cannabis siste 12 månader, rapporterte 43 prosent at dette dreidde seg om 1-2 gonger. Tre av ti oppgav at dei hadde brukt cannabis 3-9 gonger siste 12 månader, medan rundt ein firedel rapporterte cannabisbruk 10 gonger eller meir (sjå Bye og Moan, 2025 for detaljar).
Så godt som alle 15-16-åringar som oppgir bruk av cannabis oppgir også bruk av alkohol, og dei har ein mykje høgare drikkfrekvens og dessutan høgare frekvens av høgkonsumsituasjonar enn dei som ikkje bruker cannabis (Bye og Moan, 2025). Av dei som oppgav bruk av cannabis siste år, svarte over halvparten at dei hadde brukt alkohol og cannabis samtidig (55 % i 2024).
Kjønnsforskjellar
Det har gjennomgåande vore ein høgare del gutar enn jenter som oppgav å ha brukt cannabis både nokon gong, i løpet av siste 12 månader og i løpet av siste 30 dagar (Bye og Moan, 2025). I 2024 rapporterte 9 prosent av gutane og 7 prosent av jentene at dei hadde brukt cannabis dei siste 12 månadene. Dette samsvarer godt med resultat frå Ungdata 2024, der 10 prosent av gutane og 6 prosent av jentene på 10. trinn oppgav å ha brukt cannabis siste år (Bakken, 2024).
Andre illegale rusmiddel
Spørjeskjemaundersøkingar om bruk av rusmiddel blant ungdom viser generelt at andre stoff enn cannabis, som amfetamin, kokain o.l. er svært lite utbreidd. I 2024 oppgav om lag 2 prosent av ungdommane at dei hadde brukt amfetamin eller LSD nokon gong og om lag 3 prosent oppgav nokon gongs bruk av ecstasy eller kokain (Bye og Moan, 2025).
Internasjonal samanlikning
Kvart år publiserer EUs narkotikabyrå (EUDA) ein rapport om bruk av illegale rusmiddel i Europa. Som i Noreg, er cannabis det mest vanlege illegale rusmiddelet som blir brukt i Europa. I EUDAs rapport frå 2025 er det estimert at 8 prosent av befolkninga (15-64 år) i Europa hadde brukt cannabis i løpet av det siste året. Dette er høgare enn i Noreg der 6 prosent oppgav det same i 2025.
Blant 15-16 åringar i Noreg var det 8 prosent som oppgav nokon gongs bruk av cannabis, dette er noko lågare enn gjennomsnittet i Europa som var 12 prosent.
- Les meir om bruken av illegale rusmiddel blant 15-16 åringar i Noreg og Europa: Espad Report 2024
Som i Noreg, er det kokain som er det nest mest vanlege illegale rusmiddelet som er brukt i Europa (EUDA, 2025). EUDA skriv i narkotikarapporten sin i 2025 at effekten av kokainbruk på folkehelsa har vorte meir tydeleg dei siste åra (EUDA, 2025). Kokain er i dag den andre vanlegaste årsaka til at nokon søkjer behandling for rusproblem i spesialisthelsetenesta, og den mest vanlege årsaka til overdoseførespurnader hos prehospitale tenester (legevakt og akuttmedisinske avdelingar) i Europa. Det er også estimert at kokain utgjer omtrent ein firedel av overdosedødsfalla i Europa (EUDA, 2025).
Konsekvensar av illegal rusmiddelbruk
All rusmiddelbruk inneber ein risiko for negative konsekvensar både for individet og for den generelle befolkninga. Dette er uavhengig av om bruken er legal eller illegal. Negative konsekvensar av slik bruk kan samanfattast i fem hovudkategoriar : 1) overdosar, 2) andre skadar, 3) ikkje smittsame sjukdommar, 4) smittsame sjukdommar, og 5) psykiske plager (Babor, 2010). Risikoen for slike konsekvensar blir påverka av ei rekkje faktorar, som tilgjengelegheit, type rusmiddel som blir tekne inn, mengd, hyppigheit av bruk, inntaksmåte, der potent rusmiddelet er, om det blir teke fleire rusmiddel og/eller legemiddel samtidig, om den som tek rusmiddelet har psykiske og/eller fysiske helseplager og konteksten rusmiddelet blir brukt i (Babor, 2010).
Sjukdomsbyrda frå slik bruk blir berekna ut frå ein kombinasjon av tapte leveår som følgje av tidleg død og redusert helse. Les meir om sjukdomsbyrde i sykdomsbyrdekapittelet.
I tillegg til sjukdom, skade og tidleg død hos personar som bruker rusmiddel og samfunnskostnader knytte til dette, er tredjepartsskadar også konsekvensar det må takast omsyn til. Trafikkulykker, rusrelatert jobbfråvær, uprovosert vald, skadar på eigedelar, tjuveri, vald i nære relasjonar, og vanskelege oppvekstvilkår for barn er berre nokre døme på slike tredjepartskader (Mcgovern et al., 2023; Baheshmat et al., 2021; Daldegan-Bueno & Fisher et al., 2024; Henkel, 2011). Slike konsekvensar representerer store samfunnsmessige kostnader og understrekar viktigheita av førebyggjande tiltak i eit folkehelseperspektiv. Les meir om desse sjukdommane og skadane under kapitla Smittsomme sjukdommar og smittevern, Rusmiddellidelser, Skadar og ulykker, Vold og seksuelle overgrep og Sykdomsbyrde.
Overdosar er ein av fleire moglege negative konsekvensar av rusmiddelbruk. Ein overdose kan definerast som ein tilstand der inntak av eitt eller fleire rusmiddel og/eller vanedannande legemiddel fører til alvorleg svekking av respirasjon, sirkulasjon og/eller medvitsnivå, som i verste fall kan føra til død (Gjersing et al., 2025). Sidan 2016 har reseptbelagde opioid vore hovudårsaka til narkotikautløyste dødsfall (Helsedirektoratet, 2026), men det er som oftast kombinasjonsbruk av fleire rusmiddel og/eller legemiddel som fører til overdosen. I gjennomsnitt har dei som overdoserer innteke fire til fem ulike rusmiddel og legemiddel (Edvardsen et al., 2022; Kriikku et al., 2025). Risikoen for ein overdose aukar mellom anna med type rusmiddel, der potent rusmiddelet er, hyppigheit av bruk, mengd, bruk av sprøyter som inntaksmåte og bruk av fleire rusmiddel samtidig (Gjersing et al., 2025).
Dei fleste overdosar endar ikkje med død, men det finst per dags dato inga systematisk oversikt over desse. Helsedirektoratet har oppretta ei nettside (https://overdosefare.no) der personar kan melda inn ikkje-fatale overdosar, men denne gir ikkje ei komplett oversikt over omfanget av slike hendingar. Den beste oversikta som finst for omfanget av overdosar er derfor per dags dato FHIs statistikkbank for Dødsårsaksregisteret for narkotikautløyste dødsfall (), der talet på og ratar for narkotikautløyste dødsfall blir publiserte kvart år. I tillegg publiserer Helsedirektoratet meir utfyllande informasjon om desse dødsfalla som kan lesast her (Helsedirektoratet, 2026).
Folkehelsetiltak
På same måte som for alkohol, vil skadar og sjukdom som følgje av illegal rusmiddelbruk henga saman med talet på personar i ei befolkning som bruker rusmidla (Rossow, 2025). Å redusera talet på personar som bruker illegale rusmiddel, og å hindra at nokon byrjar med slik bruk er derfor nyttige mål for dei folkehelsetiltaka som blir gjennomførte. Samtidig viser erfaring at eit samfunn heilt utan illegal rusmiddelbruk ikkje er realistisk (Caulkins, 2025). Folkehelsetiltak bør derfor primært retta seg mot å redusera skadar, sjukdom og overdosar knytte til slik bruk. Korleis dette blir gjennomført avheng ikkje berre av kva folkehelsetiltak som har best dokumentert effekt, men også av den til kvar tid gjeldande ruspolitikk (Babor 2010). Ein måte å kategorisera folkehelsetiltaka for å redusera skadar, sjukdom og tidleg død som følgje av illegal rusmiddelbruk er med bruk av dei fire pilarane: 1) førebygging, 2) behandling, 3) skadereduksjon og 4) rettshandheving (Ritter & Mcdonald, 2008).
Typiske førebyggjande tiltak er informasjons- og haldningsskapande tiltak retta mot barn og unge. Likevel har dei vist seg å ha små eller ingen effekt på bruk av cannabis og andre illegal rusmiddel blant barn og unge (Jenkins et al., 2026; Tinner et al. 2022). Det betyr ikkje nødvendigvis at slike tiltak manglar verdi, men at dei ikkje reduserer eller forhindrar rusmiddelbruk. På den andre sida kan det vera indikasjonar på at skulebaserte tiltak med fokus på å handtera motgang og tilpassa seg utfordringar kan bidra til å redusera rusmiddelbruk blant unge (Chae & Kim, 2026). Dei mest effektive førebyggjande tiltaka for barn og unge retter seg mot familien, og har som mål om å sikra barn og unge tilfredsstillande oppvekstvilkår (UNODC, 2018; Villanueva-Biasco et al., 2024). Slike tiltak har vist effekt på tvers av ulike risikofaktorar og gir samtidig gevinstar utover rusmiddelbruk åleine.
Om rusmiddelbruken blir problematisk bør det vera god og enkel tilgang til behandling. Les meir om dette i kapittelet om Rusmiddellidingar. Behandlingstilbod som er tilgjengelege, lågterskel og tilpassa behovet til brukarane, er sentralt i ei heilskapleg folkehelsetilnærming.
Blant personar som bruker illegale rusmiddel, og som ikkje ønskjer å slutta å bruka desse rusmidla, har skadereduserande tiltak vist seg å ha god effekt i å redusera sjukdom, skada og tidleg død (Tonin et al., 2024). Skadereduserande tiltak som utdeling av injeksjonsutstyr, utdeling av og opplæring av alternative inntaksmåtar, utdeling av opioidmotgifta nalokson nasespray og opplæring i førstehjelp ved overdose, og dessutan brukarrom for bruk av illegale rusmiddel med helsepersonell til stades er tiltak som kan bidra til å redusera helseskadane ved illegal rusmiddelbruk (Tonin et al., 2024). Slike tiltak reduserer mellom anna risiko for blodborne infeksjonar, overdosar og akutte skadar hos personar som bruker rusmiddel. Testing av illegale rusmiddel er eit tiltak som kan sikra at personar ikkje får i seg uventa stoff, samtidig er dette eit tiltak som avheng av tilgjengeleg ressursar (Maghsoudi, 2021). Effekten av sistnemnde tiltak på eit folkehelsenivå er heller ikkje dokumentert, men det kan forhindra overdosar hos kvar enkelt som bruker slike rusmiddel.
Rettshandheving er den siste av dei fire pilarane som folkehelsetiltaka kan delast inn i. Eit døme på eit slikt tiltak er tilgangsavgrensing gjennom tollkontrollar og arrestasjonar av bakmenn, og dei som sel illegale rusmiddel i stor skala (Babor, 2010. Eit forbod mot sal og bruk av illegale rusmiddel fører ikkje til eit rusmiddelfritt samfunn, men det bidreg til å redusera tilgangen til rusmidla og å halda prisane høge (Caulkins 2025). Samtidig kan handheving av forbod også medføra negative konsekvensar, som meir uføreseielege marknader, auka styrkegrad i stoffa og auka risiko for skade ved bruk (Caulkins, 2025). Kostnadene ved slik rettshandheving bør derfor evaluerast fortløpande. Ei balansert tilnærming der alle fire pilarane inngår, og der tiltaka blir justerte etter kunnskap og behov, vil vera avgjerande for å redusera sjukdom, skade og overdosedødsfall som følgje av illegal rusmiddelbruk i befolkninga.
Datagrunnlag
Kapittelet baserer seg på data frå ei årleg spørjeundersøking i den generelle befolkninga om rusmiddelbruk som har vore gjennomført sidan 2012, og frå 2013 vart bruk av illegale rusmiddel inkludert. Folkehelseinstituttet (FHI) hadde ansvaret for undersøkinga inntil 2023, og frå 2024 vart ansvaret for undersøkinga overført til Helsedirektoratet. Det er Statistisk sentralbyrå (SSB) som gjennomfører undersøkingane. Dokumentasjonsrapportar for undersøkingane finst her.
Grunnlaget for resultata i kapittelet er 27960 respondentar i alderen 16-64 år mellom 2013 og 2025, og gjennomsnittleg svarprosent for alle åra er om lag 60 prosent. Alle resultat er vekta slik at fordelinga av alder, kjønn, utdanning og landsdel blir lik fordelinga i den generelle befolkninga. I 2024 endra SSB sin innsamlingsmetode ved at ein del av deltakarane svarte på web og ikkje på telefon som før. Ein kan ikkje utelukka at dette kan ha påverka svara noko for 2024-25, men det er ingen forskjell i andelane som oppgir bruk av ulovlege rusmiddel i gruppa som vart intervjua på telefon og gruppa som svarte på web. Spørjeundersøkingar, anten ein svarer på telefon eller web har generelle svakheiter, ved at dei som svarer kan underrapportera eigen bruk og ved at personar som bruker mykje rusmiddel er underrepresentert. Andelane som er oppgitt for illegal rusmiddelbruk i dette kapittelet er derfor sannsynlegvis lågare enn dei faktiske andelane i befolkninga.
Datagrunnlaget for illegal rusmiddelbruk blant ungdom er frå den europeiske skuleundersøkinga ESPAD, som har vorte gjennomført kvart fjerde år i perioden 1995-2024 (sjå https://www.espad.org/ for detaljar).