Kvinnehelse: Framleis store kunnskapshol
Forskningsfunn
|Publisert
Framleis er det store kunnskapshol om effekt av behandling på typiske kvinnesjukdommar. Særskilt gjeld dette dei yngre og dei eldre aldersgruppene. Det viser eit forskingskart utarbeida av Folkehelseinstituttet.
Forskarane kartla systematiske oversikter på forsking som omhandlar behandling av sjukdommar som berre rammar kvinner og sjukdommar som kan ramme ulikt mellom kjønna.
Over 3000 systematiske oversikter
Då forskarane gjekk gjennom litteraturen, fann dei 3103 systematiske oversikter i alt:
- 1739 systematiske oversikter om behandling av sjukdommar som berre rammer kvinner.
- 777 systematiske oversikter om behandling av sjukdommar som kan ramme alle og som hadde egne analyser på kvinner.
- 587 systematiske oversikter om behandling av brystkreft.
– Vi fann store kunnskapshol i forskinga på effekt av behandling av kvinner for sjukdommar som rammar dei yngre og dei eldre aldersgruppene, seier prosjektleiar og forskar Gunn E. Vist frå Folkehelseinstituttet.
Lite har skjedd dei siste tjue åra
Av dei 2870 systematiske oversiktene som enten berre omhandla kvinner eller hadde egne analyser på kvinner, var under 1 prosent om barn (0 til 12 år), 2 prosent om ungdom (13 til 17 år), 1 prosent om pensjonistar (67 til 79 år) og 1 prosent om eldre over 80 år.
I 1999 blei det i NOU-en Kvinners helse i Norge (NOU 1999:13) etterlyst meir forsking på kvinnesjukdommar hos dei yngre og dei eldre aldersgruppene.
– Lite har skjedd sidan då, slår Vist fast.
Forskingskartet er bestilt av Helse- og omsorgsdepartementet, og er tenkt brukt i arbeidet med ei ny Norsk offentleg utreiing (NOU) om kvinners helse og helse i eit kjønnsperspektiv.