Medisinsk fødselsregister – føremål og oppgåver
Artikkel
|Oppdatert
Medisinsk fødselsregister (MFR) er eit landsomfattande helseregister over alle fødslar i Noreg. Registeret skal bidra til å avklare årsaker til og konsekvensar av helseproblem i samband med svangerskap og fødsel samt overvake førekomsten av medfødde misdanningar.
Føremålet til Medisinsk fødselsregister er å oppdage nye aukingar av medfødde misdanningar så tidleg som mogleg samt forske på helseproblem i samband med svangerskap og fødsel.
Alle fødeinstitusjonar i Noreg skal melde fødslar til MFR. Meldeskjemaet inneheld namn og fødselsnummer til barnet og foreldre, opplysningar om mor si helse før og under svangerskapet samt eventuelle komplikasjonar under svangerskapet eller fødselen. Slike opplysningar kan vere om mor har brukt legemiddel under svangerskapet, kva inngrep/tiltak som eventuelt er gjort under fødsel, kva komplikasjonar som eventuelt oppstod under fødsel, kva komplikasjonar mor eventuelt fekk etter fødsel, om barnet er levandefødt, kva diagnosar barnet eventuelt har, eller teikn til medfødde misdanningar. Dersom mor ikkje motset seg det, hentar ein inn opplysningar om mors røykjevanar og yrke. Det same gjeld informasjon om assistert befruktning.
Alle svangerskap som blir avslutta etter 12. svangerskapsveke, inkludert svangerskapsavbrot etter 12. uke er meldepliktige til MFR.
Det er reservasjonsrett knytt til permanent lagring av direkte personidentifiserande opplysningar om kvinner som har fått utført svangerskapsavbrot etter abortlova § 2 tredje ledd bokstav c. Slike svangerskapsavbrot vert innvilga dersom «det er stor fare for at barnet kan få alvorlig sykdom, som følge av arvelige anlegg, sykdom eller skadelige påvirkninger under svangerskapet».
Elektronisk melding av fødsel
Fødeinstitusjonane i landet har ansvar for å melde inn fødslar til MFR. Helse- og omsorgsdepartementet har med heimel i forskrifta til Medisinsk fødselsregister pålagt helseføretaka å melde inn fødslane elektronisk. Føremålet er å effektivisere og betre meldekvaliteten. MFR må godkjenne systema som skal levere elektronisk melding om fødsel.
Det er utforma ein rettleiar til utfylling av melding til Medisinsk fødselsregister.
Assistert befrukting (IVF/ART)
Alle offentlege og private institusjonar som har konsesjon til å gjennomføre assistert befrukting, skal melde inn behandlingar som fører til graviditet til MFR dersom paret ikkje motsett seg dette. Føremålet er å kartleggje om assistert befrukting representerer nokon auka risiko for helseproblem i svangerskapet.
Overvaking og forsking
Opplysningane som blir melde inn til MFR, skal gi kunnskap og informasjon om helseproblem hos mor og barn i samband med svangerskap og fødsel. Informasjonen blir brukt til
- overvaking
- forsking, med mål å førebyggje helseproblem
- utarbeiding av eit fagleg grunnlag for å gi råd og informasjon til helsepersonell, anna forvalting og folket generelt
- styring, planlegging og kvalitetssikring av helsetenesta og helseforvaltinga
- utarbeiding av statistikk
Forskingsoppgåvene MFR har knyt seg til «årsaksforhold av betydning for sykdom og funksjonshemning hos nyfødte og spedbarn». Feltet er i praksis todelt: dels å avklare årsaker til medfødde misdanningar og andre helseproblem i samband med svangerskap og fødsel, dels å klarleggje konsekvensane av slike risikofaktorar for seinare helse og funksjonshemming.
Kopling til andre registre
MFR blir rutinemessig kopla til Det sentrale folkeregisteret for å sikre datakvaliteten. Når ein utarbeider statistikk, og i samband med forskingsprosjekt, kan MFR bli kopla til dei andre sentrale helseregistera (Kreftregisteret, Dødsårsaksregisteret, Reseptregisteret, Meldesystemet for infeksjonssykdommer, Det sentrale tuberkuloseregisteret og System for vaksinasjonskontroll).
Tilgang til forskningsdata og statistikk
MFR vil bidra til å gjere data lett tilgjengeleg og har ein eigen oppdragsseksjon som hentar ut data frå fødselsregisteret og legg dei til rette for forskarar og andre. Dersom du treng ytterlegare data eller statistikk utover det vi har publisert på nettsidene våre, kan du sende ein søknad til oppdragsseksjonen. Du finn meir informasjon på Tilgang til og søknad om data fra Medisinsk fødselsregister / Abortregisteret.
Fagrådet til Medisinsk fødselsregister
Fagrådet består av ei lik fordeling av jordmødrer og fødselslegar, med ein representasjon som dekkjer alle helseregionene og dei ulike fødeinstitusjonskategoriane. Norsk gynekologisk forening, Den norske jordmorforening og Jordmorforbundet er òg representert. Fagrådet skal gi råd og innspel til alle forhold som er viktige både for Medisinsk fødselsregister og meldeinstitusjonane.