Influensatoppen nærmar seg truleg
Nyhet
|Publisert
Influensaførekomsten aukar framleis, og toppen vil sannsynlegvis kome i jula mange stader i Noreg. Det er venta at det i tillegg vert ein epidemi med RS-virussmitte på nyåret. Det viser FHIs utsikter for luftvegsvirus-sesongen.
Folkehelseinstituttet har laga ein rapport om vurdering av utsiktene for luftvegsvirus-sesongen i Noreg i vintersesongen 2025/26, med vekt på influensa, covid-19 og RS-virusinfeksjonar:
– Det er geografiske forskjellar i førekomsten av influensa. Delane av landet der utbrotet har komme seinare i gang, vil kanskje få smittetoppen etter jul, seier avdelingsdirektør Siri Helene Hauge ved FHI.
– Sjølv om det er stor smittespreiing med influensa no, er det ikkje indikasjonar på at sesongens influensavirus gjev meir alvorleg sjukdom enn elles, legg ho til.
Det er venta ein epidemi med RS-virus (RSV) i starten av det nye året. Viruset kan føre til behov for sjukehusinnlegging blant dei yngste borna, og kan òg føre til alvorleg sjukdom hos dei eldste. Blant befolkninga elles gjev viruset som oftast lette forkjølingssymptom. Registrerte sjukdomstilfelle og talet på sjukehusinnlagde følgjer så langt dei to tidlegare sesongane.
Covid-19-førekomsten er for tida låg, men det vert likevel registrert ein del sjukehusinnleggingar med covid-19. Vaksinane mot covid-19 dekkjer godt dei virusvariantane som dominerer i Noreg for tida.
Rekordhøg oppslutnad om influensavaksine
Så langt i sesongen (veke 51) har over 1.470.000 personar teke influensavaksine, der 739.000 av dei er 65 år eller eldre. Figur 1 viser at Vestland har høgast oppslutnad om influensavaksinering (73 %) blant eldre. Dei er tett følgde av Akershus og Rogaland. Lågast oppslutnad ser vi i Finnmark.
Figur 1. Del influensavaksinerte som er 65 år eller eldre per fylke. Dataa gjeld sesongen 2025/26 per veke 51.
– Vi har rekordhøg oppslutnad om influensavaksine i år. Det er svært gledeleg, for det betyr at fleire går vinteren i møte med betre vern mot alvorleg sjukdom som følgje av influensasmitte, seier Siri Helene Hauge.
Stor innsats frå helsetenesta
Hauge vil nytte høvet til å trekkje fram innsatsen som landets helseteneste har lagt ned dei siste månadene. Ho forklarer at det er nitidig og krevande å oppnå så høg vaksinasjonsdekning og dermed vern mot alvorleg sjukdom hos dei som treng det aller mest.
Fleire eldre bør ta koronavaksine
Det er lågare oppslutnad om koronavaksine. Så langt i sesongen (veke 51) har 244.548 personar som er 75 år eller eldre teke koronavaksine. Figur 2 viser at Trøndelag og Oslo har høgast oppslutnad om koronavaksinering (52 %) blant dei eldste. Lågast oppslutnad ser vi i Finnmark.
Figur 2. Del koronavaksinerte som er 75 år eller eldre per fylke. Dataa gjeld sesongen 2025/26 per veke 51.
– Vi skulle gjerne sett at langt fleire valde å ta koronavaksine. For dei fleste er korona ei nokså uskuldig luftvegssjukdom, men eldre og personar i risikogruppene har framleis risiko for alvorleg sjukdom. I løpet av fjorårets sesong vart om lag 6000 personar innlagde på sjukehus med koronasykdom, seier Hauge.
– Difor vil vi oppmode alle som er i målgruppene og som enno ikkje har teke koronavaksine, om å gå inn på nettsidene til kommunen og sjekke korleis dei kan få tatt vaksine i sin kommune. I mange kommunar kan ein òg få både korona- og influensavaksine på same tid, avsluttar ho.