Nedgangen i for tidleg død bremser opp
Nyhet
|Publisert
Vi ser framleis ein nedgang i for tidleg død, død før fylte 70 år, av ikkje-smittsame sjukdomar som hjarte- og karsjukdomar, kreft, diabetes og lungesjukdomar, men utviklinga er i ferd med å flate ut etter 2019. Det er framleis tydelege skilnader mellom kjønn og sosiale helseforskjellar.
Denne nyheten er eldre enn 30 dager og informasjonen kan være utdatert
Ta meg til forsidenNoreg har forplikta seg til FNs berekraftsmål om å redusere for tidleg død av ikkje-smittsame sjukdomar (NCD) med 33 prosent i perioden 2015 til 2030. Nye tal viser at vi til no har hatt ein nedgang på 21 prosent.
– Vi merkar oss likevel at nedgangen i for tidleg død av ikkje-smittsame sjukdomar (NCD-ar) flatar ut, seier seniorforskar Inger Ariansen ved Folkehelseinstituttet.
I perioden 2015 til 2024 var nedgangen på 13 prosentpoeng fram til 2019, og deretter berre på 8 prosentpoeng (Figur 1).
Fleire menn enn kvinner døyr av ikkje-smittsame sjukdomar før fylte 70 år
Sidan 2015 har nedgangen i for tidleg død hos kvinner vore 18 prosent, medan ho hos menn har vore 24 prosent. Døydelegheita blant menn er høgare samanlikna med kvinner. Dette kjem hovudsakleg av høgare døydelegheit av hjarte- og karsjukdom hos menn enn kvinner, der menn har tre gonger så høg døydelegheit som kvinner.
– Det er framleis sosiale helseforskjellar i førekomst av ikkje-smittsame sjukdomar, og skilnader mellom innvandrargrupper, understrekar Ariansen.
Ikkje-smittsame sjukdomar kan førebyggjast
Høgt blodtrykk, røykjing, høgt blodsukker, høg kroppsmasseindeks og usunt kosthald er blant dei største risikofaktorane for ikkje-smittsame sjukdomar, og desse faktorane kan i stor grad førebyggjast.
Førebelse tal frå Tromsøundersøkinga viser at vektauka ser ut til å flate ut. I aldersgruppa 40-49 år ser vi òg ein tendens til at delen med fedme går ned.
– Andelen med fedme er likevel høg og ligg på kring 20 %, understrekar Sameline Grimsgaard, leiar for Tromsøundersøkinga.
– På nasjonalt nivå er det vanskeleg å nå målet om å redusere delen som er fysisk inaktive, og det er uroande at alkoholinntaket ikkje går ned, avsluttar Inger Ariansen.
FHI presenterer tal om helsetilstanden i Noreg
Folkehelseinstituttet held, i samarbeid med den nasjonale NCD-indikatorgruppa og forskingsprosjektet NCDNOR, eit ope NCD-møte på Litteraturhuset torsdag 4. desember kl 11.30-14.00.
Her vil vi leggja fram oppdaterte tal for ikkje-smittsame sjukdomar (NCD), deira førekomst og utviklingstrekk, samt sosial ulikskap, kjønnsforskjellar og innvandrarhelse. I tillegg vil vi setja søkjelyset på korleis vi i Noreg kan arbeide med kunnskapsbaserte tiltak på nasjonalt, fylkeskommunalt og kommunalt nivå.