Hopp til innhold

Få varsel ved oppdateringer av «Folkehelseundersøkinga i Møre og Romsdal 2021»

Hvor ofte ønsker du å motta varsler fra fhi.no? (Gjelder alle dine varsler)
Ønsker du også varsler om:

E-postadressen du registrerer her vil kun bli brukt til å sende ut nyhetsvarsler du har bedt om. Du kan når som helst avslutte dine varsler og slette din e-post adresse ved å følge lenken i varslene du mottar.
Les mer om personvern på fhi.no

Du har meldt deg på nyhetsvarsel for:

  • Folkehelseundersøkinga i Møre og Romsdal 2021

Rapport

Folkehelseundersøkinga i Møre og Romsdal 2021

Publisert Oppdatert

I denne rapporten presenterast bakgrunn, metode og gjennomføring av Folkehelseundersøkinga i Møre og Romsdal 2021 og ein del utvalde resultat.

I denne rapporten presenterast bakgrunn, metode og gjennomføring av Folkehelseundersøkinga i Møre og Romsdal 2021 og ein del utvalde resultat.


Om rapporten

  • Utgitt: 2021
  • Av: Folkehelseinstituttet
  • Forfattere: Knapstad M, Nilsen TS, Aarø LE, Schønning A, Nes, RB, Skogen JC .
  • ISBN elektronisk: 978-82-8406-235-8

Sammendrag

Korrigert utgåve, august 2021:

Dette er ein korrigert versjon av rapporten. Førre versjon, datert 23. april 2021, innehaldt ein beklageleg i feil prosentdelar for høvesvis «Korsryggsmerter siste 28 dagar» og «Nakkesmerter siste 28 dagar». Rapporterte tal for nakkesmerter viste tal for korsryggsmerter og motsett. Rettingar er gjort i kap. 3.52 og 3.53, med tilhøyrande omtale av tal i samandrag og gjennomgang av funn (kap. 4.1.10).

I denne rapporten presenterast bakgrunn, metode og gjennomføring av Folkehelseundersøkinga i Møre og Romsdal 2021 og ein del utvalde resultat.

Områda som blir dekka i denne rapporten inkluderer blant anna tilgjenge til tenester og fasilitetar, helserelatert åtferd, sjølvrapportert helsetilstand, ulukker, nedsett funksjons­nivå, ulike aspekt ved sosialt miljø og nærmiljø, psykiske plager og aspekt av livs­kvalitet og ulønt omsorgsarbeid. Vi analyserer slike forhold på tvers av kjønn, alder, utdanning og regionar innan fylket. Vi presenterer også resultat for Møre og Romsdal samla sett og samanliknar med dei fylka som tidlegare har gjennomført undersøkinga. Spørjeskjemaet som blei brukt i Møre og Romsdal er basert på ein revidert versjon av kjernemodulen, som låg klar 4. januar 2021. Datainnsamlinga blei gjennomført av Folkehelseinstituttet på vegne av Møre og Romsdal fylkeskommune i perioden 1. til 14. februar 2021.

Vi diskuterer også ulike atterhald knytt til representativitet og fråfall. Desse atterhalda må ein ta høgde for når ein skal vurdere funna som blir presenterte i rapporten.

Dei presenterte resultata gir berre eit første, nokså beskrivande bilete av det som ligg av informasjon i dette datamaterialet. Anonymiserte data vil bli gjort tilgjengelege for Møre og Romsdal fylkeskommune og andre, mens aktuelle forskingsmiljø kan søke om utvida tilgjenge til datamaterialet frå undersøkinga. Kommunane får ein separat rapport med eigne tabellar som viser lokale resultat.

Utvalet som blei invitert til å vere med var vaksne frå 18 år og oppover. Kor stor prosentdel av den vaksne befolkninga som blei trekt ut i kvar kommune varierte. Dette for å sikre eit større tal på deltakarar der folketalet var lågt. Det blei gitt påminningar to gangar. Av alle som blei inviterte til å delta i undersøkinga, var det 45,8 % som svarte på skjemaet.

Blant dei 24 967 som svarte var 52,7 % kvinner. Gjennomsnittsalderen var 50,3 år. Fire av ti (40,2 %) oppgav at dei hadde fullført utdanning frå høgskule eller universitet (vekta tal). Personar med utdanning frå høgskule eller universitet er sannsynlegvis overrepresenterte blant dei som deltok i undersøkinga. Vi har også ein under­representasjon særleg av unge menn og eldre kvinner.

I denne rapporten har vi vekta ned kommunar der vi har trekt ut høge andelar av befolkninga og vekta opp der vi har trekt ut låge andelar. Dette er gjort for å sikre at kvart område får innverknad på totaltala som svarar til befolkningsstørrelsen (18 år og eldre).

I analysane av data skil vi mellom fire regionar i Møre og Romsdal: Nordmøre, Romsdal, Nordre Sunnmøre og Søre Sunnmøre. I analysane der vi samanliknar regionar, justerer vi statistisk[1] for kjønn, alder og utdanning, men vi presenterer både ujusterte og justerte tal. Analysane av samanhengar mellom alder og utfallsvariablar[2] blir gjort separat for menn og kvinner. Det same gjeld samanhengane mellom utdanningsnivå og utfallsvariablar. Men her justerast det for alder, og alle som er 25 år eller yngre samt dei som er under utdanning er her teke ut av analysane.

Prosentdelen som oppgir at dei har fullført utdanning på universitets- eller høgskulenivå er klart høgare blant kvinner enn blant menn i dette utvalet frå Møre og Romsdal (45,8 % og 34,0 %) (vekta tal). Ein tilsvarande kjønnsforskjell, nokre gonger litt større, andre gonger litt mindre, finn vi i alle regionane i fylket. Også nasjonalt er andelen med utdanning på universitets- eller høgskulenivå høgare blant kvinner enn blant menn.