Hopp til innhold

Forskningsfunn

Færre barn får diagnosen Tourettes syndrom i Noreg enn elles i verda

Publisert

Vel fire av 1000 norske barn blir diagnostiserte med Tourettes syndrom innan 12 års alder, viser ein studie frå Folkehelseinstituttet.

Barn i ring
Illustrasjonsfoto: Colourbox.com

Vel fire av 1000 norske barn blir diagnostiserte med Tourettes syndrom innan 12 års alder, viser ein studie frå Folkehelseinstituttet.


Talet gjeld barn som er fødde i åra 2002–2010, i alt var det 0,43 prosent eller vel 4 av 1000 som fekk diagnosen. Tourettes syndrom debuterer i barnealderen. Symptoma er kroniske motoriske og vokale tics. Tics kan til dømes ytre seg som eksplosiv kremting, grimasar eller blunking med auga.

Ei oppsummering av forsking frå mange land viser høgare tal elles i verda; nesten 8 av 1000 barn (0,77 prosent) i aldersgruppa 6–15 år får diagnosen.

Skilnaden mellom Noreg og andre land kan tyde på at det er ein del barn som tilfredsstiller diagnosekriteria for Tourettes syndrom, men som ikkje får diagnosen i Noreg.

Betydeleg variasjon mellom fylka

Studien viser også at andelen som vart diagnostiserte, varierte betydeleg mellom fylka, frå 1,5 av 1000 (0,15 prosent) i Oslo til 12 av 1000 (1,23 prosent) i Aust-Agder.

Vi veit ikkje kvifor andelane varierer mellom fylka. Sannsynlegvis kjem det av ulik tilvisings- og diagnosepraksis, eller ulik kompetanse blant helsepersonell. Vi kjenner ikkje til befolkningsstudiar som viser at den reelle risikoen for Tourettes syndrom varierer geografisk innafor same land, seier hovudforfattaren av studien, Pål Surén.

For Noreg sett under eitt var andelen med Tourette-diagnosar stabil frå 2008 til 2016.

Fleire diagnosar samtidig

Fleirtalet av dei diagnostiserte hadde andre psykiatriske eller nevrologiske diagnosar i tillegg til Tourettes syndrom. Vanlegast var ADHD/hyperkinetisk forstyrring (50 prosent) og autismespekterforstyrring (11 prosent).

16 prosent fekk antipsykotiske legemiddel i året etter at diagnosen var stilt, sannsynlegvis til behandling av tics.

Det var fleire gutar (0,71 prosent) enn jenter (0,15 prosent) som fekk diagnosen.

Tourettes syndrom er ikkje så sjeldan som ein kanskje skulle tru. Likevel er det forska lite på tilstanden i Noreg. Folkehelseinstituttet vil bruke funna frå denne studien i vidare forsking på Tourettes syndrom, seier Surén.

Om studien

Forskarane brukte data frå Norsk pasientregister og Folkeregisteret. Dei berekna andelane med Tourettes syndrom blant barn som vart fødde i åra 2002–2010. Berekningane vart gjort for landet totalt og fylkesvis. Medikamentell behandling vart kartlagt med data frå Reseptregisteret.

Heile artikkelen Tourettes syndrom hos barn i Norge kan du lese i Tidsskrift for Den norske legeforening.

Referanse

Pål Surén, Inger Johanne Bakken, Svetlana Skurtveit, Marte Handal, Ted Reichborn-Kjennerud, Camilla Stoltenberg, Liv Irene Nøstvik, Bernhard Weidle. Tourettes syndrom hos barn i Norge. Tidsskr Nor Legeforen 2019. doi: 10.4045/tidsskr.19.0411