Arbeid og helse i Noreg
Sist endret
|Arbeid er ei kjelde til sosiale relasjonar, identitet, personleg vekst og økonomisk tryggleik. Difor kan arbeid vere helsefremjande. Men arbeid og arbeidsmiljø kan òg vere årsak til helsevanskar, blant anna gjennom skadar og eksponering for helseskadelege forhold i arbeidsmiljøet.
Hovudpunkt
- Arbeid er viktig for helsa fordi det gir tilgang til sosiale relasjonar, identitet, personleg vekst, økonomisk tryggleik og andre helsefremjande ressursar.
- Arbeid kan òg påverke helsa negativt gjennom skadar og eksponering for helseskadelege forhold i arbeidsmiljøet.
- Arbeidslivet er under endring (teknologi/KI, klima og demografi), noko som kan endre både arbeidsoppgåver og arbeidsmiljøeksponeringar av betydning for folkehelsa.
- I Noreg er om lag sju av ti vaksne i arbeidsstyrken. Sysselsettinga er relativt høg i internasjonal samanlikning, men sjukefråværet er òg relativt høgt.
- Flest langvarige sjukemeldingar og trygdestønader er knytte til muskel- og skjelettlidingar og psykiske lidingar. I tenester der sjukefråværet knytt til slike lidingar er høgt, til dømes i delar av helse- og omsorgstenestene og i barnehagesektoren, er arbeidsbelastningane som kan auke risikoen for slike plager og lidingar, ofte også store.
- Effektiv førebygging og redusert fråfall krev både kunnskap om konkrete arbeidsmiljøutfordringar i bransjar eller yrke, og gode tiltak for dei som får helsevanskar som påverkar arbeidsevna.
Om arbeid og helse
Arbeid og helse heng tett saman. Dei forholda ved helse som kjem av positiv eller negativ påverking i arbeidsforhold kallar vi arbeidshelse, og den er ein viktig del av den totale folkehelsa. For dei fleste vaksne er arbeid ein viktig del av livet. Dei som er i arbeid, har i gjennomsnitt betre helse enn dei som står utanfor arbeidslivet. Dette skuldast både at sviktande helse fører folk ut av arbeidslivet, at dei med større helsevanskar møte fleire hindringar på veg inn i arbeidslivet, og at forhold knytt til det å vere i arbeid er helsefremjande.
Dette kapittelet presenterer i store trekk forholdet mellom arbeid og helse i Noreg ved å fokusere på dei mest sentrale indikatorane knytt til arbeid: sysselsetjing, sjukefråvær, uføretrygd og arbeidsløyse.
Meir spesifikt skildrast status, utvikling og samanheng med viktige demografiske kjenneteikn. Avslutningsvis blir arbeid si rolle for helse forklart i noko meir detalj. Arbeid og helse er eit stort og komplekst forskingsfelt som er utfordrande å dekke. Vi har derfor valt å halde denne teksten på eit overordna nivå.
For informasjon om samanheng mellom arbeid og helse for spesifikke sjukdommar viser vi til andre kapittel i Folkehelserapporten, til dømes muskel- og skjeletthelse, langvarig smerte, alkohol og andre rusmiddel og psykiske plager og lidingar hos vaksne.
Arbeidslivet i Noreg i dag
I Noreg er det brei semje om at deltaking i arbeidslivet skal vere mogeleg for så mange vaksne som mogeleg (Dahl et al., 2014). Det er også brei semje om at auka sysselsetting og lågare utgifter til sjukepengar og uføretrygd vil vere nødvendig for å sikra eit berekraftig velferdssamfunn i åra framover (Perspektivmeldingen, 2024).
Dei fleste vaksne er registrerte i den såkalla arbeidsstyrken. Arbeidsstyrken består av alle sysselsette og arbeidsledige personar i aldersgruppa 15–74 år (tal og definisjon ved Statistisk sentralbyrå). Desse kan ha kortare og lengre periodar utanfor arbeidslivet, til dømes på grunn av oppseiingar og helsevanskar.
Ved utgangen av 2025 vart 72,7 prosent av befolkninga (15-74 år) i Noreg rekna som del av arbeidsstyrken. Desse fordelte seg på 2 905 000 sysselsette og 137 000 arbeidsledige (SSB, 2025a).
Om lag 83 prosent av dei sysselsette indikerer at dei er ganske eller svært fornøgde med jobben. (Levekårsundersøkinga om arbeidsmiljø (SSB, 2023). Arbeidslivet er og vil bli meir prega av endringar enn tidlegare, med globalisering og endringar i teknologi, klima og demografi som dei største drivarane (STAMI, 2024). Globalisering kjem òg til uttrykk gjennom arbeidsinnvandring og fleire ikkje-busette lønnstakarar på korttidsopphald i delar av arbeidsmarknaden, noko som kan påverke organisering og merksemd om lønns- og arbeidsvilkår. Digitaliseringa, inkludert auka bruk av kunstig intelligens, automatisering og nye digitale verktøy, kan endre arbeidsoppgåver, kompetansebehov og organisering, og stiller større krav til læring og omstilling. Klima påverkar arbeidslivet særleg gjennom «det grøne skiftet»: omstilling til meir miljøvennlege løysingar gir endringar i aktivitetar og kompetansebehov i mange næringar, og kan òg innebere nye typar arbeidsmiljøeksponeringar der kunnskapen enno er avgrensa. Demografiske endringar, som auka levealder og ein større del eldre i befolkninga, ligg bak politiske mål om at fleire skal stå lenger i arbeid; pensjonsreforma har òg gjort det mogleg å kombinere tidlegare pensjonsuttak med vidare arbeid. Det er framleis mykje usikkerheit rundt korleis dette konkret vil påverke arbeidslivet (STAMI, 2024).
Pandemien har verka som ein katalysator for nokre endringar i arbeidslivet, særleg når det gjeld digital samhandling og etablering av heimen som ein meir varig arbeidsarena for delar av arbeidsstyrken. Heimearbeid kan gi fordeler som auka fleksibilitet og betre moglegheit til å jobbe uforstyrra. Samtidig kan det òg skape utfordringar knytt til kommunikasjon og tilhøyrsle, grensegang mellom arbeid og fritid/tilgjenge utanom arbeidstid, samt ergonomi dersom arbeidsplassen heime ikkje er godt tilrettelagd (STAMI, 2024). For eit arbeidsliv i endring er det viktig å bevara dei helsefremjande aspekta ved arbeidslivet, samtidig som ein er merksame på etablerte og nye risikoforhold.
Sysselsetting i Noreg og internasjonalt
For å setje arbeidsdeltakinga i Noreg i perspektiv, kan ho samanliknast med status og utviklinga i andre land. Sysselsettinga i Noreg er høg samanlikna med OECD-gjennomsnittet (sjå figur 1). Etter ein gradvis nedgang før pandemien tok sysselsettingsraten i Noreg seg opp i 2021–2022 og har sidan vore nokså stabil. Det høge og aukande sjukefråværet og omfanget av uføreordningar er ifølgje OECD ein viktig kanal ut av arbeidsmarknaden, og dei peikar på at «generøse» ytingar og relativt lette inngangsvilkår kan svekkje arbeidstilbodet og arbeidsdeltakinga (OECD, 2024).
Sysselsetting i Noreg
Sysselsettingsraten er målt i personar og justerer ikkje for deltidsarbeid. For å belyse arbeidsomfang kan ein òg sjå på årsverk/heiltidsekvivalentar eller på fordelinga mellom heiltids- og deltidsarbeid. Ifølgje OECD sine harmoniserte definisjonar var delen heiltidssysselsette blant dei sysselsette i Noreg 81,3 prosent i 2025, mot 84,9 prosent i OECD-snittet. Forskjellen er dermed relativt liten, og vil i dette eksempelet isolert sett truleg berre gi eit avgrensa utslag på tolkinga av sysselsettingsraten. Likevel illustrerer tala at sysselsetting målt i personar ikkje fullt ut fangar arbeidsomfanget.
Sjukefråvær og uføretrygd
Til ei kvar tid er det ein del av arbeidsstyrken som ikkje er i arbeid grunna helsevanskar. Ein del er borte frå arbeid grunna kortvarig eller langvarig sjukdom eller funksjonsnedsettingar. I tillegg står uføretrygda utanfor arbeidsstyrken. Nokre av desse har blitt uføretrygda utan å ha vore i arbeid. For dei som er i arbeidslivet, går vegen til uføretrygd som oftast via langtidssjukmelding og arbeidsavklåringspengar (AAP). NAV si AAP-statistikk viser at 64,6 prosent av dei som starta på AAP i 2024 hadde fått sjukepengar i forkant, noko som ofte skjer når sjukepengeperioden (om lag eitt år) er brukt opp. For dei som sluttar på AAP, er uføretrygd det vanlegaste utfallet: Av dei som gjekk ut av AAP i 1. kvartal 2024 fekk litt over 48 prosent uføretrygd seks månader seinare (NAV, 2025a).
- Det ujusterte legemeldte sjukefråværet var 4,8 prosent, mens det sesongjusterte sjukefråværet var 5,5 prosent i 3. kvartal i 2025 (NAV, 2026).
- Ved utgangen av september 2025 var 374 800 personar mottakarar av uføretrygd, noko som svarer til 10,5 prosent av befolkninga i alderen 18-67 år (NAV, 2025b).
Årsaker til fråvær
Grunnane til at folk ikkje er i arbeid, er mange og samansette:
- Arbeidsinnhald og -miljø påverkar helse og motivasjon. Kjemiske, fysiske, ergonomiske og psykososiale eksponeringar aukar risiko for sjukdom og funksjonsnedsettingar og dermed også potensiale for sjukefråvær.
- Funksjonsevne, kompetanse og dei krava som jobben stiller, har betydning for om den enkelte kan utføre arbeidet.
- Teknologiutvikling og organisasjonsformer påverkar arbeidsinnhald og krav til kompetanse.
- Økonomiske konjunkturar og andre endringar påverkar næringsstruktur, sysselsetting og kor mange som blir sjukmelde og uføretrygda. Oppdaterte tal på sistnemnte finn ein hos SSB og NAV.
Flest langvarige sjukmeldingar (>16 dagar) vert klassifiserte etter sjukmeldingsdiagnose muskel- og skjelettlidingar og lettare psykiske lidingar som angst og depresjon (OECD, 2024). Yrka med høgast del langvarige sjukmeldingar med muskel- og skjelettlidingar som sjukmeldingsdiagnose er reinhaldarar, helsefagarbeidarar og lastebilsjåførar. For psykiske diagnosar er delen langvarige sjukmeldingar høgast i yrker i helse- og omsorgssektoren (STAMI, 2024). I STAMI blir «tilskrivbar del» ofte brukt om populasjons-tilskriven risiko (PAR), og studiar anslår at om lag 25 % av alle sjukefråværstilfelle kan tilskrivast mekaniske arbeidsmiljøeksponeringar og om lag 15 % psykososiale forhold, noko som peikar på førebyggingspotensial. Det generelt høge sjukefråværet og diagnosefordelinga samsvarar med arbeidstilhøve ein ofte finn i delar av helse- og omsorgstenestene og i barnehagesektoren. Dette inkluderer belastningar frå både mekaniske forhold (t.d. flytting/løft), psykososiale forhold (t.d. emosjonelle krav), og for nokre yrkesgrupper også risiko for vald og truslar (STAMI, 2024).
Utvikling over tid i sjukefråvær og uføre
Delen som er i arbeid, talet på sjukmelde og delen som får uføretrygd, varierer over tid. Figur 2 viser ujustert legemeldt sjukefråværet for perioden 3. kvartal 2002 til 3. kvartal 2025.
Sjukefråvær over tid
Brå endringar har i hovudsak samanheng med strukturelle endringar, som konjunkturendringar, tilgang på arbeid og endringar i regelverket rundt sjukefråvær og uføretrygd. For eksempel skuldast nedgangen som blei observert etter 2004 (delvis) innstrammingane i regelverket frå 1. juli 2004 (Helde, 2008). Den relativt kraftige auken etter 2019 kan i stor grad tilskrivast koronapandemien, både direkte og indirekte, til dømes gjennom smitte, karantenereglar/smittevern, endringar i regelverk knytt til sjukepengar og situasjonen i arbeidsmarknaden (STAMI, 2024). STAMI peikar òg på at auken under pandemien i all hovudsak skuldast auka varigheit av fråværa, ikkje fleire fråværstilfelle. Etter pandemien tok det tid før nivået gjekk ned igjen. STAMI viser til at det er vanskeleg å peike på éi årsak til dette, men nemner mellom anna seinfølgjer av covid-19, og at det særleg er lange sjukefråvær knytte til psykiske symptom og plager (spesielt blant personar under 40 år) som har drive auken.
Samtidig viser NAV sine ferskaste tal (3. kvartal 2025) at det legemeldte sjukefråværet no er betydeleg lågare enn i same kvartal i 2024. Det sjåast ein nedgang knytt til dei fleste diagnosegrupper, særleg det som er tilskrive luftvegssjukdommar, samt eit fall i sjukefråvær knytt til psykiske lidingar og muskel- og skjelettlidingar (NAV, 2026).
Figur 3 viser nye tilfelle av uføre etter kjønn i perioden 2012-2024.
Nye uføre
Også her er det strukturelle faktorar som heng saman med toppen i 2014 og auken i 2018 og 2019. Toppen i 2014 kan forklarast med at mange hadde nådd maksimaltida til stønaden arbeidsavklaringspengar (AAP), som blei innført i 2010 og på den tida varte 4 år. Maksimaltida for AAP vart endra til tre år frå 1. januar 2018, som er med å forklare auken i 2018 og 2019 (STAMI, 2024).
STAMI peikar på at talet på nye uføre har avteke dei siste åra: I 2018 og 2019 var det ein topp med til saman i underkant av 37 000 nye uføre årleg, medan det i 2023 var om lag 26 900 nye uføre (om lag 10 000 færre). Nedgangen blir delvis forklart av midlertidige regelendringar som gav forlenging av maksimal varigheit på AAP i perioden 2020–2022, og delvis av at avklaringar av AAP-mottakarar blei forseinka under pandemien, med effektar som også påverka overgangen til uføretrygd i 2023 (STAMI, 2024). Figuren viser samstundes ein auke i talet på nye uføre i 2024 samanlikna med 2023, men nivået ligg framleis klart under toppåra 2018–2019. Auken i 2024 kan delvis henge saman med at fleire gjekk ut av AAP, og at ein noko større del av dei som gjekk ut i 2024 fekk uføretrygd seks månader etter avgang enn året før (NAV, 2025a).
Skilnadar i befolkninga
Alder
Sjukefråværet stig med aukande alder for menn, med unntak av den eldste aldersgruppa (65-69 år). Blant kvinner er sjukefråværet derimot litt høgare mellom 30 og 40 år enn mellom 40 og 50 år. Det siste heng mellom anna saman med svangerskapsrelatert sjukefråvær (NAV, 2019; STAMI, 2024).
Kjønn
Kvinner har høgare sjukefråvær enn menn, og fleire kvinner enn menn er uføre. Kjønnsskilnaden i sjukefråvær og uføre er stabil over tid (sjå figur 2 og 3). Menn og kvinner følgjer i hovudsak dei same svingingane i sjukefråværet.
Menn og kvinner er ulike, både når det gjeld arbeidseksponeringar og helse. Muskel- og skjelettlidingar, samt psykiske lidingar som angst og depresjon, rapporterast hyppigare blant kvinner enn blant menn (STAMI, 2024). Desse diagnosegruppene står samstundes for eit stort omfang tapte dagsverk som følgje av sjukefråvær, og kjønnsskilnadene varierer mellom diagnosegruppene (sjå figur 4). Psykiske lidingar står for fleire tapte dagsverk som følgje av sjukefråvær blant kvinner enn blant menn, medan muskel- og skjelettlidingar utgjer eit stort omfang for begge kjønn (STAMI, 2024).
Tapte dagsverk etter diagnose
Det er utilstrekkeleg kunnskap om kva som kan forklare skilnadane i sjukefråvær og uføre mellom menn og kvinner, og kva som kan vere effektive tiltak for å redusere skilnaden (FHI, 2013). I alderen 20-39 år kan kjønnsforskjellen i sjukefråværet delvis forklarast av svangerskapsrelaterte lidingar (NAV, 2019). Både i Noreg og i andre land i Europa er det store skilnader når det gjeld yrkestilhøve for menn og kvinner, som til dømes kan ha utslag for tilsetjingsvilkår og fordeling av eksponeringar i arbeid. Arbeidsmarknaden er samstundes i stor grad kjønnsdelt, og kvinner og menn har ulike mønster i deltid og i kombinasjonen av yrkesarbeid og omsorgsoppgåver, særleg i småbarnsfasen (NOU 2025: 5, 2025). Desse mønstera kan vere påverka av fleire forhold, mellom anna utdanning og rekruttering, arbeidstidsordningar og omsorgsansvar, samt normer og individuelle preferansar/interesser. Slike forhold kan vere med på å påverke helse og fråvær, og i nokre tilfelle bidra til ein samla belastning over tid. Forskingsgrunnlaget peikar samstundes på at kjønnsforskjellar i sjukefråvær ikkje fullt ut blir forklart med biologiske forhold, kombinasjonen arbeid–omsorg, sosiokulturelle forhold (t.d. normer/praksis rundt sjukmelding) og forskjellar i arbeidsmiljøbelastningar (Laaksonen et al., 2010; Mastekaasa, 2012; NOU 2025: 5, 2025). STAMI viser samstundes at dei høgaste nivåa av langtidsfråvær ofte finst i yrke/næringar knytt til barnehage og helse-/omsorg, som òg har høg del kvinner (STAMI, 2024). Det er derfor behov for meir kunnskap om korleis arbeid, organisering og rammer for arbeid–familiebalanse verkar saman i ulike bransjar (NOU 2025: 5, 2025).
Sosioøkonomiske skilnadar
Det er sosioøkonomiske skilnader i sjukefråvær og uføretrygd:
- Uføretrygd på grunn av muskel- og skjelettlidingar er til dømes langt vanlegare blant lågt utdanna enn høgt utdanna (Bruusgaard et al., 2010). Skilnaden kan dels forklarast med at risikofaktorar for sjukefråvær og uføretrygd er hyppigare i jobbar med lågare løn og låge krav til utdanning (Falkstedt et al., 2014). Dette gjeld til dømes hardt fysisk arbeid, tunge løft med vriding av ryggen, krevjande arbeidsstillingar, heilkroppsvibrasjonar, monotont arbeid, lite kontroll over arbeidsoppgåvene og lite fleksibilitet i arbeidstida (Foss et al., 2011; Haukenes et al., 2011; Sterud & Tynes, 2013).
- Mekaniske og psykososiale arbeidsmiljøfaktorar forklarte meir enn 40 prosent av skilnaden i langtidssjukefråværet mellom høgt og lågt utdanna arbeidstakarar, viser ei tidlegare norsk studie (Sterud & Johannessen, 2014).
- På arbeidsplassar med lågare krav til utdanning vil det oftare vere vanskeleg å tilpasse arbeidssituasjonen til helsevanskar (Johansson & Lundberg, 2009).
- Arbeidstakarar med lågare utdanning kan òg ha større vanskar med å finne nytt arbeid dersom helsevanskar krev eit skifte av arbeidsoppgåver.
Arbeidsløyse og utanforskap
Noreg har pr desember 2025 ei arbeidsløyse på 4,5 prosent av arbeidsstyrken (SSB, 2025b). Sjå figur 5 for utviklinga i arbeidsløyse dei siste 15 åra for menn og kvinner. Arbeidsløyse og permitteringer varierer med konjunkturane. Pandemien gav ein brå auke i arbeidsløyse frå våren 2020, før ledigheita gradvis gjekk ned igjen. Auken råka særleg enkelte næringar (m.a. overnatting/servering og delar av transport og tenesteyting), og mange av dei som mista jobben i desse næringane var unge arbeidstakarar og personar med lågare utdanningsnivå (STAMI, 2024).
Arbeidsløyse i Noreg
Eit nærståande mål for tilknyting til arbeidslivet blant unge er NEET, som er ei internasjonal forkorting for «not in employment, education or training», altså unge som verken er i arbeid, utdanning eller opplæring/arbeidsmarknadstiltak. I statistikken blir omgrepet oftast brukt om aldersgruppa 15–29 år. Registertala til Statistisk sentralbyrå viser at det i 2024 var 102 973 personar (9,9 %) i alderen 15–29 år som var NEET (SSB, 2024). SSB peikar òg på at NEET-delen kan vere høgare i registerstatistikken enn i Arbeidskraftundersøkinga (AKU), fordi register ikkje fangar opp all aktivitet i arbeid/utdanning/opplæring. Til samanlikning mellom europeiske land blir derfor AKU-tala brukte. Noreg ligg lågt i europeisk samanheng når det gjeld NEET-delen blant unge. NEET-gruppa kan oppleve utanforskap, og SSB viser til at unge NEET i Noreg har langt høgare sannsyn for depressive kjensler og dårleg helse enn andre unge. NEET er oftare utbreidd blant innvandrarar enn i resten av befolkninga, mellom anna fordi fleire står utanfor både arbeid og formell utdanning dei første åra i Noreg, og fordi språk og utdanningsnivå kan vere barrierar (SSB, 2024).
Samanhengen mellom arbeid og helse
Arbeid gir først og fremst økonomisk tryggleik. Når arbeidsmiljøet er tilfredsstillande, kan også arbeidet i seg sjølv vere positivt for helsa. Arbeid er for mange ei viktig kjelde til helsefremjande sosiale relasjonar og personleg vekst (Dahl et al., 2014). Arbeid strukturerer også kvardagen, gir ei kjensle av meining og er ein viktig del av den sosiale identiteten for mange (Dahl et al., 2014).
Det å falla utanfor arbeidslivet kan påverka helsa på ulike måtar. Det er klare indikasjonar på at tap av arbeid gir dårlegare psykisk helse (Gathergood, 2013), mens retur til arbeid påverkar den psykiske helsa i positiv retning (van der Noordt et al., 2014). Ei rekke studiar har vist at jobbtap heng saman med auke i blant anna psykiske plagar og dødelegheit (Eliason & Storrie, 2005; Farré et al., 2018), mens helsa kan bli betre når ein kjem tilbake i arbeid igjen (McKee-Ryan et al., 2005; Murphy & Athanasou, 1999; Paul & Moser, 2009; Reneflot & Evensen, 2014).
Vanskane som er knytt til arbeidsløyse heng saman med kor lenge arbeidsløysa har vart. Gode velferdsordningar er eit sikkerheitsnett som reduserer risikoen for at arbeidsløysa skal forringa den psykisk helsa (Ferrarini et al., 2014). Men biletet er samansett: det er også vist at overgangen frå arbeidsløyse til jobb heng saman med forverra psykisk helse, dersom arbeidsmiljøet er ugunstig (Butterworth et al., 2011).
Arbeid og helserisiko
Arbeidsplassen kan også vere ei kjelde til skadar, sjukdom og helsevanskar. Mange av desse faktorane har samanheng med eksponeringar i arbeid, som også forklarar auka risiko for sjukefråvær og uføretrygd (Foss et al., 2011; Labriola et al., 2009; Stattin & Jarvholm, 2005; Sterud, 2013; Sterud & Johannessen, 2014; Wang et al., 2014; Aagestad et al., 2014). STAMI har tidlegare identifisert arbeidsmiljøfaktorar som bidrar til sjukefråvær og uføre (Knardahl et al., 2017; Knardahl et al., 2016).
Eksponeringar i arbeidslivet kan auke risikoen for sjukdom og uføretrygd (STAMI, 2024):
- Psykososiale arbeidsmiljøfaktorar som tidspress, rollekonfliktar, og låg jobbkontroll gir høgare risiko for muskel- og skjelettlidingar (Christensen & Knardahl, 2010, 2012; Hauke et al., 2011; Lang et al., 2012), medan opplevd rollekonflikt, høge emosjonelle krav, låg mogelegheit til sjølv å ta avgjerder, mobbing/trakassering og jobbusikkerheit gir høgare risiko for psykiske plager (Finne et al., 2014; Johannessen et al., 2013).
- Fleire studiar viser at psykososiale og organisatoriske forhold på arbeidsplassen heng saman med den psykiske helsa hos arbeidstakarane (Finne et al., 2014; Johannessen et al., 2013; Stansfeld & Candy, 2006).
- Organisatoriske faktorar som skiftarbeid, manglande opplæring og midlertidige arbeidskontraktar er knytt til auka risiko for arbeidsrelaterte skadar (Sterud, 2014).
- Tungt fysisk arbeid og uheldige arbeidsstillingar aukar risiko for muskel- og skjelettlidingar (Veiersted et al., 2017).
- Vibrasjonar aukar risiko for kronisk skade på nervar, blodårer, musklar og ledd (Veiersted et al., 2017). Støy er først og fremst ein risikofaktor for nedsett høyrsel (STAMI, 2024), men er også assosiert med auka risiko for hjarte- og karsjukdom (Skogstad et al., 2016) og demens (Livingston et al., 2020).
- Inhalering av støv, røyk, gass og damp, hudkontakt med kjemikaliar og andre kjemiske arbeidsmiljøfaktorar aukar risikoen for kols og andre luftvegssjukdommar, kreft, hjarte- og karsjukdom og hudsjukdommar (STAMI, 2024).
I tillegg kan ein vere utsett for skade som følgje av ulykker som skjer på arbeidsplassen, spesielt i næringane jord-/skogbruk og fiske, transport/lagring, bygg/anlegg og industri. Dette rammar ofte unge arbeidstakarar og kan få store konsekvensar for livsløpet deira. Talet på registrerte arbeidsulykker med personskade har i perioden 2014–2022 lege om lag mellom 20 000 og 24 000 årleg, med ein lett nedgåande tendens (STAMI, 2024). For arbeidsulykker med dødsfall er den langsiktige utviklinga nedgåande, men tala varierer frå år til år; dei siste ti åra har nivået typisk lege om lag mellom 30 og 40 dødsfall årleg. Risikoen målt per arbeidstime har òg gått noko ned i den siste treårsperioden (2021–2023) samanlikna med perioden før (STAMI, 2024). Ei gjennomgang av hendingane tyder på at det framleis er potensiale for å førebygge ulykker i arbeidslivet (Arbeidstilsynet, 2021). Det er truleg også eit stort potensial for å redusere arbeidsrelaterte sjukdommar, som kjem i tillegg til arbeidsrelaterte skadar og -dødsfall (European Commission, 2014), blant anna gjennom betre bruk av bedriftshelsetenester (Oslo Economics, 2018). Internasjonale berekningar for 2019 indikerer at arbeidsrelaterte dødsfall langt oftare skuldast sjukdom enn ulykker (2,58 millionar dødsfall frå sjukdom mot 0,32 millionar frå skadar/ulukker globalt) (Takala et al., 2024). Kreftsjukdommar er den viktigaste årsaka til yrkesrelatert død, og STAMI anslår at om lag 1000 årlege krefttilfelle i Noreg er knytte til eksponering i yrket (ofte etter eksponering fleire tiår tilbake) (STAMI, 2024). Les også: Skader og ulykker.
Arbeidslivet som arena for førebyggande folkehelsearbeid
Sidan fleirtalet av vaksne i Noreg er i arbeid, er arbeidsstaden ein viktig arena for helsefremjande og førebyggande arbeid, både gjennom sosial påverknad og gjennom arbeidsgjevar sitt systematiske HMS-arbeid. Folkehelsemeldinga understrekar at arbeidslivet og arbeidsplassen er ein sentral arena for førebygging, og peikar på potensialet for gjensidig gevinst for både arbeidshelse og folkehelse når arbeids- og helsesektoren samarbeider (Folkehelsemeldinga, 2022). Arbeidsplassen har også fått ein tydelegare plass i IA-arbeidet, der innsats på arbeidsplassen vektleggast, og dette vidareførast i IA-avtalen 2025–2028.
Det er relativt lite kunnskap om korleis dei ulike verksemdene i Noreg faktisk jobbar med det forebyggande arbeidet, men ei europeisk bedriftsundersøking frå 2019 viste at dei mest brukte arbeidsmiljøtiltaka i Noreg var å gi arbeidstakarane høve til å ta avgjerder om korleis jobben skal utførast (auka jobbkontroll), bruk av redusert arbeidstid for personar med helseproblem, og å skaffe utstyr for å redusere tungt arbeid/uheldige arbeidsstillingar (STAMI, 2024). Samstundes er det eit forbetringspotensiale i det systematiske HMS-arbeidet: undersøkingar tyder på at mange verksemder ikkje gjennomfører kartlegging og risikovurderingar systematisk i tråd med alle krava i forskrift (STAMI, 2024). Det vil seie å identifisere forhold som kan gi skade eller uhelse, vurdere sannsyn og konsekvens, og setje inn og følgje opp tiltak. Gitt omfanget av arbeidsrelaterte plager, sjukdom og fråfall kan forbetringstiltak retta mot ei betre arbeidshelse også ha betydning for folkehelsa.
Tiltak for å sikre høg arbeidsdeltaking og låg uføretrygding
Det er grunn til å tru at låg arbeidsløyse, høg yrkesdeltaking og redusert risiko for arbeidsrelaterte skader/sjukdommar i arbeidsmiljøet er med på å fremje folkehelsa. I tillegg kan helsefremjande og førebyggande arbeid på arbeidsplassen ha ein eigenverdi ved å styrke trivsel, meistring og sosialt fellesskap, og slik bidra til betre livskvalitet i befolkninga (STAMI, 2024).
Det blir gjort ein kontinuerleg innsats for å identifisere helserisiko på arbeidsplassane, gjennom både rådgjeving og tilsyn frå Arbeidstilsynet. Arbeidsmiljølova lovfestar dette arbeidet, og både arbeidsgjevarar, arbeidstakarar, bedriftshelseteneste og tilsynsmyndigheiter er forplikta til å bidra.
Det er ikkje eit eintydig forhold mellom helsevanskar og arbeidsdeltaking. Faktorar knytt både til helse og arbeid betyr noko for om ein arbeidstakar med helseproblem kan halde fram i arbeid eller ikkje. STAMI viser til at låg kontroll over eigen arbeidssituasjon er den arbeidsrelaterte faktoren som gir sterkast haldepunkt for auka risiko for uføretrygd, særleg når ho er kombinert med høge krav (STAMI, 2024).
Kunnskap om kva konkrete arbeidsmiljøutfordringar ein står overfor i spesifikke yrke, bransjar eller næringar ligg til grunn for effektive førebyggande aktivitetar. Det er stadig behov for å utvikle meir og betre kunnskap om både førebyggande tiltak og risikofaktorar for sjukefråvær og uførheit (Nigatu et al., 2016; Odeen et al., 2013), og korleis vi i praksis betre kan førebygge utvikling av helsevanskar på arbeidsplassen (van Vilsteren et al., 2015).
Utover det primærførebyggande arbeidet med reduksjon av eksponeringar for helseskadelege arbeidsmiljøforhold, trengst det også gode og effektive tiltak for dei som utviklar helseplager og sjukdom og får vanskar med arbeidsdeltaking. For muskel- og skjelettplager og psykiske lidingar/plager kan dette til dømes vere tidleg og tett oppfølging med vekt på funksjon og raskare tilbakeføring, gjerne kombinert med arbeidsplassnær tilrettelegging og gradert arbeid, i tett dialog med arbeidsgivar tidleg i sjukmeldingsperioden (STAMI, 2024). For psykiske lidingar/plager kan i tillegg kommunale lågterskeltilbod som Rask psykisk helsehjelp vere viktige, særleg når dei gir rask tilgang til hjelp og kan kombinerast med arbeidsretta oppfølging (Knapstad et al., 2020; Smith et al., 2025). Det kan òg vere aktuelt med Senter for jobbmestring, som tilbyr arbeidsretta oppfølging for personar med angst og depresjon for å støtte tilbakeføring til arbeid eller det å stå i jobb (Reme et al., 2015). For personar med meir omfattande psykiske lidingar kan individuell jobbstøtte (IPS) vere aktuelt, der målet er raskast mogleg overgang til ordinært arbeid med tett oppfølging (Reme et al., 2019), ikkje minst for unge vaksne som står i risiko for tidleg arbeidsuførheit (Sveinsdottir et al., 2020).
Datagrunnlag
Den deskriptive statistikken i dette kapittelet er hovudsakeleg basert på dei offentlege registera frå SSB og NAV. Internasjonale data på arbeidsdeltaking er basert på OECD- databasen. Kvaliteten i desse registra er generelt rekna for å vere svært god.