Avdeling
Mammografiseksjonen
Mammografiseksjonen ved Kreftregisteret, FHI driftar Mammografiprogrammet, som har som mål å oppdaga brystkreft i eit tidleg stadium av sjukdomsutviklinga.
Målet er å kunne tilby meir skånsam behandling og redusera bi- og seineffektane, og dessutan redusera dødelegheit av sjukdommen. Mammografiprogrammet inviterer kvinner mellom 50-69 år til røntgenundersøking av brysta kvart anna år. Deltaking er frivillig. Seksjonen spelar ei sentral rolle i overvaking av brystkreftinsidens, effektiviteten av screeningstiltak og bidreg til å forma nasjonale retningslinjer for tidleg påvising av brystkreft. Ved å samla inn omfattande data bidreg dei til betre forståing av brystkreftførekomst og viktigheita av screeningsprogram for å styrkja førebygging og behandling. Kreftregisteret har ei rolle både som koordinator og utøvar i Mammografiprogrammet.
Sjølve screeninga går føre seg på 30 screeningeiningar rundt omkring i landet, medan tyding av screeningbilete, tilleggsundersøking, utgreiing, diagnostikk og behandling går føre seg på 16 brystsenter. Tilsette på mammografiseksjonen og fagpersonar tilsett på brystsentera har eit svært tett samarbeid.
Seksjonen driv også forskingsarbeidet innanfor brystkreft og mammografiscreening både i Noreg, og har også ei sentral rolle i fagfeltet internasjonalt.