Hopp til innhold

Få varsel ved oppdateringer av «Språkproblem kan bli fatale i møte med helsetenesta»

Hvor ofte ønsker du å motta varsler fra fhi.no? (Gjelder alle dine varsler)
Ønsker du også varsler om:

E-postadressen du registrerer her vil kun bli brukt til å sende ut nyhetsvarsler du har bedt om. Du kan når som helst avslutte dine varsler og slette din e-post adresse ved å følge lenken i varslene du mottar.
Les mer om personvern på fhi.no

Du har meldt deg på nyhetsvarsel for:

  • Språkproblem kan bli fatale i møte med helsetenesta

Forskningsfunn

Språkproblem kan bli fatale i møte med helsetenesta

– Helsetenesta bryt lova dersom kommunikasjonen mellom helsepersonell og pasientar ikkje er god nok, seier psykolog Emine Kale ved Folkehelseinstituttet i doktorgraden sin.

Lege med stetoskop
Foto: Colourbox.com.

– Helsetenesta bryt lova dersom kommunikasjonen mellom helsepersonell og pasientar ikkje er god nok, seier psykolog Emine Kale ved Folkehelseinstituttet i doktorgraden sin.


I avhandlinga si har ho sett på samspelet mellom helsepersonell og pasientar som snakkar dårleg norsk. Språklege barrierar er særleg eit problem når pasienten skal kommunisere kjenslene sine med helsepersonell.

– Det viktigaste problemet er at helsepersonell ikkje ser heile pasienten, men berre symptoma. Dermed vert kjenslemessige tema, slik som bekymringar, oversett. Dersom ein pasient til dømes er livredd for å ha fått kreft, men ikkje får formidla denne angsten, hjelper det ikkje kor flink legen er. Då er pasienten like redd når ho går ut av kontoret som då ho kom inn, seier Emine Kale. 

Meir om Kales doktorarbeid kan du lese i saken her på fhi.no: Språk for følelser hos legen?

Dette er nokre av funna:

  • Pasientar som snakkar lite norsk, slit med å uttrykkje bekymringane sine til legen. Det å forklare kjensler, krev ofte eit meir nyansert språk.
  • Pasientar som snakkar lite norsk ser også ut til å ha ei tilleggsbekymring som er knytt til språket, ein slag «språkangst».
  • Innvandrarar som snakka godt norsk, uttrykte i større grad kjensler og bekymring enn etnisk norske pasientar.
  • Legane som deltok i studien, gav i stor grad pasientane rom for å snakka om kjensler.
  • Kvinnelege leger hadde ein meir empatisk og utforskande stil enn dei mannlege.
  • Legene hadde likevel ein tendens til å oversjå dei emosjonelle hinta frå pasientar som ikkje snakka godt norsk.
  • Ikkje alle pasientar som har krav på tolk, får det.
  • Det kan vere vanskeleg å kommunisere kjensler gjennom ein tredje person sjølv om tolken er språkleg god.

– Dugleiken til tolken er viktig for korleis pasienten opplever kvaliteten på helsetenesta. Dersom pasienten ikkje har tillit til tolken, kan tolketenesta motverke føremålet sitt. Dette vises i internasjonal forskning, sier Kale.

Alvorlege konsekvensar?

Blant pasientane i studien fann ho eit døme på ei språkleg misforståing som kunne ha vore fatalt. Ein ung pasient hadde stoppa å ta livsnødvendig medisin, fordi han og foreldra hadde misforstått instruksane til legen.

Kale meiner at legane må ta seg tid til å sjekke om pasienten har forstått informasjonen rett, om pasienten ynskjer meir informasjon og om han/ho er bekymra for noko. Ho meiner også at legene i mykje større grad  kan kommentere språkproblema og anerkjenne usikkerheita som oppstår.