Ingen stor auke i helsetenester i heimen trass auke i levealder
Forskningsfunn
|Publisert
Levealderen har auka, men det har ikkje ført til ein større auke i helsetenester i heimen blant eldre. Det kan komme av at dei eldre er friskare, eller at terskelen for å få hjelp har blitt høgare.
Praktisk bistand i heimen er sjeldnare enn før, mens andelen som får helsetenester i heimen har vore stabilt dei siste to tiåra. På grunn av fleire eldre er det forventa meir enn ei fordobling av talet på eldre med behov for heimebaserte tenester dei kommande tiåra.
Resultata kjem fram i ein fersk studie frå Folkehelseinstituttet (FHI) publisert i Scandinavian Journal of Caring Sciences. Studien brukte data frå Helseundersøkinga i Trøndelag (HUNT) frå 1995-2019, kopla med nasjonale befolkningstal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) for å anslå behovet for heimebaserte tenester mot 2050.
Dei siste 1-2 åra i livet har vi bistand i heimen
Sidan 1990-talet har forventa levealder for ein typisk 70-åring auka med 2-3 år.
– Våre data viser at menn kan forvente å leve til 85 år og kvinner i til 87 år, og i gjennomsnitt har ein dei siste 1-2 leveåra praktisk bistand eller helsetenester i heimen, seier prosjektleiar, seniorforskar Bjørn Heine Strand ved avdeling for fysisk helse og aldring ved Folkehelseinstituttet.
Debut av bistand i heimen blir utsett til stadig høgare alder
Studien viser at trass i auke i forventa levealder har ikkje år med helsetenester i heimen auka i stor grad. Første gongs bistand i heimen blir utsett til stadig høgare alder.
Kva kan det komme av at første gongs bistand i heimen blir utsett til høgare alder?
– Dette kan komme av at eldre er friskare og treng mindre hjelp i heimen enn før, og/eller at terskelen for å få slike tenester har vorte høgare, svarer Strand.
– Mykje kan tyde på at førstnemnde scenario er mest sannsynleg, da tidlegare analysar frå det same datamaterialet har vist at eldre er i betre funksjon enn førre generasjon eldre, seier Strand. Vi finn også støtte for dette i studien vår: Blant dei som var over 70 år som fekk helsetenester var det ei klar betring i funksjonsnivået. Om lag halvparten i denne gruppa hadde alvorleg funksjonsnedsetjing i 1995/96 mot berre ein av fem i 2017/2019, presiserar han.
Eldre er meir sjølvhjelpte, men behovet for heimebaserte tenester vil auke på grunn av fleire eldre
Trass i betring i funksjonsnivået anslår vi ein stor auke i talet på eldre som vil ha behov for heimebaserte tenester, påpeikar Strand. Med auken i talet på eldre i befolkninga er talet på personar med bistand i heimen forventa å meir enn blir frå dobla om lag 64.000 i 2020 til 160.000 i 2050.
Om studien
I dette forskingsprosjektet kalla «Friske leveår» har forskarar ved FHI samarbeidd med forskarar frå Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU), UiT Noregs arktiske universitet og Nasjonalt senter for aldring og helse. Studien er støtta av Helsedirektoratet.
Meir enn 25.000 deltakarar i Helseundersøkinga i Trøndelag (HUNT) i 1995-1997, 2006-2008 og 2017-2019 svarte på spørsmål om heimebaserte tenester (praktisk bistand og/eller helsetenester i heimen), helse og funksjon. Deltakarane var 70 år eller eldre og budde heime.
Basert på dette, samanhalde med dødelegheitsdata berekna forskarane leveår etter 70 års alder med og utan heimebaserte tenester (Sullivans metode). Dødelegheit vart berekna basert på nasjonale registerdata henta frå microdata.no (eit samarbeid mellom Norsk senter for forskingsdata og SSB).