Avdeling
Juridiske tjenester
Avdelinga arbeider primært med konkrete problemstillingar relatert til helseregister og samtykkebaserte helseundersøkingar, helseforsking, personvern og samarbeid nasjonalt og internasjonalt.
Avdelinga gir råd i tilknyting til innsynsbegjæringer og offentleglova. Arbeidsoppgåvene varierer avhengig av behovet til brukarane, og inneber både direkte bistand og rådgivning. Ein stor del av arbeidet er knytt til forskingsprosjekt og andre samarbeidsprosjekt, og inkluderer kontraktsutforming og -forhandlingar.
Avdelinga gir òg juridisk bistand til saksarbeidarar og andre i samband med forvaltingsspørsmål knytt til helseregister og helseundersøkingar, for eksempel tolking av lov og forskrifter (det vil si helseregisterlov og forskriftene til dei sentrale helseregistera). I det høvet har avdelinga direkte kontakt med for eksempel Helsedirektoratet, Helse- og omsorgsdepartementet og Statistisk sentralbyrå med fleire.
Avdelinga gir òg råd og støytte til direktør og toppleiinga/områdeleiinga, og bistår på førespurnad i saker av instituttovergripande karakter.
Avdelinga utarbeider og har ansvar for utvalde kvalitetsdokument, og bistår forskarar i samband med søknader til blant anna REK og utarbeidelse av databehandlaravtaler. Avdelinga har vidare ansvar for å halda kurs i forskingsadministrasjonen med spesielt fokus på det juridiske ansvaret som påligger forskningsansvarleg institusjon og prosjektleiar.