Hopp til innhold

Forskningsfunn

Barn som har hatt mange konfliktar med vaksne, har svakare skuleferdigheiter

Publisert

barn, skole
Illustrasjonsfoto: Colourbox 9026131.

Åtteåringar som har hatt mange konfliktar med vaksne i barnehagen eller skulen, har svakare skuleferdigheiter og dårlegare psykisk helse enn andre barn. Det viser ein rapport om læringsmiljø frå Folkehelseinstituttet.


Kva har den pedagogiske praksisen i barnehagen og læringsmiljøet i skulen å seie for skuleferdigheitene og den psykiske helsa til åtteåringar? Forskarar ved Folkehelseinstituttet har undersøkt dette ved å gjennomføre spørjeundersøkingar blant foreldre, barnehagelærarar og skulelærarar til 2700 barn.

Dette er den sjuande rapporten frå Språk- og Læringsstudien (SOL) som Folkehelseinstituttet har utarbeidd på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet. Resultata er publiserte i rapporten Skoleferdigheter og psykisk helse hos 8-åringer. Betydningen av pedagogisk praksis i barnehagen og læringsmiljø i skolen.

Nærleik versus konflikt

– Resultata viser at barna sitt forhold til dei vaksne i barnehagen og skulen heng saman med skuleferdigheiter og psykisk helse når barna er åtte år, seier Mari Vaage Wang, forskar ved Folkehelseinstituttet.

  • Dersom vaksen-barn-forholdet er nært, er det forbunde med betre skuleferdigheiter og betre psykisk helse hos barna. Konfliktar mellom vaksne og barn er derimot forbunde med svakare skuleferdigheiter og dårlegare psykisk helse hos barna.

Wang understrekar:

– Sjølv om vi har funne samanhengar, treng ikkje det bety at det eine forårsakar det andre. Det er til dømes vanskeleg å seie om konfliktar med ein lærar kan føre til åtferdsvanskar hos ein elev, eller motsett – om åtferdsvanskar hos ein elev kan føre til eit konfliktfylt forhold til læraren.

Barnehagen: Pedagogikken ikkje avgjerande for skuleferdigheiter

For dei fleste barn har pedagogikken i barnehagen lite å seie for skuleferdigheitene seinare.

– Vi fann liten eller ingen samanheng mellom pedagogisk praksis i barnehagen og skuleferdigheiter seinare, fortel Wang. Pedagogisk praksis vart undersøkt då barna var fem år, og skuleferdigheitene vart undersøkt då barna var åtte år.

Norske styresmakter har satsa på å etablere god kvalitet i barnehagar over heile landet.

– Det siste tiåret har den tida som femåringar brukar på skuleførebuande aktivitetar i barnehagen auka. Denne utviklinga ser vi no i nesten alle norske barnehagar, seier Wang.

Rapporten belyser betydninga av ulike pedagogiske praksisar og ulike pedagogiske dagsplanar i barnehagen. Dei ulike praksisane samsvarer med arbeidsmetodar og tilrettelegging som er beskrivne i rammeplanen for barnehagane.

  • Det ser ikkje ut til at det er særleg sterk samanheng mellom kva for metodar som brukast i barnehagen og barna sine skuleferdigheiter seinare.

Det er likevel viktig å merke seg nokre unntak for enkelte grupper:

  • Nokre sårbare jenter som har gått i barnehagar med mykje frileik og medverknad, har svakare skuleferdigheiter enn dei som har gått i barnehagar der det var lite merksemd på dette.
  • Dei jentene som var yngst ved skulestart, har betre skuleferdigheiter dersom dei som har gått i ein barnehage med mange tal- og bokstav-aktivitetar.

Skulen: Lite mobbing forbunde med betre skuleferdigheter

Rapporten viser òg nokre samanhengar mellom læringsmiljø i skulen og barna sine skuleferdigheiter og psykiske helse.

  • For alle barn var eit læringsmiljø med lite mobbing og eit godt forhold mellom elevane forbunde med betre skuleferdigheiter og psykisk helse ved åtte år.

Forskarane undersøkte òg korleis pedagogisk praksis heng saman med spesialundervisning og tiltak. Dette var det dei fann:

  • Barn på skular som hadde eit godt samarbeid med Pedagogisk-psykologisk teneste (PPT) fekk oftare tildelt spesialundervisning eller anna hjelp.
  • Det var meir sannsynleg at barnet hadde fått tildelt spesialundervisning dersom det hadde ein lærar med ti års røynsle eller meir.

Treng meir kunnskap om betydninga av læringsmiljøet

Forskarane håper at resultata som vert presentert i rapporten, kan vere til nytte for fagfolk, foreldre og beslutningstakarar som er opptekne av kvalitet og læringsmiljø i norske barnehagar og skular.

– For å kunne legge til rette skuledagen og forholda i barnehagen slik at alle barn, også dei sårbare, kan lære og utvikle seg, treng vi likevel meir forsking på kva læringsmiljøet har å seie for barna, fastslår Mari Vaage Wang.