Giftinformasjonen oppmodar foreldre til å oppbevare duftpinnar og romduft forsvarleg
Nyhet
|Publisert
Giftinformasjonen får omtrent 90 førespurnader om uhell med duftpinnar årleg. Rundt 75 % av desse gjeld barn i aldersgruppa 1 til 4 år. Enkelte av produkta inneheld giftige kjemikaliar som kan føra til forgifting viss barn får det i seg ved eit uhell. Manglande informasjon om innhaldsstoff, og dessutan uvisse rundt kor mykje barnet har svelgt, fører til at ein del barn må følgjast opp på sjukehus.
Denne nyheten er eldre enn 30 dager og informasjonen kan være utdatert
Ta meg til forsidenDuftpinnar kan lukte og smake godt. Produkta står ofte lett tilgjengeleg i heimen, utan kork og med stor opning. Dette aukar faren for at uhell skjer. Giftinformasjonen oppmodar foreldre til å oppbevare duftpinnar utanfor barns rekkevidde.
Uvisse ved inntak av duftpinnar
Uhell med duftpinnar kan by på fleire utfordringar.
– Viss me ikkje finn ut om produktet inneheld farlege kjemikaliar og det er usikkert kor mykje barnet har svelgt, må barnet ofte følgjast opp på sjukehus for å vere på den sikre sida, seier Merethe Midtervoll, seniorrådgivar ved Giftinformasjonen.
– Resultatet kan bli overbehandling av barna, stor bekymring hos foreldre og unødvendig belastning på helsetenesta. Me ser også at uhell med duftpinnar oftare fører til sjukehusinnleggingar, enn uhell med andre vanlege kjemiske produkt, legg Midtervoll til.
Mangelfull merking
Miljødirektoratet har avdekt at duftoljer i norske butikkar kan ha mangelfull faremerking. FHI har same erfaring på bakgrunn av førespurnader til Giftinformasjonens vakttelefon. Forbrukarar undervurderer kor giftige slike produkt kan vera ved svelging.
Ingen fare viss barn berre har sleikt på ein duftpinne
Har barnet sleikt eller soge på éin duftpinne, er det ikkje fare for forgifting. Ved andre uhell, kontakt Giftinformasjonen (22 59 13 00).