Noreg har verdas høgaste vaksinasjonsdekning mot HPV
Nyhet
|Publisert
Norske jenter og gutar har høgast vaksinasjonsdekning mot HPV blant alle høginntektsland i verda, ifølgje ei internasjonal undersøking av HPV-vaksinasjonsdekning publisert i år. Dette lover svært godt for å førebyggje HPV-relatert kreft i framtida.
I Noreg vert HPV-vaksine tilbydd til jenter og gutar på 7. trinn, og det vert gitt to dosar. Studien er ein systematisk gjennomgang av vaksinasjonsdekning rapportert frå 2023 frå ulike land*. Noreg tronar på toppen av statistikken for begge kjønn, med ei vaksinasjonsdekning på 94 prosent for jenter og 91 prosent for gutar.
At vi faktisk har høgast oppslutning er veldig stas, og eg vil takke alle helsesjukepleiarane som vaksinerer kvart skuleår samt medarbeidarar her på FHI for ein enorm innsats, seier Margrethe Greve-Isdahl, overlege og leiar for barnevaksinasjonsprogrammet ved Folkehelseinstituttet.
Ifølgje Verdas helseorganisasjon (WHO) er det no 148 land som har inkludert HPV-vaksine i dei nasjonale vaksinasjonsprogramma. I den systematiske gjennomgangen har 132 land oppgjeve estimat for vaksinasjonsdekning for første dose og 129 land for fullvaksinering blant jenter. Berre 15 land (11 %) oppgjev å ha over 90 prosent vaksinasjonsdekning for første dose blant jenter.
Ein høg oppslutning om HPV-vaksine er det viktigaste tiltaket for å hindre HPV-relatert kreft i framtida. Vi er godt i rute til å kunne fjerne livmorhalskreft som eit folkehelseproblem, seier Greve-Isdahl.
Tal frå nasjonalt vaksinasjonsregister (SYSVAK) viser at oppslutninga om HPV-vaksine i Noreg framleis er høg blant barn som gjekk ut av barneskulen 2024/2025. Oppslutninga aukar ofte nokre prosent fram til den offisielle dekningsstatistikken vert publisert for 16-åringar.
Per 31. august 2025 var vaksinasjonsoppslutning for norske barn fødde i 2012:
- 92 prosent av jentene har fått første dose og 88 prosent har fått andre dose.
- 91 prosent av gutane har fått første dose og 87 prosent har fått andre dose.
Greve-Isdahl legg til at dekninga har vore høg over fleire år, og at ho er jamt fordelt over heile landet. Nordland kjem best ut blant jentene med ei oppslutning på 95 prosent for første dose, medan Trøndelag har høgast oppslutning for gutar med 94 prosent.
HPV-vaksinen som vert tilbydd gir svært god effekt mot kreft
I Noreg har HPV-vaksinene Gardasil (frå 2009-2016) og Cervarix (frå 2017) vore benytta i barnevaksinasjonsprogrammet. Dei første jentene som fekk HPV-vaksine har allereie begynt å komme i alder for livmorhalsscreening, og resultat herfrå viser at dei vanlegaste HPV-typane no nesten er heilt borte blant vaksinerte jenter.
Sidan 2017 har vaksinen Cervarix vorte benytta i det norske barnevaksinasjonsprogrammet. Ved bruk i 12-års alderen har denne vist å gi mellom 86 og 100 prosent vern mot livmorhalskreft og 97 prosent effekt mot alvorlege forstadium, heilt uavhengig av HPV-type. Ein ny versjon av Gardasil, Gardasil 9, kom på marknaden i 2016 og vert nytta i mange land. Denne vaksinen gir òg vern mot to HPV-typar som gir kjønnsvorter, medan vernet mot kreft er på same nivå som det Cervarix har vist i programmet.
HPV-vaksine er eit svært effektivt førebyggjande tiltak mot HPV-relatert kreft. Bruk av vaksinen i eit vaksinasjonsprogram med høg dekning gir enno betre effekt enn forventa, og gir da òg flokkvern for dei som ikkje kan vaksinerast eller ikkje får effekt av vaksinen. Vi er oppteke av at flest mogleg unge får to dosar HPV-vaksine i god tid før seksuell debut, da vaksinen vernar førebyggjande og gir best verknad da. Tidleg vaksinasjon er viktig for å få best mogleg vern mot kreft, seier Greve-Isdahl.
Blant barna fødde i 2012 som har fått tilbod om HPV-vaksine i skuleåret 2024/2025, har 5 prosent av jentene og 2 prosent av gutane valt å gå til lege og fått resept på Gardasil 9. Tala er henta frå Nasjonalt vaksinasjonsregister SYSVAK per 31. august 2025.
Vi ser ein auke blant vaksne som har fått HPV-vaksine i SYSVAK. Det er likevel viktig å hugse at vaksinen ikkje vernar mot infeksjonar ein allereie har fått, og difor kan personar som er vaksinerte etter seksuell debut framleis utvikle forstadium til kreft. Det er difor viktig å følgje tilrådinga om livmorhalsscreening, seier Greve-Isdahl.
Meir informasjon
- Spørsmål og svar om hpv-vaksine
- Vaksinehandboka
- Han, Jingjing med fleire: Global HPV vaccination programs and coverage rates: a systematic review. eClinicalMedicine, Volume 84, 103290