Klynge
Global helse
Working together to address global health challenges
Gjennom arbeidet vårt i klynge for global helse medverkar vi med kunnskap og kompetanse for å kunne løyse folkehelseutfordringar i samråd med partnarar i naboland, låg- og mellominntektsland og andre aktørar innan global helse. Våre overordna mål er i tråd med Verdsorganisasjonen for helse sitt arbeidsprogram for 2019–2023.
Forskningsstrategien vår for 2022-2027 kan lastes ned her:
Arbeidet vårt omfattar forsking, kunnskapsoppsummering, kunnskapsdeling og kunnskapsoverføring, og koordinering av folkehelsesamarbeid i det europeiske økonomiske samarbeidsområdet (EØS). Vi deltek i globale nettverk og aktivitetar og samarbeider bilateralt med søsterinsititusjonar på fagfelt som:
- Beredskap og smittevern, inkludert One health, diagnostikk og vaksinar
- Digitale helseløysingar og helseregistre
- Miljøfarar og klimaendringar
- Sjukdomsbyrdeberekningar
- Systematiske oversikter og metodevurderingar (HTA)
- Legemiddelstatistikk og tilgang til medisinar
- Ikkje-smittsame sjukdommar, inkludert psykisk helse
- Organisasjonsutvikling og institusjonalisering av folkehelsefunksjonar
Gjennom våre aktivitetar og globalt samarbeid ønsker vi å hjelpe til å nå FNs berekraftsmål. Vi samarbeider med nasjonale og internasjonale partnarar, helsemyndigheiter og direktoratet for utviklingssamarbeid (Norad), som òg finansierer arbeidet vårt. Vi får dessutan finansiering til forsking ved å søke på forskingsmiddel kunngjort frå nasjonale og internasjonale kjelder.