Hopp til innhold

Få varsel ved oppdateringer av «Om koronasertifikat»

Hvor ofte ønsker du å motta varsler fra fhi.no? (Gjelder alle dine varsler)
Ønsker du også varsler om:

E-postadressen du registrerer her vil kun bli brukt til å sende ut nyhetsvarsler du har bedt om. Du kan når som helst avslutte dine varsler og slette din e-post adresse ved å følge lenken i varslene du mottar.
Les mer om personvern på fhi.no

Du har meldt deg på nyhetsvarsel for:

  • Om koronasertifikat

Artikkel

Om koronasertifikat

Koronasertifikatet skal vise at det er lite sannsynleg at du er smitteførande med SARS-CoV2. Dette visast gjennom nyleg negativ test, vaksinasjon eller immunitet etter å ha hatt koronasjukdom. EU/EØS-delen av koronasertifikatet brukast framleis på grensa ved reise inn til Noreg og ved reiser til andre land i Europa. Det er EU/ EØS-delen som blir tatt i bruk innanlands 19. november for å gje lettelsar i kommunar med lokale smitteverntiltak.

Koronasertifikatet skal vise at det er lite sannsynleg at du er smitteførande med SARS-CoV2. Dette visast gjennom nyleg negativ test, vaksinasjon eller immunitet etter å ha hatt koronasjukdom. EU/EØS-delen av koronasertifikatet brukast framleis på grensa ved reise inn til Noreg og ved reiser til andre land i Europa. Det er EU/ EØS-delen som blir tatt i bruk innanlands 19. november for å gje lettelsar i kommunar med lokale smitteverntiltak.


Kontrollside for grensepassering og internasjonal bruk

Når du loggar deg inn på Helsenorge velgjer du Koronasertifikat og “Vis kontrollside”. Koronasertifikatet si kontrollside for framsyning i kommunar som har tatt i bruk koronasertifikatet og ved grensepasseringar, er blå og merka EU/ EØS.

EU har laga føringar for kva data som skal visast, men kvart land i EU/ EØS bestemmer eigne reglar og på nettsida Re-open EU kan du søke opp reisereglane mellom landa i EU. Her visast også smittesituasjonen i landa. Informasjonen blir oppdatert konitunerlig, og er tilgjengleeg på 24 språk.

Du må sjølv setje deg inn i reglane som gjeld der du skal bruke sertifikatet, for eksempel reglane i land du skal reise til. Grensekontrollen i landet du skal reise inn i vil sjekke at sertifikatet inneheld det som er krevd for innreise, eller om sertifikatet gjev godkjenning for gjennomreise/ transittland. For eksempel varierar det kor mange dagar dei ulike landa krev det skal ha gått etter vaksinasjon med dose 2 av 2, om dei gjev lettelsar etter dose 1 av 1, om dei aksepterar kombinasjonen vaksine og koronasjukdom, og om det er tilstrekkeleg med negativ test.

Dei medisinske reglane for kva som gjev lettelsar innanlands er like for dei kommunane som har tatt koronasertifikat i bruk. Den enkelte kommune må sjølv gjere greie for kva stadar ein må framvise koronasertifikat for å få tilgang.  

Kva inneheld EU/ EØS-kontrollsida

Under det blå feltet på kontrollsida visast ein QR-kode for kvart element der sertifikatet finn relevante data om deg. Under QR-kodane kan du trykke på «Vis utskriftsvennlig side», og finne dei relevante dataene knytta til henholdsvis vaksine, negativ test og gjennomgått koronasjukdom.

Vaksinar 

  • Kun siste tellande vaksinedose visast, data om tidlegare vaksinedoser er ikkje tilgjengelege i sertifikatet. Ein kan sjå detaljert informasjon om vaksinetypen, vaksinasjonsdato og denne vaksinedosen sin plassering i ein serie. EU sin føring er at siste vaksinedose skal visast som en brøk (1/2, 2/2, 3/3), for å angi kor mange doser personen har fått (teller), og kor mange doser personen skal få for å reknast som fullvaksinert (nevner). I Noreg får du godkjent koronasertifikatet sjølv om du har tatt ei tredje dose. 

Negative testar

  • Eit negativt testresultat frå PCR eller antigentest, vil visast dersom testen er teken i løpet av siste 72 timar. Tidlegare negative testar vil ikkje visast.
  • I Noreg er negativ test gyldig i 48 timar frå prøvetakingstidspunkt.
  • Merk at det vil variere frå land til land kor lenge eit negativt resultat godkjennast.

Immunitet etter å ha hatt koronasjukdom 

  • Dersom du er beskytta etter å ha hatt koronasjukdom, vil prøvesvar frå PCR eller antigentest som er registrert i Noreg då du testa positivt visast. Prøvesvaret visast først 11 dager etter den positive testen.
  • Dersom du har testa positivt på nytt meir enn 3 månader etter den første testen, vil det nye prøvesvaret visast.
  • Resultat som er meir enn 180 dagar gamalt vil ikkje lenger visast i sertifikatet. Resultat av antistoffundersøkelser visast ikkje. 

Feil eller manglar i koronasertifikatet?

Om opplysningar manglar eller er feil i koronasertifikatet ditt, kan sertifikatet vere ugyldig når du skal bruke det. Om du finn feil eller mangelfulle vaksinasjonsopplysningar eller testresultat i sertifikatet, må du først kontrollere om vaksinasjonsstatus manglar i Vaksinevisninga eller Helseregistre og testresultat i Prøvesvarvisninga på Helsenorge.no. Om det er feil eller mangelfulle opplysningar også her, kan du ta kontakt med staden der du har blitt vaksinert eller testa, for å få retta dette.  

Gyldigheit for sertifikatet

Du vil få eit gyldig sertifikat om ein av dei tre komponentane (vaksinasjon, immunitet eller negativt prøvesvar) oppfyller krava i regelsettet. Det er forskjell på kva som gjev eit gyldig sertifikat (grøn kontrollside), og kor lenge sertifikatet er gyldig (teknisk gyldigheit).

Koronasertifikatet kan lastast ned og brukast utan nett-tilgang eller skrivast ut og brukast på papir. Både digitale og analoge versjonar av sertifikatet har ein avgrensa varigheit (teknisk gyldigheit) på inntil 90 dagar fram i tid. Det betyr ikkje at du som har status beskytta eller fullvaksinert berre har immunologisk beskyttelse i 90 dagar etter sjukdom eller vaksinasjon. Du må berre hente eit nytt sertifikat (online i appen, laste ned eller skrive ut ein papirversjon). Det er ingen avgrensing i kor ofte du kan hente eit nytt sertifikat, og det gjer ingenting om det går litt tid frå utløpsdatoen til du hentar eit nytt sertifikat.

Grunnen til at koronasertifikatet berre er gyldig 90 dagar fram i tid er for å unngå misbruk, og syte for at sertifikata stemmer overeins med kunnskapen vi til ei kvar tid har om viruset, immunitet og vaksinar.

Historikk

07.10.2021: Stor tekstendring iht. avvikling av det nasjonale koronasertifikatet.

11. juli 2021: Endret fra utvidet kontrollside til EU/ EØS kontrollside. Endret informasjon om antistofftest.

15. juli 2021: Endret del av gyldighet for sertifikatet.

10.08.2021: Små endringer i tekst for å tydeliggjøre at kontrollside som brukes ved innreise til Norge og ved reiser til andre EU/EØS-land er blå, og at opplysningene i den blå EU/EØS-kontrollsiden brukes ved innreise til Norge og ved reiser til andre EU/EØS-land.

30. august 2021: Små justeringer i tekst, samt endret forklaring om vedvarende grønt sertifikat når 2. dose gis innenfor de 14 ukene som gir beskyttelse.

12. september 2021: Oppdatert om forlengelse av immunitet.

01. oktober 2021: Oppdatert informasjon knyttet til endringer i tellemåte.

10. november 2021: Oppdatert om 3 av 3.

23. november 2021: Oppdaterte informasjon om innenlands bruk av koronasertifikat og endringer i test.