Kreft i spiserøyret aukar i Noreg
Forskningsfunn
|Sist endret
Ein ny studie frå Kreftregisteret viser ein auke av kreft i spiserøyret, særleg blant menn. Dette gir grunn til bekymring og peikar mot årsaker knytt til livsstil.
Studien er basert på data frå Kreftregisteret, og gir eit detaljert bilete av utviklinga dei siste 30 åra for kreft i spiserøyret og magesekken. Forskarane finn tydelege endringar i førekomst og dødelegheit for desse sjukdomane i perioden 1993 til 2022.
Artikkelen er publisert i Clinical Epidemiology.
- Vi har funne at førekomsten av spiserøyretkreft totalt har auka med over 50 prosent i perioden, og menn blir råka oftare enn kvinner, seier Trude Eid Robsahm, forskar ved Kreftregisteret og sisteforfattar av studien.
Om lag 360 personar får årleg kreft i spiserøyret, om lag 270 menn og 90 kvinner, og kreft i spiserøyret er ei av kreftformene med størst skilnad mellom menn og kvinner. Førekomsten har auka frå 146 tilfelle tidleg på 1990-talet til rundt 360 tilfelle i snitt dei siste fem åra.
Kreftregisteret har også denne hausten publisert ein rapport om kreft i spiserøyr og magesekk med resultat om behandling og overleving for pasientar med kreft i spiserøyret og magesekken i perioden 2020-2024.
Det er hovudsakleg to ulike typar kreft i spiserøyret; adenokarsinom, der kreftcellene utgår frå kjertelvevet i spiserøyret, og plateepitelkarsinom, som startar i slimhinnane.
Den meist markante auken har vore for adenokarsinom, som no utgjer over 70 prosent av alle tilfelle av kreft i spiserøyret. Denne kreftforma er knytt til overvekt og reflukssjukdom, også kjend som halsbrann.
Plateepitelkarsinom, derimot, har har historisk sett vore den vanlegaste typen av kreft i spiserøyret, men har gått ned med om lag 40 prosent i perioden forskarane har undersøkt.
- Denne varianten er knytt til røyking og høgt alkoholkonsum. Nedgangen set vi særleg i samanheng med redusert røyking i befolkninga, forklarar Robsahm.
Livsstil kan vere medverkande årsak til auka tale på kreft i spiserøyret
Trass i betre og meir målretta behandling over tid, er dødelegheita framleis høg for begge kreftformene i spiserøyret. Femårs overleving ligg på under 30 prosent for begge typar.
- For magesekkreft viser studien ein betydeleg nedgang i førekomst, og reduksjon i infeksjon med Helicobacter pylori, ein bakterie som kan førekomme i slimhinna i magesekken. Endringar i hygiene og kosthald er sannsynlege forklaringar. Dødelegheita av kreft i magesekken for dei som blir råka er framleis høg, seier Robsahm.
Vi ser ein bekymringsfull auke i adenokarsinom i spiserøyret, særleg hos menn. Dette kan ha samanheng med overvekt og refluks. Nedgangen i plateepitelkarsinom er eit positivt teikn, og er sannsynlegvis eit resultat av redusert røyking. Men den samla dødelegheita for kreft i spiserøyret er framleis svært høg, understrekar Robsahm.
Førebygging verkar
Kreft i spiserøyret og magesekken er alvorlege sjukdomar som råkar mange menneske verda over – kvart år blir nesten 1,5 millionar nye tilfelle oppdaga, og over 1 million døyr av desse kreftformene.
- Funna frå studien understrekar behovet for førebygging og tidleg diagnostikk. Vi må styrkje kunnskapen om livsstilfaktorar og adressere desse i førebyggande tiltak. Auken i adenokarsinom i spiserøyret krev merksemd og peiker på nye utfordringar knytt til livsstil og overvekt, seier Robsahm.
- Nedgangen i magekreft i Noreg er ikkje eit resultat av planlagde tiltak, men tyder likevel på at folkehelsetiltak har effekt. Funna gir verdifull innsikt for vidare arbeid med førebygging og tidleg diagnostikk, avsluttar Robsahm.