Behandlingsformer for spiseforstyrrelsar treng betre dokumentasjon
Forskningsfunn
|Publisert
Førekomsten av spiseforstyrrelsar har auka dei siste åra, men mangel på storskala og godt gjennomførte studiar gjer det utfordrande å trekkje konklusjonar med høg tillit til effekten av ulike behandlingar. Det kjem fram i ein rapport frå FHI.
– Vi finn at kognitiv åtferdsterapi ofte er den mest undersøkte metoden, men det er framleis behov for større og betre studiar for å styrkje dokumentasjonen, seier Gunn Vist, forskar og prosjektleiar ved FHI.
– Vi har moderat tillit til resultata for berre nokre få av behandlingsformene, seier Vist.
Les rapporten:
I ei tid der spiseforstyrrelsar som anoreksi, bulimi, overspisingsliding og OSFED/USFED rammar stadig fleire, særleg unge, er det kritisk å ha pålitelege og effektive behandlingsformer. Rapporten er ei paraplyoversikt basert på søk i sju databasar, og fann 165 systematiske oversikter om effekt av behandling for spiseforstyrrelsar.
Studier med få deltakarar
Rapporten viser at blant 22 prioriterte behandlingsformer, vart dei fleste samanlikna med placebo, og med begrensa tal på deltakarar. Kun tre studiar hadde meir enn 100 deltakarar. Denne begrensninga gjer det utfordrande å trekkje sikre konklusjonar om behandlinga sin effekt. For overspisingsliding har behandlingsmetodane kognitiv åtferdsterapi og lisdexamfetamin fått moderat tillit basert på nye studiar. Sistnemnde tiltak har likevel eit potensial for uheldige verknader og avhengigheit, og dokumentasjonen byggjer førebels på studiar med relativt kort oppfølgingstid.
Alternative behandlingsformer under lupa
Det er behov for meir forsking på behandlingsformene og deira effekt på ulike typar spiseforstyrrelsar, viser rapporten.
– Vi har inkludert både kjende og nye behandlingsmetodar, men vår tillit til effekt-estimata er gjennomgåande låg. Dette understrekar behovet for meir og betre dokumentasjon, held Vist fram.
Låg tillit til dokumentasjonen betyr ikkje nødvendigvis at tiltaket ikkje har effekt.
Om studien
Studien er ei paraplyoversikt over systematiske oversikter, basert på litteratursøk frå 2020 og framover. Helsedirektoratet er oppdragsgivar og bestemte kva for behandlingsformer som skulle inkluderast i oversikta. Fleire behandlingsformer vart ekskluderte på grunn av metodisk kvalitet, vurdert med AMSTAR-2. Behandlingsformer som ikkje er oppsummerte i nye systematiske oversikter, representerer eit stort kunnskapshol i dagens forsking.