Livskvaliteten blant unge går ned
Nyhet
|Publisert
Livskvaliteten i Noreg er framleis høg, men særleg blant unge vaksne har det vore ein nedgang dei siste åra, viser tal i Folkehelserapporten.
Fleire unge rapporterer om dårleg livskvalitet. Tidlegare var det ikkje store forskjellar i rapportert livskvalitet mellom ulike aldersgrupper, men sidan 2017 har det vore ulik utvikling i livskvalitet mellom aldersgruppene. Dette syner ei oppdatert oversikt over livskvalitet i befolkninga, publisert i Folkehelserapporten.
For dei over 60 er livskvaliteten relativt stabil. Men særleg for dei under 30, og til dels òg for dei mellom 30 og 60, har den sjølvrapporterte livskvaliteten gått ned i snitt.
– Vi ser at livskvaliteten blant unge har sunke gradvis. I 2025 låg gjennomsnittleg livstilfredsheit på 6,7 (skala 0-10) i aldersgruppa 18–24 år, mot 7,5 blant personar mellom 67 og 79 år, seier Ragnhild Bang Nes, forskar ved Folkehelseinstituttet.
Sammensette årsaker
Livskvalitet er både eit mål i seg sjølv og ein viktig faktor for helse, levealder og samfunnsdeltaking. Kapittelet i Folkehelserapporten gir ei oversikt over utviklinga i livskvalitet i Noreg, og byggjer på nasjonale livskvalitetsundersøkingar frå Statistisk sentralbyrå og fylkeshelseundersøkingane (FHUS) gjennomført av FHI.
Tal frå Gallup World Poll, som dannar datagrunnlaget for Verdas lykkerapport, viser at norske unge under 30 år er ganske nøgde med livet, men berre litt over snittet for EU-landa. Samstundes er eldre i Noreg betrakteleg meir nøgde med livet enn i andre EU-land. Trenden med at unge rapporterer lågare livskvalitet, ser vi òg i enkelte andre land, som i USA, Canada og Sverige.
– Nedgangen i livskvalitet blant unge ser ut til å ha samanheng med fleire faktorar. Vi ser aukande bekymring for framtida, særleg knytt til arbeid og økonomi, og misnøye med sosiale relasjonar, materielle forhold og eiga helse, seier Ragnhild Bang Nes.
I tillegg rapporterer unge om meir stress og mindre kvile enn før, og emosjonelle plager som tristheit og sinne har blitt meir vanleg.
– Omfattande digitalisering og mykje bruk av sosiale medium kan – sjølv om forskinga er samansett – redusere fysisk samvær, aktivitet og søvn, samt auke sosial samanlikning. Til saman kan dette føre til mindre restitusjon og meir stress. Samfunnsmessige stressfaktorar som økonomiske nedgangstider, klimaendringar, krig og politisk polarisering kan òg verke inn, seier Nes.
Hovudfunn: Høg, men skeivt fordelt livskvalitet
Den subjektive livskvaliteten i Noreg er generelt høg. Befolkninga oppgir i snitt 6,9 på ein skala frå 0 til 10 når dei vurderer livet sitt samla. Likevel har delen som rapporterer låg livskvalitet lege mellom 24 og 28 prosent i perioden 2020–2025, tilsvarande 1–1,3 millionar vaksne.
Låg livskvalitet heng tett saman med levekårsutfordringar. Personar med dårleg økonomi, arbeidsløyse, uførheit eller helseproblem har betydeleg høgare risiko for å oppleve låg livskvalitet. Blant arbeidsledige og uføre oppgir over 55 prosent låg livskvalitet, mot 22 prosent blant yrkesaktive.
– Risikoen aukar når fleire belastningar kjem samstundes. Dårleg økonomi, helseproblem og sosial isolasjon forsterkar kvarandre og gir høg sårbarheit, seier Nes.
Livskvaliteten stig med alderen, og dagens eldre rapporterer høgare livstilfredsheit enn tidlegare generasjonar. Blant personar over 80 år aukar derimot einsemd og låg livskvalitet.