Å satse på ungdom gir dobbel folkehelsegevinst
Forskningsfunn
|Oppdatert
Livsstilen i ungdomsåra påverkar både ungdomen si eiga helse og helsa til kommande generasjonar. Gode helseval tidleg i livet kan derfor gi dobbel folkehelsegevinst. Det understrekar ein artikkel i det internasjonale tidsskriftet Nature som Folkehelseinstituttet har vore med på å skrive.
– Unge mellom 10 og 24 år er globalt ei gruppe som bør bli tatt meir på alvor. Det blir ikkje fokusert nok på helsa og livssituasjonen deira. Dette er uheldig både for den enkelte ungdomen, for samfunnet dei lever i og for generasjonen som kjem etter dei, seier forskar ved Senter for fruktbarhet og helse i Folkehelseinstituttet, Vegard Skirbekk.
Skirbekk, som òg er professor ved Colombia University i New York, er medforfattar på den ferske artikkelen «Adolescence and the next Generation» (Ungdomstid og neste generasjon) som nyleg blei publisert i det internasjonale anerkjente forskingstidsskriftet Nature.
Artikkelen samanfatter eit breitt datagrunnlag som viser globale trendar og utvikling i helse. I arbeidet har forskarane òg sett på fellestrekk og skilnader mellom låg- og høginntektsland. Nedanfor tar vi for oss problemstillingar som særleg kjenneteiknar høginntektsland som Noreg.
Utfordringar i ungdomstida
Utfordringane for helsa til ungdom i høginntektsland er særleg fedme og fysisk inaktivitet, rusmiddel og psykiske lidingar. Til no har folkehelsedebatten i stor grad handla om betydinga som dei ulike utfordringane har for den enkelte si helse og for samfunnet dei lever i, og lite om kva dei kan bety for komande generasjonar.
– Levevanane våre kan ha innverknad på sæd- og eggceller før befruktning. I tillegg kan ofte vanar som ein etablerer i ung alder følgje oss inn i voksenlivet og bli overført til barna våre, seier Skirbekk.
Konsekvensar på sikt
Dei som veks opp i dag har ei lengre ungdomstid enn foreldra og besteforeldra deira hadde. Dei tek lengre utdanning, etablerer seg seinare og er eldre når dei stiftar familie.
– Difor er det ekstra viktig at ungdom og unge vaksne kan ta smarte helseval som legg grunnlaget for god helse i voksenlivet. Det er det først og fremst samfunnet som må legge til rette for gjennom sosiale, emosjonelle og materielle ressursar, seier Skirbekk og trekk fram fedme som eit døme:
– Overvekt og fedme hos barn og ungdom er eit stort folkehelseproblem, fordi det gir auka risiko for sjukdomar som diabetes og hjarteinfarkt seinare i livet.
Nyleg publiserte the Royal College of Paediatrics and Child Health (RCPCH) ein rapport som tyder på at fire av fem overvektige skulebarn truleg blir verande overvektige resten av livet. Det betyr at dei kan miste 10 - 20 år av eit elles friskt og sunt liv som følgje av overvekt eller fedme i barndomen.
Redusert handlingsrom
Ungdom i høginntektsland har generelt god helse. Framtidsutsiktene til mange av dagens unge har likevel blitt dårlegare, medan dei eldre har fått det betre.
– Ungdomen sitt økonomiske handlingsrom har i ei rekke land blitt dårlegare over tid. Til dømes er etableringskostnadene for å komme inn på bustadmarknaden blitt svært høge, og unge vaksne kjem seinare inn i arbeidslivet, seier Skirbekk.
Forfattarane av artikkelen understrekar at det må ei brei tilnærming til for at ungdom skal ta gode helseval. Dei peiker særleg på utdanning, fysisk aktivitet og kosthald som viktige satsningsområde i tida framover.
Referanser
Patton, George C., Craig A. Olsson, Vegard Skirbekk, Richard Saffery, Mary E. Wlodek, Peter S. Azzopardi, Marcin Stonawski, et al. “Adolescence and the next Generation.” Nature 554, no. 7693 (February 21, 2018): 458–66.