Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Forskningsfunn

Nye tilfelle av type 2 diabetes redusert med ein tredel på seks år

Stadig færre får type 2 diabetes. Talet på nye, årlege tilfelle er redusert frå over 16 000 i 2009 til 11 000 i 2014. Det viser ein ny studie frå Folkehelseinstituttet.

Type 2 diabetes er ein av dei store folkesjukdomane. Pasientgruppa aukar år for år.

– Derfor er det særleg gledeleg at vi ser nedgang i talet på nye tilfelle, og at det gjeld alle aldersgrupper, alle utdannings- og dei fleste innvandrargrupper, seier førsteforfatter på studien, PhD-stipendiat Paz Lopez-Doriga Ruiz ved avdeling for kroniske sjukdomar og aldring, Folkehelseinstituttet, og Oslo universitetssjukehus.

– Vi veit ikkje om nedgangen i 2009-2014 var mellombels og om tala etterpå har gått opp eller vidare nedover. Vi håpar at vi kan vidareføre arbeidet med årlege oppdateringar, og at dette blir ein del av instituttet si helseovervaking. Det har stor interesse å følgje utviklinga i type 2 diabetes frå år til år, legg Ruiz til.

Fakta diabetes
Type 2 diabetes er den vanlegaste diabetessjukdomen. Antalet som lever med sjukdomen har auka parallelt med auke i overvekt og fedme dei siste 50 åra. Også redusert fysisk aktivitet og endra kosthald har truleg påverka førekomsten.
Tilstanden vert behandla med kost og mosjon, blodsukkersenkande tablettar og eventuelt insulin i tillegg.
Type 1 diabetes er ein annan sjukdom og blir behandla med insulininjeksjonar.

Frå 16 000 til 11 000 per år

I den nye analysen har forskarane ved Folkehelseinstituttet berekna både talet på nye, årlege tilfelle, og korleis tilfella fordeler seg på menn og kvinner, ulike aldersgrupper, utdanningsnivå og fødeland. Det er første gong dette er gjort for Noreg. I tillegg har forskarane gjort nye berekningar av antalet som lever med sjukdomen.

I arbeidet har det vore naudsynt å kople data frå tre ulike Norsk pasientregister, Reseptregisteret, KUHR-registeret primærhelsetenesta, Statistisk sentralbyrå og Folkeregisteret. 

Resultata viser at:

  • Talet på nye tilfelle gjekk ned frå 609 per 100 000 i 2009 til 398 per 100 000 i 2014, sjå figur 1. I faktiske tal tyder det nedgang frå over 16 000 nye tilfelle i 2009 til 11 000 i 2014.
  • Totalt fekk 75 000 personar type 2 diabetes i perioden frå januar 2009 til juni 2014, i gjennomsnitt er det 13 600 per kalenderår. 
 

Figur 1. Nye tilfelle av type 2 diabetes har gått ned både hos menn og kvinner. Svart line viser gjennomsnitt. Figur: FHI.

Talet på nye tilfelle gjekk ned i alle aldersgrupper, og både hos dei med høg og låg utdanning (figur 2) og blant innvandrarar (figur 3). Personar som er fødde i Asia, Afrika og Sør-Amerika, har auka risiko, og det var tydeleg nedgang også i desse gruppene, bortsedd frå i gruppa som er fødd i Afrika.

 

Figur 2: Nye tilfelle etter fødeland i ulike verdsdelar. Figur: FHI.

 

 

Figur 3: Talet på nye tilfelle har gått ned i alle utdanningsgrupper. Diagrammet viser talet på tilfelle per 100 000 etter utdanningslengd; ungdomsskule eller mindre (opptil 10 år), 11-13 år på skule (vidaregåande) og meir enn 13 års utdanning (høgskule/universitet).

Endringar i livsstil?

Forskargruppa kan ikkje seie noko om kva som er årsakene til nedgangen, men dei trur at den har samanheng med endringar i livsstil. Også nye tilfelle av hjarteinfarkt har gått ned, noko som truleg har samanheng med blant anna røyking, fysisk aktivitet og kosthald.

Det kan verke som eit paradoks at vi ser auke i overvekt i befolkninga, men likevel fell talet på dei som får type 2 diabetes og infarkt. Her kan det vere summen av alle faktorar som går i rett retning.

Over 195 000 levde med type 2 diabetes i 2014

Talet på nyoppdaga diabetes kjem i tillegg til dei som allereie lever med type 2 diabetes. I løpet av perioden 2009-2014 auka difor talet på personar med type 2 diabetes i befolkninga.

– Endringar i talet på nye tilfelle kan kome raskt, men vi  må anslagsvis ha minst ti år med nedgang i talet på nye tilfelle før vi ser merkbar nedgang i talet som lever med sjukdomen, seier forskar Lars Christian Stene ved Folkehelseinstituttet og medforfattar på studien.

Han minner om at den gjennomsnittlege pasienten med type 2 diabetes får diagnosen rundt 60 års alder. Med god medisinsk behandling vil svært mange leve i minst 20 år med sjukdomen.

  • I 2014 er det berekna at 195 000 personar i aldersgruppa 30 til 89 år hadde sjukdomen.
  • I gjennomsnitt hadde meir enn 1 av 20 vaksne personar mellom 30 og 89 år type 2 diabetes i 2014. Andelen auka frå 4,9 prosent i 2009 til 6,1 prosent i 2014.

På grunn av befolkningsvekst og auka levealder har truleg talet på personar som lever med type 2 diabetes halde fram med å auka fram til i dag. Data frå Reseptregisteret støttar dette, men desse dataa omfattar ikkje dei som berre vert behandla med livsstilstiltak.

Totalt sett får om lag 3 av 4 behandling med blodsukkersenkande medikament. Dei andre vert behandla med ulike livsstilstiltak.

Førekomst i ulike aldersgrupper

Figur 4 viser andelen som lever med type 2 diabetes i ulike aldersgrupper. Figuren viser at om lag 1 av 100 i aldersgruppa 30-39 år lever med sjukdomen og over 2 av 100 i aldersgruppa 40-49 år. I aldersgruppa over 60 år er 10-15 prosent ramma.

 

Figur 4. Prosentdel som lever med type 2 diabetes i ulike aldersgrupper. Figur: FHI.

Ynskjer årleg statistikk

Arbeidet med denne analysen har teke tid fordi forskarane ikkje kan henta data frå eitt enkelt register. Dei må kople data frå tre helseregister, noko som krev betydelege ressursar i tillegg til lang saksbehandlingstid i kvart register.

I befolkninga er det også ein andel med uoppdaga diabetes. Sjukdomen har ofte diffuse symptom, og det kan ta tid før personar med uklare symptom går til lege. Truleg har andelen med uoppdaga diabetes gått ned, blant anna på grunn av auka merksemd om sjukdomen og enklare diagnostisering, men dette er usikkert.

Om studien

Data er henta frå tre nasjonale register for perioden 2009-2014; KUHR (register for primærhelsetenesta), Norsk pasientregister og Reseptregisteret. I tillegg er det henta data frå Statistisk sentralbyrå og Folkeregisteret.

Omfattar aldersgruppa 30-89 år, i alt 3,2 millionar personar, fordelt på kjønn, alder, utdanning og fødeland.

Totalt inngår 75 496 nye tilfelle av type 2 diabetes i analysen.

Føremålet var å analysera trendar i talet på nye, årlege tilfelle (insidens) og totalt antal som lever med type 2 diabetes (prevalens), og dessutan sjå på andelane som får blodsukkersenkande medisin eller oppfølging og behandling utan bruk av legemiddel.

Samarbeidspartnar er Oslo universitetssjukehus. Helse Sør-Øst og Noregs forskingsråd har støtta studien økonomisk.

Referanse 

Ruiz, P.L.D., Stene, L.C., Bakken, I.J., Håberg S.E., Birkeland K.I. & Gulseth H.L. Diabetologia (2018). Decreasing incidence of pharmacologically and non-pharmacologically treated type 2 diabetes in Norway: a nationwide study https://doi.org/10.1007/s00125-018-4681-4