Meir tid på sosiale medium gav litt meir depresjon, åtferdsproblem og drikking
Forskningsfunn
|Publisert
Dersom vanleg norsk ungdom aukar bruken av sosiale medium med tre timar per dag, vil det berre føre til ein liten auke i depresjon, åtferdsproblem og alkoholbruk. Det viser ein studie frå Folkehelseinstituttet.
– Funna våre tilseier at foreldre i liten grad treng å bekymre seg for at ungdommane deira vil bli deprimerte av å bruke sosiale medium, seier Geir Scott Brunborg, forskar ved Folkehelseinstituttet.
– Ein kunne tenke seg at ungdom vart deprimerte av å samanlikne seg med andre på sosiale medium. Eller vart deprimerte av for lite kontakt med venner ansikt-til-ansikt. Men studien vår fann at samanhengen var svak, seier Brunborg.
Han fortel at tidlegare forsking også har funne at bruk av digital teknologi påverkar trivselen til barna negativt, men at det skjer i liten grad. Det er heller ting som usunn livsstil og sosiale problem som går ut over livskvaliteten deira.
– Vil ein redusere depresjon, åtferdsproblem og drikking blant ungdom, bør ein velje andre tiltak enn å redusere tida dei bruker på sosiale medium. Kognitiv åtferdsterapi, familiebaserte førebyggingstiltak, reduksjon i sosial forskjell, og tiltak for å redusere tilgjengeligheten til alkohol i samfunnet ser ut til å vere meir effektive i så måte, seier forskaren.
Om studien
Folkehelseinstituttet spurde 750 norske ungdommar om tid brukt på sosiale medium, psykisk helse, åtferd og alkoholbruk. Undersøkelsen blei gjort to gonger med eit halvt års mellomrom, som del Folkehelseinstituttets Mitt liv-prosjekt. Ungdommane var i gjennomsnitt 15 år, og brukte i gjennomsnitt 2,5 timar på sosiale medium per dag i starten av studien. Dei vart spurde i 2014 og 2015.
Forskarane analyserte om ein auke i tid brukt på sosiale medium hadde samanheng med auka symptom på depresjon og åtferdsproblem, og dessutan alkoholbruk. Dei fann ein samanheng, men han var svært liten.
Referanse
Geir Scott Brunborg, Jasmina Burdzovic Andreas, Increase in time spent on social media is associated with modest increase in depression, conduct problems, and episodic heavy drinking, Journal of Adolescence, Volume 74, 2019, Pages 201-209, https://doi.org/10.1016/j.adolescence.2019.06.013 (Berre samandraget er opent for alle, artikkelen er bak tidsskriftet sin betalingsmur).