Fann fleire moglege teikn på omsorgssvikt
Forskningsfunn
|Publisert
Desse teikna kan være aktuelle for barnehage- og skolepersonell å sjå etter hos barn og unge for å avdekke omsorgssvikt: Låg intelligens, forsinka språkutvikling, depresjon og tenåringssvangerskap. Det viser ei kunnskapsoppsummering frå Folkehelseinstituttet.
Folkehelseinstituttet har innhenta og vurdert forsking om teikn og signal på omsorgssvikt hos barn og unge. Kunnskapsoppsummeringa resulterte i ei systematisk oversikt som baserer seg på kartlegging av 31 andre systematiske oversikter med ei grundig oppsummering av 16 av dei. Oppsummeringa av denne kunnskapen er gjort på oppdrag frå Helsedirektoratet.
– Tilsette i barnehage og i grunn- og vidaregåande skole har eit unikt høve til å oppdage tidlige teikn på omsorgssvikt fordi dei ser barna og ungdommane dagleg over tid. Dei har også lovpålagt plikt til å melde frå når dei er bekymra, seier seniorrådgjevar Liv Merete Reinar ved Folkehelseinstituttet.
Les heile rapporten Hvilke tegn og signaler som kan observeres av personell i barnehage og skole kan ha sammenheng med omsorgssvikt? En systematisk oversikt over oversikter
Kan gi grunn til bekymring
Forskarane ved Folkehelseinstituttet fann ein mogleg samanheng mellom omsorgssvikt og låg intelligens, forsinka språkutvikling hos barn, depresjon og tenåringssvangerskap.
– Dette er teikn som kan bli oppdaga eller gi grunn til bekymring hos personell i barnehage og skole, men å diagnostisere depresjon eller låg intelligens er noko andre instansar gjer, understreker Reinar.
Barn med funksjonsnedsetting kan sjå ut til å vere meir utsatt for omsorgssvikt enn andre barn. Det er òg ein mogleg samanheng mellom ufrivillig avføring hos barn under tolv år og seksuelle overgrep.
Eit anna funn var at gutar som sjølve var utsatt for seksuelle overgrep, oftare gjer tenåringsjenter gravide enn andre gutar.
Ikkje vanleg med standardintervju i Noreg
Barna i studiane hadde alle ein depresjonsdiagnose som var basert på eit standardisert diagnostisk intervju utført av spesialistar.
– Det er ikkje vanleg å bruke slike metodar i norske skolar og barnehagar, men tilsette der kan merke seg og avdekke nokre symptom på depresjon, forklarar Reinar.
Ho understreker at det kan være mange grunnar til at barn og unge for eksempel blir deprimerte, viser aggressiv åtferd eller risikoåtferd.
Varierande dokumentasjon
Forskarane er usikre på om det er samanheng mellom mange av dei andre teikna og signala og ulike former for omsorgssvikt.
– At vi er usikre, tyder ikkje at det ikkje er nokon samanheng. Men mange publiserte oversikter har metodiske manglar, seier Reinar.
Nokre av samanhengane dei fann, var sterke. På grunn av metodiske svakheiter i studiane, har dei like fullt liten tillit til det vitskapelege grunnlaget for desse samanhengane.
Går vidare med utfyllande oppsummering
Forskarar i område for helsetenester i Folkehelseinstituttet gjennomfører no ei systematisk oversikt innanfor same tema. Den er om nøyaktigheit av opne spørsmål i samtale mellom barn og barnehage- og skoletilsette for å avdekkje omsorgssvikt, misbruk eller psykososiale problem.