Lågare dødelegheit blant koronavaksinerte
Forskningsfunn
|Publisert
Personar som tok koronavaksine hadde lågare dødelegheit enn dei som ikkje tok vaksine i perioden 2021 til 2023 i Noreg. Det viser ein ny studie frå FHI.
Oppdatert februar 2026: Denne artikkelen er nå fagfellevurdert og publisert i British Medical Journal (BMJ Health) 5. februar 2026.
Noreg og mange andre vestlege land hadde overdødelegheit i åra 2021 til 2023. Overdødelegheita i denne perioden var høgare enn det som kunne forklarast med dødsfall knytt til koronasjukdom. Folkehelseinstituttet har derfor gjennomført ein studie for å undersøkje om det var skilnader i totaldødelegheit mellom dei som hadde teke koronavaksinene samanlikna med dei som ikkje hadde teke vaksine.
Lågare dødelegheit for fullvaksinerte
Tidlegare studiar frå blant anna Folkehelseinstituttet har vist lågare totaldødelegheit hos dei som har teke koronavaksine samanlikna med dei som ikkje har teke vaksine, men desse studiane har hatt kort varigheit. No har forskarar ved Folkehelseinstituttet gjennomført ei omfattande registerstudie der totaldødelegheit er undersøkt for den vaksne befolkninga i Noreg, over 4.6 millionar personar. Totalt var det nesten 133.000 dødsfall blant desse i åra 2021-2023. Studien er enno ikkje fagfellevurdert, og kan lesast i sin heilskap som ein preprint.
– Vi ser at personar som har teke koronavaksine hadde ein mykje lågare dødelegheit enn dei som ikkje har teke vaksine, seier fagdirektør Hanne Løvdal Gulseth. Det gjeld i alle aldersgrupper, både yngre og eldre.
I studieperioden 2021–2023 var det 85 % av befolkninga over 18 år som hadde teke minst éi dose koronavaksine og 62 % som hadde teke tre eller fleire dosar. Det var fleire som hadde teke minst tre dosar koronavaksine blant eldre og personar med ein medisinsk risikotilstand.
Dødelegheita (tal dødsfall per 100.000 personår) var 24–30 prosent lågare for dei som hadde teke minst tre dosar samanlikna med dei som ikkje hadde teke vaksine (sjå tabell). Denne skilnaden var større for menn enn for kvinner.
Når vi kontrollerte for ulik fordeling mellom vaksinerte og ikkje-vaksinerte etter kjønn, heimfylke, tidspunkt for vaksinering og om personen hadde ein medisinsk risikotilstand, forsvann skilnadene mellom aldersgruppene. Dødelegheita hos dei som hadde teke minst tre dosar samanlikna med dei som ikkje hadde teke koronavaksine vart også ytterlegare redusert.
Dødelegheitsratar
|
Alder |
Dødelegheitsrate fullvaksinerte per personår |
Dødelegheitsrate ikkje-vaksinerte per personår |
Forskjell |
|
18–44 år |
51,5 per 100.000 |
73,6 per 100.000 |
30 % |
|
45–64 år |
295,1 per 100.000 |
405,3 per 100.000 |
27 % |
|
65 år og eldre |
3620,2 per 100.000 |
4783,8 per 100.000 |
24 % |
Resultata frå studien er i tråd med tidlegare publiserte data om vaksineeffekt og tryggleik.
Styrkar og svakheiter ved studien
Ein styrke ved studien er at han dekkjer så å seie heile den vaksne befolkninga i Noreg, og at det er lang oppfølgingstid av både vaksinerte og uvaksinerte. Studien er gjort ved å kople individdata frå norske helseregister.
Ei svakheit ved studien er at vi ikkje kan utelukke at det er systematiske skjeivskapar mellom dei som vel å ta vaksine samanlikna med dei som ikkje gjer det. Dei som vel å ta vaksine kan vere generelt meir medvitne om eiga helse enn dei som ikkje vaksinerer seg, og kan difor ha ulik risiko for sjukdom og død uavhengig av vaksinering. Samstundes er det grupper i samfunnet, som for eksempel flyktningar, som kan ha redusert tilgang til vaksinering og av ulike årsaker auka risiko for død. Dette gjeld også for eldre personar som er i livets sluttfase og som blir vurdert som for svake til å ta vaksine. Det er fleire grupper i samfunnet som i mindre grad tek kontakt med helsevesenet for diagnostisering og behandling, og dermed blir ikkje deira medisinske risikotilstandar registrert.
Slik vart studien gjennomført
Forskarane kopla data frå Folkeregisteret, Nasjonalt vaksinasjonsregister (SYSVAK), Norsk pasientregister (NPR) og Kommunalt pasient- og brukarregister (KPR). Studien inkluderte berre personar som var vaksinerte med mRNA-koronavaksine. Desse vaksinene utgjorde 98,7 prosent av alle koronavaksinedosar registrert i Noreg i perioden.
Personane som var med i studien vart fordelte etter alder og etter vaksinestatus: uvaksinerte, delvis vaksinerte (dei som hadde fått éi eller to dosar av koronavaksine) og fullvaksinerte (tre eller fleire vaksinedosar). I dei statistiske analysane vart det justert for kjønn, heimfylke, tidspunkt og om personane høyrde til ein medisinsk risikogruppe.