Om egg- og sæddonorregisteret
Artikkel
|Publisert
Egg- og sæddonorregisteret inneheld opplysningar om egg- og sæddonorar og kva behandlingar dei har vore brukte til ved klinikkar i Noreg frå 1. januar 2005.
Innhald i registeret
Verksemder som tilbyr assistert befruktning med donoregg eller donorsæd, og/eller tek imot og lagrar egg eller sæd frå donorar, skal registrere opplysningar om identiteten til donoren i Egg- og sæddonorregisteret. Opplysningar som blir lagra om donor er personidentifikasjon (norsk eller utanlandsk personnummer), namn, fødselsdato, landkode, samtykke og donorkode.
Verksemder som tilbyr assistert befruktning med donoregg og/eller donorsæd, skal òg registrere opplysningar om mor og kva donor som er brukt. Opplysningar som blir lagra er fødselsnummer til kvinner som har fått barn etter assistert befruktning med donoregg eller donorsæd, donorkode til donoren som er brukt og dato for kvar behandling.
Bare tilsette som er særskilt peika ut av verksemdene, kan registrere opplysningane.
Føremålet med registeret
Registeret skal sikre at born fødde ved hjelp av assistert befruktning med donoregg eller donorsæd, får oppfylt retten sin til å få vite kven som er donor, sjå bioteknologilova § 2 - 7 (lovdata.no). Registeret har lovheimel i bioteknologilova, §§2-7, 2-8 og 2-9 (lovdata.no). Føremålet med registeret bestemmer kva ein kan bruke opplysningane til og kva som kan registrerast.
Du finn meir informasjon om korleis du kan få informasjon om identiteten til donor på nettsidene til Helsedirektoratet.
Egg- og sæddonorregisteret har ikkje informasjon om donorar som vart brukte før 2005. Før 2005 var sæddonor anonym. Born som er blitt til med donorsædbehandling før 2005 kan difor ikkje få informasjon om identiteten til sæddonoren frå dette registeret.
Registeret har vore i drift sidan 2005. Frå november 2019 har Helsedirektoratet hatt ansvar for drifta av registeret, og frå 2024 ligg ansvaret hos FHI.