Avdeling
Leveranse
Avdeling leveranse er ein av tre avdelingar i klynge pasientregistre. Klynga har dataansvar for Kommunalt pasient- og brukarregister og Norsk pasientregister.
Avdeling leveranse sine viktigaste arbeidsoppgåver er tilgjengeleggjering av data frå dei to registera. Registeropplysningane vert gjort tilgjengeleg ved publisering og statistikkar på nett, samt ved utlevering/tilgjengeleggjering for instansar som søker om data eller statistikk.
Avdelinga sine viktigaste ansvarsområde
- Publisering av statistikk frå KPR og NPR
- Utlevering av data og statistikk til eksterne og interne søkarar
Kontaktinformasjon
Generelle førespurnader, saksbehandling ved utlevering av data, statistikk på nett: pasientregistre@fhi.no
Medarbeidere