Vilkår for bruk av tekst, illustrasjonar, foto og film
Artikkel
|Sist endret
På fhi.no publiserer instituttet statistikk og analyse i tillegg til informasjon om smittevern, miljømedisin, epidemiologi, psykisk helse og rusmiddelforsking.
Informasjon på fhi.no har generell karakter og kan ikkje erstatte kontakt med, undersøking og behandling hos lege. Har du spørsmål om eiga helse, bør du ta opp dette opp med fastlegen din.
Folkehelseinstituttet tar ikkje ansvar for innhaldet på eksterne sider som det vert lenka til på fhi.no.
Kommunikasjonsdirektøren er ansvarleg redaktør for fhi.no
Vilkår for bruk av tekstar på fhi.no
Opphavsretten for alle tekstar på fhi.no tilhøyrer Folkehelseinstituttet dersom ikkje anna er oppgitt. Dersom du siterer frå tekstar, skal du følgje vanleg praksis for sitering og berre gjengi eit kort utdrag. I tillegg skal det lenkast til artikkelen som du siterer, for eksempel slik: "Folkehelseinstituttet. Fakta om ADHD. Elektronisk publisering http://www.fhi.no/(url). Nedlasta/lese dato ….." (legg til dato).
Du kan ikkje hente pdf-filar frå fhi.no og leggje dei ut på ein annan nettstad.
Vilkår for bruk av tabellar og diagram
Dersom du gjenbrukar tabellar og figurar frå oss på internett, tilrår vi at du brukar lenker i staden for å leggje ut kopiar av innhaldet.
Tabellar og diagrammar frå statistikkbankar
Du kan fritt lagre, skrive ut, mangfaldiggjere og vidareformidle tabellar og diagram frå statistikkbankane våre på www.statistikk.fhi.no. Det einaste kravet er at du følgjer vanleg praksis for sitering og oppgjev kjelda tydeleg.
Slik skal kjelda førast opp ved tabellar og figurar:
«Kjelde: <namn på statistikkbank>, Folkehelseinstituttet.»
Namnet på statistikkbanken skal vere identisk med det som står oppført i kildeinformasjonen på https://statistikk.fhi.no/.
Tabellar og diagrammar frå fhi.no
Du kan òg kopiere tabellar og diagram direkte frå nettsider med helsestatistikk, så lenge du viser til kjelda på denne måten:
«Folkehelseinstituttet. <Tittel på nettsida>. Henta <dato månad år> frå <https://xxxxx>.»
Vilkår for bruk av foto og illustrasjonar som er publiserte på fhi.no
- Media har høve til fritt å nytte pressefoto og logo frå sidene med presseinformasjon. Du kan laste ned pressebilde frå denne sida: Bilder og Folkehelseinstituttets logo
- Andre foto, illustrasjonar og teikningar som er publiserte på fhi.no, og som instituttet har råderett over, kan ikkje gjenbrukast av andre utan avtale med FHI. Blant anna gjeld dette foto og illustrasjonar av skadedyr, foto frå laboratorium, historiske foto m.v.
- Kampanjemateriell kan nyttast der dette kjem klart til syne.
- Illustrasjonsfoto som instituttet har kjøpt frå leverandørar og der den eksterne leverandøren har opphavsretten, kan ikkje gjenbrukast av andre.
Vilkår for bruk av filmar som er publiserte av Folkehelseinstituttet
- Offentleg tilgjengelege filmar vert lagra på FHIs kanalar på YouTube og Vimeo. Desse kan du laste ned, embedde eller lenke til, avhengig av avtalen for den enkelte videoen. Hugs å oppgje kjelde.
-
Rettane til filmane på FHIs YouTube- og Vimeo-kanalar tilhøyrer Folkehelseinstituttet. Materialet kan ikkje nyttast til kommersielle formål.
-
Kvar film er tilgjengeleg under vilkåra i Creative Commons-lisensen CC BY-NC-ND 4.0. Denne lisensen lèt deg lasta ned og dela filmen i kva som helst medium eller format, under føresetnad av at det blir oppgitt korrekt kreditering og lenkje til lisens på ein formålstenleg måte. Dersom ein skal bruka filmen på fellesskjermar, til dømes i venterom eller på sjukehus, held det med logoen eller krediteringa som blir vist undervegs eller på slutten av filmen.
-
Du kan ikkje distribuera materialet dersom du remixer, omarbeider eller byggjer på materialet. Lisensvilkår: https://creativecommons.org/licenses/by-nc-nd/4.0/deed.no
Innhold fra fhi.no i iframes er sperret
Moglegheita for å vise innhald frå fhi.no i iFrames er deaktivert av omsyn til trygging og for at vi skal ha kontroll på integriteten til innhaldet på FHI.