Hopp til innhold

Få varsel ved oppdateringer av «Ut og reise med koronasertifikat? Hugs dette»

Hvor ofte ønsker du å motta varsler fra fhi.no? (Gjelder alle dine varsler)
Ønsker du også varsler om:

E-postadressen du registrerer her vil kun bli brukt til å sende ut nyhetsvarsler du har bedt om. Du kan når som helst avslutte dine varsler og slette din e-post adresse ved å følge lenken i varslene du mottar.
Les mer om personvern på fhi.no

Du har meldt deg på nyhetsvarsel for:

  • Ut og reise med koronasertifikat? Hugs dette

Nyhet

Ut og reise med koronasertifikat? Hugs dette

Fleire land krev framleis koronasertifikat ved innreise. Det er lurt å sjekke reglane i landet du skal reise i god tid før du reiser.

Hugs å sjekke reglane til landet du skal reise til. Mange krev ikkje lenger koronasertifikat, men det er ofte ein del ulikskap i reglane mellom dei ulike landa. . Illustrasjon: NHN
Hugs å sjekke reglane til landet du skal reise til. Mange krev ikkje lenger koronasertifikat, men det er ofte ein del ulikskap i reglane mellom dei ulike landa. . Illustrasjon: NHN

Fleire land krev framleis koronasertifikat ved innreise. Det er lurt å sjekke reglane i landet du skal reise i god tid før du reiser.


Denne nyheten er eldre enn 30 dager og informasjonen kan være utdatert
Ta meg til forsiden

Reglane for koronasertifikatet er fastsette av EU. Mange av reglane er kompliserte å sette seg inn i.

– Det viktigaste folk bør gjere, er å sjekke om landet du skal reise til krev koronasertifikat. Svært mange land har gått bort frå krav om dette, seier overlege Eli Heen ved Folkehelseinstituttet.

Usikker på kva du skal sjekke, og kvar du sjekkar det?

Mange ulike reglar for gyldigheit

Viss landet krev koronasertifikat, finn du sertifikatet ditt på Koronasertifikat på Helsenorge, eller enda enklare – ved å laste ned Helsenorge-appen og opne koronasertifikatet der.

– Det viktigaste å hugse, er at du har gyldig koronasertifikat i uavgrensa tid viss du er over 18 år og har fått ein oppfriskingsdose. Viss du er grunnvaksinert, har du gyldig koronasertifikat i 270 dagar. Og viss du har gjennomgått covid-19, har du gyldig koronasertifikat frå dag 11 til dag 180 etter positiv test på teststasjon. Viss du er under 18 år, har du gyldig koronasertifikat i uavgrensa tid viss du er grunnvaksinert. Både barn og vaksne blir i Noreg og dei fleste land rekna som grunnvaksinerte enten etter to vaksinedosar eller etter éin dose i tillegg til positiv test. Du kan òg få innreise i mange land ved å ta ein test for å dokumentere at du ikkje har covid-19, seier overlege Eli Heen ved FHI.

Teknisk gyldighet

Koronasertifikatet har to typer gyldigheit. Den eine handlar om test- og vaksinasjonsopplysningar. Den andre handlar om tekniske gyldigheit.

Kva som er registrert av test- og vaksinasjonsopplysningar avgjer om du får eit gyldig sertifikat, og det kan avgrense kor lenge sertifikatet er gyldig. I tillegg er det ein teknisk gyldigheit som inneber at sertifikatet maksimalt er gyldig 90 dagar fram i tid frå kvar gang sertifikatet blir opna digitalt, blir lasta ned eller blir skrive ut. Dette er for å hindre misbruk.

–  Dette siste betyr at folk som ønsker å skrive ut koronasertifikatet, bør gjere dette ikkje alt for lenge før dei skal ut og reise, seier overlege Eli Heen.

Test for reise

FHI får òg ein del spørsmål om kvar ein kan teste seg.

– Du kan spørje kommunen om dei har moglegheit til å ta ein test, eller gå til ein av dei private aktørane som tilbyr dette. Moglegheita for testing vil vere ulik avhengig av kvar i landet du bur, og du bør òg sjekke dette i god tid viss du treng test for reise, seier Eli Heen.

Spesielt viktig for deg som har barn over 16 år

Viss det er krav om koronasertifikat òg for barn under 16 år dit du skal, finn du koronasertifikat for barna dine på di eiga side for koronasertifikat på Helsenorge.

– For dei som er tenåringsforeldre, er det i tillegg viktig å hugse på at du mistar tilgangen til koronasertifikatet til barna dine når dei fyller 16 år. Hugs i så fall å be barna skaffe seg elektronisk ID i god tid før dei skal reise, og at dette krev gyldig ID (pass eller nasjonalt ID-kort). Da vil dei kunne logge seg på Helsenorge, og få tilgang til sitt eige koronasertifikat, seier overlege Eli Heen ved FHI.

Ekstra vaksinedose

FHI får òg ein del spørsmål om i kva grad det er lurt å vaksinere seg med ein ekstra vaksinedose viss ein ikkje har nok vaksinedosar for eit gyldig koronasertifikat.

– Reglane kan endrast fram mot sommaren, men det er ikkje lurt å vente lenger enn 1 månad før reise med ein eventuell vaksinedose, seier Eli Heen ved FHI.