Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv

Forskningsfunn

Rike lever mykje lenger enn fattige

Publisert

Illustrasjonsbilde
Colourbox.com

Dei aller rikaste 40-åringane kan rekne med å leve opptil 14 år lenger enn dei aller fattigaste. Forskjellane auka betydeleg frå 2005 til 2015. Det viser ein studie frå Folkehelseinstituttet.


Formålet med studien var å beskrive forskjellar i forventa levealder og dødsårsaker etter inntekt i Noreg i perioden 2005-2015 og samanlikne med tilsvarande berekningar frå USA. Studien er publisert i det prestisjefylte tidsskriftet JAMA.

‒ Den store og raskt aukande forskjellen i levealder mellom dei rikaste og fattigaste vekkjer oppsikt i fleire fagmiljø, spesielt med tanke på at inntektsforskjellane i Noreg er relativt små, seier seniorforskar og førsteforfattar på studien, Jonas Minet Kinge ved Senter for fruktbarhet og helse og Senter for sykdomsbyrde, Folkehelseinstituttet. Han er også førsteamanuensis i helseøkonomi ved Universitetet i Oslo.

‒ Når vi samanliknar dei norske resultata med tilsvarande berekningar frå USA, ser vi at dei med aller høgast hushaldningsinntekt, har omtrent same forventa levealder i Noreg og USA. Tilsvarande har dei med aller lågast inntekt også ganske lik forventa levealder. Berekningane gjeld forventa levealder ved 40 år. Formue er ikkje med i berekningane.

‒ I dei gruppene som ligg mellom ytterkantane, er forventa levealder derimot jamt over høgare i Noreg enn i USA. Dette gjeld særleg gruppene med gjennomsnittleg og lågare inntekt, legg han til.

Dette er den første gongen at forventa levealder er berekna for så detaljerte inntektsgrupper i Noreg, og deretter analysert for å få fram dødsårsakene. Vidare er det første gongen at forholdet mellom inntekt og forventa levealder i Noreg er samanlikna direkte med tilsvarande estimat frå USA. Det siste var eit svært krevande analysearbeid.

Resultat

Resultata frå studien viser følgande når vi samanliknar dei 1 prosent med høgast og lågast hushaldningsinntekt. Samanlikninga gjeld 40-åringar (sjå figur 1):

  • Forventa levealder i Noreg er høgast blant dei rikaste éin prosent av kvinnene. I denne gruppa var forventa levealder 86,4 år. Desse kvinnene vil leve i gjennomsnitt 8,4 år lenger enn kvinnene med lågast inntekt.
  • Lågast forventa levealder har dei mennene som tilhøyrer den eine prosenten med lågast inntekt. I denne gruppa var forventa levealder 70,6 år. Det er 13,8 år lågare enn mennene i den andre enden av skalaen.
figur
Figur: FHI

Figur 1: Blå kurve viser forventa levealder ved 40 år for menn i ulike inntektsgrupper. Dei fattigaste éin prosent har forventa levealder på 70,6 år. Dei rikaste éin prosent har forventa levealder på 84,4 år. Tal for kvinnene (raud kurve) er respektive 78,0 og 86,4 år. Sjå forklaring på prosentilar.

Når ein samanliknar dei 25 prosent med høgast og lågast inntekt, er forskjellane i levealder 8 år for menn og 6 år for kvinner. Høgare dødelegheit av hjarte- og karsjukdommar, lungesjukdom (kols), lungekreft og andre kreftsjukdommar forklarer høgare dødelegheit samla sett i låginntektsgruppene.

Dødsfall på grunn av ruslidingar og sjølvmord slo særleg ut for låginntektsgruppene under 60 år. Spesielt var sjølvmord og ruslidingar viktig for menn i aldersgruppa 40-49 år.

Levealder-gapet har auka

I perioden 2005-2015 auka levealder-gapet mellom dei 25 prosent med høgast inntekt og dei 25 prosent med lågast inntekt i Noreg. Også denne berekninga gjeld 40-åringar (sjå figur 2a og 2b):

  • Dei 25 prosent av kvinnene med høgast inntekt auka levealderen med 3,2 år mens dei 25 prosent av kvinnene med lågast inntekt reduserte levealderen med 0,4 år.
  • Dei 25 prosent av mennene med høgast inntekt auka levealderen med 3,1 år og dei 25 prosent av mennene med lågast inntekt med 0,9 år.
fhi
Figur: FHI

Figur 2a: Figuren viser utvikling i forventa levealder for dei 25 prosent av mennene med høgast og lågast inntekt i Noreg i perioden 2005-2015. Berekningane gjeld 40-åringar.

Figur
Figur: FHI

Figur 2b: Figuren viser utvikling i forventa levealder for dei 25 prosent av kvinnene med høgast og lågast inntekt i Noreg i perioden 2005-2015. Berekningane gjeld 40-åringar.

Folkesjukdommar forklarer levealder-gapet

Det som bidro mest til levealder-gapet, var dødsfall av hjarte- og karsjukdom og kreft. Hjarte- og karsjukdommar har gått ned i alle inntektsgrupper, men det er framleis eit stykke igjen før dødelegheita i låginntektsgruppene er på nivå med høginntektsgruppene.

I høginntektsgruppene har det også vore nedgang i kreftdødsfall, men ikkje i låginntektsgruppene.

Røyking forklarer delar av levealder-gapet og kan forklare at låginntektskvinnene ikkje auka levealderen i perioden 2005-2015. Likevel var det berre om lag 20 prosent av dei inntektsbaserte forskjellane i levealder som kunne forklarast av røyking i denne studien.

‒ Dette er ein beskrivande studie. Vi veit lite om kvifor forskjellane er så store og kvifor dei aukar. Studiar frå Sverige og andre land tyder på at det ikkje er pengane i seg sjølv som gjer at dei med lågare inntekt har lågare forventa levealder. Blant dei som har låg inntekt, er det til dømes fleire som bur aleine, og fleire som har lågare utdanning. Vidare kan tilgang til helseinformasjon, medfødte eigenskapar, fosterliv og oppvekst og andre miljøforhold vere viktige, seier Kinge.

‒ Vi må forske meir på årsakene. Heldigvis har vi eit forskarmiljø i Noreg som har kompetanse på å kople data frå helseregistra med data for inntekt, utdanning og hushaldningsinformasjon. Ved hjelp av registerkoplingane kan vi gjere meir detaljerte analyser enn det dei kan i dei fleste andre land, noko denne studien også viser, legg han til.

Studien viser følgande for 40-åringar:

  • Blant dei éin prosent av mennene og kvinnene som hadde lågast hushaldningsinntekt, budde 50 prosent aleine utan barn. Blant dei rikaste var tilsvarande tal om lag ti prosent.
  • Blant dei éin prosent med lågast inntekt hadde knapt 20 prosent universitets- og høgskuleutdanning mot vel 50 prosent blant dei rikaste éin prosent.

Noreg versus USA

Forskarane har samanlikna dei norske resultata med ein tilsvarande studie frå USA i same periode.

Samanlikninga viser interessante funn for 40-åringar:

  • Forskjellen i levealder mellom dei 1 prosent med høgast og lågast hushaldningsinntekt er omtrent den same for menn i Noreg og USA. Forskjellen er noko mindre for kvinnene.
  • Dei som ligg mellom lågaste og høgaste inntekt i Noreg har jamt over ein høgare forventa levealder samanlikna med dei som ligg mellom lågaste og høgaste inntekt i USA.
  • Studien frå USA viser at fattige amerikanarar har hatt ein betydeleg lågare auke i forventa levealder enn det rike amerikanarar har hatt i perioden 2001–2014. Den same tendensen ser vi i Noreg.

‒ Samanlikninga har interesse for forskarar ettersom det norske helse- og utdanningssystemet i hovudsak er offentleg finansiert, mens det i USA er ein høg del privat finansiering. Vidare er det i Noreg relativt små inntektsforskjellar, mens ein i USA har høge inntektsforskjellar, seier Kinge.

Om studien

Studien inkluderte 3 041 828 personar over 40 år og 441 768 dødsfall i Noreg mellom 2005 og 2015.

Gjennomsnittleg tal i hushaldninga var 2,5 personar.

Forventa levealder var basert på den delen av befolkninga som var 40 år og eldre.

Hushaldningsinntekta var definert som summen av alle hushaldningsmedlemmene sine individuelle inntekter, justert for antal personar i hushaldninga. Inntektene inkluderte yrkesinntekter, kapitalinntekter, skattepliktige og skattefrie overføringar i løpet av kalenderåret, etter at skatt og negative overføringar var trukke frå.

Personar utan inntekt eller med inntekt frå uregistrerte kjelder deltok ikkje i undersøkinga.

Studien er basert på data frå Folkeregisteret, Skatteregisteret, Dødsårsaksregisteret og Nasjonal utdanningsdatabase.

Studien er gjort i samarbeid med forskarar frå Statistisk sentralbyrå og University of Washington, Seattle.

Referanse

Kinge, JM., Modalsli, JH., Øverland, S., Gjessing, HK., Tollånes, MC., Knudsen AK., Skirbekk V., Strand, BH., Håberg, SE., & Vollset, SE. (2019) Association of Household Income with Life Expectancy and Cause Specific Mortality in Norway, 2005-2015. JAMA ,32(19), 1-10

Ordforklaringer

Prosentilar for hushaldningsinntekt:
1-prosenttilen: 99 prosent av befolkninga har høgare inntekt
25-prosentilen: 25 prosent har lågare inntekt og 75 prosent høgare
99-prosentilen: 99 prosent har lågare inntekt og 1 prosent høgare