Avdeling for
Psykisk helse og selvmord
Avdelinga arbeider med helseanalysar og forsking på psykisk helse, medrekna psykiske symptom, kontakt med helsetenesta for psykiske helseplager, dei vanlege psykiske lidingane og sjølvmord.
Avdelinga har eit særskilt ansvar for helseanalysar og forsking på helsa til innvandrarar.
Kjerneoppgåver
- Psykiske symptom:Avdelinga bidreg jamleg med analysar av nasjonale, regionale og lokale helseundersøkingar som inneheld data om psykiske symptom og livskvalitet.
- Kontakt med helsetenesta for psykiske helseplager:Avdelinga arbeider med analysar av data frå spesialist- og primærhelsetenesta for å kartleggje kontakten med helsetenesta for psykiske helseplager i befolkninga ut frå kjønn, alder, geografi og sosioøkonomisk bakgrunn.
- Eit betre datagrunnlag for psykisk helse og rus: Det er behov for å styrkje datagrunnlaget innanfor temaet psykisk helse og rus.Avdelinga arbeider med dette gjennom analyseprosjektet på registerdata om psykisk helse og rus (PsyRus) samt med ein pilot på ei diagnosebasert undersøking av psykiske lidingar og ruslidingar.
- Psykisk helse: Avdelinga er involvert i fleire prosjekt om sosial ulikskap og psykisk helse. I dette arbeidet bruker vi som oftast register og helseundersøkingar som Helse- og levekårundersøkinga og Helseundersøkinga i Nord-Trøndelag.Avdelinga er òg involvert i forsking på kva konsekvensar influensainfeksjon hos mor under svangerskapet har for den seinare psykiske helsa til barnet.
- Sjølvmord: Avdelinga har eit folkehelseperspektiv på forskinga på dette feltet, og avdelinga har både kvantitative og kvalitative forskingsprosjekt. Dei kvantitative prosjekta bruker hovudsakleg registerdata. Dei kvalitative dataa er henta frå intervju med etterlatne etter sjølvmord.Avdelinga arbeider med å validere sjølvmordsstatistikk.
- Innvandrarhelse: Avdelinga har eit koordineringsansvar for innvandrarhelse på område for psykisk og fysisk helse.Helseanalysar og forsking på innvandrarhelse er i første rekkje knytt til kontakten innvandrarar har med helsetenesta for psykiske og fysiske helseplager og til sjølvmord i innvandrarbefolkninga.
- Helseøkonomi:Avdelinga er involvert i studiar med sikte på å betre helseøkonomiske metodar.
Internasjonalt samarbeid
Avdelinga hjelper Arktisk råd på prosjekt om sjølvmord blant urfolk. Avdelinga deltek òg i eit internasjonalt forskarnettverk om kontakt med helsetenestene forut for sjølvmord.
Medarbeidere













