Stor variasjon i tilbodet av gratis dagleg skulemat mellom ungdomsskule og vidaregåande viser nasjonal kartlegging
Forskningsfunn
|Publisert
Senter for evaluering av folkehelsetiltak ved FHI har kartlagt skulemattilbodet på norske ungdoms- og vidaregåande skular. Resultata viste atseks % av ungdomsskulane hadde tilbod om eit dagleg, gratis måltid. Tilsvarande prosentdel for vidaregåande skular var på 45%.
Alle resultata frå undersøkinga kan lesast i Norsk tidsskrift for ernæring: Eit dagleg, gratis skulemåltid i ungdomsskular og vidaregåande skular
Kartlegginga i ungdomsskulane vart gjennomført i 2020, mens kartlegginga i dei vidaregåande skulane blei gjennomført hausten 2022. Begge kartleggingane hadde god oppslutnad, der 83 % av alle dei offentlege ungdomsskulane og 87 % av dei offentlege vidaregåande skulane deltok.
Utbreiing av skulemattilbodet
Av dei 817 ungdomsskulane som svara på undersøkinga viste funna at for inkluderte ungdomsskular i landet var det 16 % som hadde ei skulematordning, medan det berre var 6 % som hadde eit tilbod om eit dagleg, gratis måltid. For dei vidaregåande skulane såg me at 45 % av skulane tilbydde eit dagleg, gratis måltid til elevane.
- Det er interessant at skilnaden på tilbodet mellom ungdomsskulane og dei vidaregåande skulane er så stort. I den vidaregåande skulen er tilbodet om eit gratis måltid som oftast i form av frukost, seier senterleiar Arnfinn Helleve.
I tillegg viste kartlegginga at majoriteten (95%) av dei vidaregåande skulane hadde kantiner. Resultata seier ingenting om deltaking i ordningane.
Store regionale skilnader
Kartlegginga viste fylkesvise skilnader i skulemattilbodet. 12 % av ungdomskulane i Vestfold og Telemark og Oslo hadde slike tilbod, i motsetnad til Vestland fylke der ingen ungdomsskular hadde slike tilbod.
Liknande regionale skilnader fann ein også for dei vidaregåande skulane. Kartlegginga viste at 70 % eller fleire av dei vidaregåande skulane i Nordland, Vestfold og Telemark, og Innlandet hadde tilbod om dagleg, gratis skulemåltid, medan ingen skular i Møre og Romsdal hadde dette tilbodet.
– Kartleggingane viste at det var store regionale skilnader, seier Helleve.