Få varsel ved oppdateringer av «Høg oppslutning om barnevaksinasjonsprogrammet»
Du har meldt deg på nyhetsvarsel for:
- Høg oppslutning om barnevaksinasjonsprogrammet
Nyhet
Høg oppslutning om barnevaksinasjonsprogrammet
Ny dekningsstatistikk frå Nasjonalt vaksinasjonsregister SYSVAK ved Folkehelseinstituttet viser høg oppslutning om vaksinar til barn og unge i Noreg.
Ny dekningsstatistikk frå Nasjonalt vaksinasjonsregister SYSVAK ved Folkehelseinstituttet viser høg oppslutning om vaksinar til barn og unge i Noreg.
Denne nyheten er eldre enn 30 dager og informasjonen kan være utdatert
Ta meg til forsiden
FHI publiserer årleg vaksinasjonsdekning for tre årskull (barn som er 2, 9 og 16 år gamle). Dekningsstatistikken for 2022 viser at dei aller fleste barna og unge har fått sine vaksinar gjennom barnevaksinasjonsprogrammet.
HPV-vaksinasjonsdekning i verdstoppen
HPV-vaksine til gutar fødd i 2006 og seinare vart innført i barnevaksinasjonsprogrammet i 2018. I år blir dekningstal for HPV-vaksine til gutar publisert for fyste gong. HPV-vaksine vart innført til jenter i barnevaksinasjonsprogrammet i 2009. Vaksinasjonsdekninga er høg og framleis aukande. Tala viser at Noreg ligg i verdstoppen for HPV-vaksinasjon med ei vaksinasjonsdekning på 89 % for gutar og 93 % for jenter i 2006-kullet.
– Den høge oppslutninga om HPV-vaksine i barnevaksinasjonsprogrammet vil gi store helsegevinstar på sikt. Vaksinen er svært effektiv, og vil redusera førekomst av HPV-relatert kreft, som livmorhalskreft og andre krefttypar, forårsaka av HPV-viruset, seier leiar for Barnevaksinasjonsprogrammet Margrethe Greve-Isdahl.
Robust barnevaksinasjonsprogram i Noreg
Mykje av den høge oppslutninga til vaksinane i barnevaksinasjonsprogrammet kan tilskrivast god organisering av programmet, og høg tillit til vaksinar og helsetenesta. Dei ulike strukturane og nivåa i programmet avheng av at alle delane fungerer godt saman. Koronapandemien fekk konsekvensar for barnevaksinasjon i mange land, med fall i vaksinasjonsdekninga og etter kvart utbrot av infeksjonar hos barn. I Noreg klarte ein å halda oppe aktiviteten i barnevaksinasjonsprogrammet, men det har kravd stor innsats og prioritering av helsesjukepleiarar til dette arbeidet.
– Framover blir det viktig å framleis sikre og prioritere det velfungerande systemet for gjennomføring av barnevaksinasjonsprogrammet, seier Margrethe Greve-Isdahl ved FHI.
Viktig at helsesjukepleiarar etterregistrerer vaksinar
Barn som flyttar til Noreg er oftast vaksinert, og blir talt med i befolkningstalet når vaksinasjonsdekninga blir berekna. Dersom desse ikkje får registrert vaksinar som er gitt tidlegare, vil dei framstå som uvaksinerte.
– Me veit at dette er ressurskrevjande, men det er viktig at helsesjukepleiarar prioriterer arbeidet med å etterregistrere vaksinar. Det er viktig både for å ha ei riktig oversikt over vaksinerte, men også for at barn og unge skal få eit korrekt vaksinasjonstilbod, seier Margrethe Greve-Isdahl.
Utdrag frå nasjonale dekningstal for 2022
Tabellen nedanfor viser eit utdrag av vaksinasjonsdekninga for 2022 for 2- og 16-åringar på nasjonalt nivå.
Difteri |
Meslinger |
Hib-infeksjon |
Pneumokokk- |
Rotavirus- |
Hepatitt B |
HPV-infeksjon (jenter) |
HPV-infeksjon (gutter) |
|
2-åringer |
97 |
96 |
97 |
95 |
95 |
96 |
|
|
9-åringer |
95 |
97 |
|
|
|
|
|
|
16-åringer |
93 |
94 |
|
|
|
|
93 |
89 |
Fakta om dekningsstatistikken
- Alle vaksinar som blir gitt i barnevaksinasjonsprogrammet er meldepliktige til det nasjonale vaksinasjonsregisteret SYSVAK, og blir rapportert inn frå helsestasjonane og skulehelsetenesta på individnivå. Dekningsstatistikken viser andel barn som er vaksinert i samsvar med tilrådingane i vaksinasjonsprogrammet.
- Den årlege vaksinasjonsdekninga som blir publisert er minimumstal, og den reelle dekninga kan vera høgare enn det statistikken viser. Viktigaste årsaker til at vaksinar ikkje er registrerte er:
- Tekniske problem med registreringa
- Ikkje oppdaterte folkeregisterdata
- Manglande etterregistrering
- I tillegg: medisinske kontraindikasjonar (sjukdom eller helsetilstand som gjer at det ikkje er medisinsk forsvarleg å ta vaksine)
- Vaksinasjonsdekninga blir publisert på nasjonalt nivå og på fylkesnivå for tre aldersgrupper: 2-, 9- og 16-åringar. Kommunestatistikken blir publisert i Kommunehelsa statistikkbank.
- Dekningsstatistikk for barnevaksinasjonsprogrammet finst på nettsida Statistikk for barnevaksinasjon.
- I nokre tilfelle er det ikkje oppgitt tal fordi tala blir prikka då dei er indirekte identifiserbare. Det er likevel viktig at kommunen får opplyst vaksinasjonsdekninga for dette kullet. Kommunar kan ta kontakt med , for å få informasjon om vaksinasjonsdekninga i eigen kommune, dersom dette ikkje er tilgjengeleg på nettsida.