Under halvparten av menn deltek i tarmscreening
Nyhet
|Publisert
Den første nasjonale årsrapporten frå Tarmscreeningprogrammet viser at 53 prosent av dei inviterte deltek. Samstundes er deltakinga betydeleg lågare blant menn.
I 2024 vart 112 206 personar inviterte til Tarmscreeningprogrammet. 58 prosent av kvinnene takka ja til tilbodet, mot 48 prosent av mennene.
– Screening handlar om å oppdage sjukdom før den gir symptom. Tarmkreft er ein av dei vanlegaste kreftformene våre, og derfor er det viktig at flest mogleg deltek i det norske tarmscreeningprogrammet. Vi ser ei tydeleg kjønnsforskjell i deltakinga, som faktisk er det einaste kreftscreeningtilbodet som blir gitt til menn. Vi håpar at fleire menn òg vil nytte seg av dette, seier direktør ved FHI, Guri Rørteit.
– FHI ønskjer å gjere Tarmscreeningprogrammet betre kjend i befolkninga, slik at fleire kjenner til tilbodet når invitasjonen kjem og dermed vel å delta, seier Rørteit.
Slik kan screening oppdage kreft tidleg
Menn og kvinner blir inviterte til tarmscreening frå dei fyller 55 år. Målet er å oppdage tarmkreft eller forstadium til kreft før sjukdommen utviklar seg.
– Deltakarane får tilsendt eit prøvesett i posten, tek ei enkel avføringsprøve heime for å undersøkje om det er blod i avføringa. Prøva blir så sendt inn til analyse, seier leiar for Tarmscreeningprogrammet, Kristin Ranheim Randel.
Om det blir påvist blod i prøva, blir ein vist til koloskopi. Over 90 prosent møter opp til denne undersøkinga.
Hos om lag halvparten blir det funne polyppar, som kan vere forstadium til kreft. Desse blir fjerna under undersøkinga for å hindre seinare kreftutvikling.
Gjennom 2024 vart det oppdaga tarmkreft hos 117 deltakarar, 62 menn og 55 kvinner. Helse Nord hadde den høgaste andelen tilfelle.
– Tidleg diagnose har mykje å seie. Når tarmkreft blir oppdaga tidleg, er sjansen for å overleve svært god og behandlinga blir ofte mindre belastande, seier Randel.
Menn har høgare risiko for tarmkreft
Tarmkreft er den nest vanlegaste kreftforma i Noreg. Kvart år får rundt 5 000 personar denne sjukdommen, og rundt 1 500 døyr av han. Førekomsten har meir enn dobla seg dei siste 50 åra, og auken er større enn i nabolanda våre.
Tal frå Kreftregisteret viser at menn har høgare risiko for å få tarmkreft enn kvinner, særleg for endetarmskreft.
– Tarmkreft utviklar seg ofte over lang tid, og symptoma kjem gjerne seint. Derfor er screening så viktig. Jo fleire som tek prøva, desto fleire tilfelle kan vi finne og behandle tidleg, seier Randel.
Høg kvalitet på koloskopiane, men variasjon mellom sjukehus
Årsrapporten viser at kvaliteten på koloskopiane er god over heile landet. Seks av åtte nasjonale kvalitetsmål vart nådd i 2024.
– Koloskopi inneber ein liten, men ikkje uvesentleg, risiko for komplikasjonar. Difor er det avgjerande at kvaliteten er høg. Vi følgjer helseregionane tett for å sikre eit trygt og likeverdig tilbod uansett kvar i landet ein bur, seier Randel.
Det er likevel forskjellar mellom sjukehusa og somme ligg under mål på éin eller fleire indikatorar.
Randel peikar på at nokre sjukehus førebels har gjort få undersøkingar og at noko av forskjellane kan skuldast tilfeldig variasjon.
– Tarmscreeningprogrammet er framleis under oppbygging, og talet på koloskopiar vil auke i åra framover, seier ho.
Tiltak for å få fleire til å delta
– Sidan menn både har høgare risiko for tarmkreft og lågare deltaking i screening, er det særleg viktig å nå denne gruppa framover, seier Randel.
Fleire tiltak er sette i gang for å auke deltakinga. Deltakarane får informasjon på Helsenoreg før prøvesettet blir sendt, og påminning dersom prøva ikkje er sendt inn innan seks veker. Sjølve prøvesettet blir send direkte heim i posten for å gjere det enklast mogleg å delta.
Det er òg oppretta nye screeningsenter der det er lang reiseveg, og informasjonsmateriell er omsett til fleire språk.
– Vi må gjere det så enkelt som mogleg å delta. Vi veit at både tydeleg informasjon og god tilgjengeligheit har mykje å seie for om folk takkar ja til screeningtilbodet, seier Randel.
Slik går Tarmscreeningprogrammet føre seg
- Rundt 55-årsdagen får du tilsendt eit prøvesett i posten.
- Du tek ei enkel avføringsprøve heime og sender ho inn til analyse.
- Om ein ikkje finn blod i prøva, får du ny invitasjon annakvart år fram til du er 65 år.
- Om det er blod i prøva, blir du vist til koloskopi på sjukehus.
- Ved koloskopi kan legen oppdage og fjerne polyppar (mogleg forstadium til kreft) eller påvise tarmkreft.
- Etter gjennomført koloskopi får du ikkje fleire invitasjonar til programmet.