Foreldrerollas kompleksitet: Eit forskingsprosjekt om foreldres velvære og opplevingar i ulike familiesituasjonar og utviklingsstadier
Om prosjektet
-
Prosjektperiode: 05.01.2023 - 30.08.2026 (Aktivt)
- Koordinerende institutt: Folkehelseinstituttet
-
Prosjektleder:
- Marit Burkeland-Lie, Avdeling for helsefremmende arbeid
Sammendrag
Dette doktorgradsprosjektet utforskar ei rekke faktorar som kan påverke foreldres opplevingar og velvære. Utfordringar knytt til sosioøkonomisk status og opplevingar i eigen barndom kan være ei betydeleg kjelde til stress og psykiske helseplager hos foreldre, og kan påverke familiedynamikken. Dei foreldra som oppfattar seg sjølv som kompetente og i stand til å positivt påverke barnet sitt (opplevd foreldremeistring), har midlertidig større sannsyn for å vurdere utfordrande situasjonar som handterbare og moglege å løyse. Det kan igjen føre til meir positive interaksjonar mellom foreldre og barn. Data frå tre forskingsprosjekt blir brukt i dette doktorgradsprosjektet. To av prosjekta er gjort i samarbeid med Stine Sofies Stiftelse (SSS), som er ein ideell norsk stiftelse som jobbar for å avdekke og beskytte barn mot vald og overgrep, samt sikre barns rettigheiter. Det tredje prosjektet samla inn data for å validere eit spørjeskjema som måler opplevd foreldremeistring, kalla TOPSE (Tool to measure Parenting Self-Efficacy) og blei gjort i samarbeid med Nasjonalt kompetansemiljø for helsestasjons- og skolehelsetjenesten (NASKO). Artiklar i doktrogradsprosjektet: Prosjektet brukar data frå TOPSE-prosjektet i første artikkel: https://www.fhi.no/cristin-prosjekter/aktiv/topse-mestring-hos-foreldre-med-babyer/. I denne artikkelen blir dei psykometriske eigenskapane til TOPSE-verktøyet undersøkt. Artikkelen er publisert i tidsskriftet Primary Health Care Research and Development. I andre artikkel om foreldrestrategiar og foreldrebarn-relasjonen mellom ikkje-overgripende mødrer og deira barn (5-11 år) som har opplevd barnemishandling, blir det brukt data frå Trippel-S prosjektet. Trippel-S samlar inn data frå barn som har blitt utsett for barnemishandling, og frå deira omsorgspersonar. For meir informasjon om Trippel-S, sjå https://www.fhi.no/cristin-prosjekter/aktiv/den-norske-trippel-s-undersokelsen/. Denne artikkelen er ikkje publisert enda. Temaet for tredje artikkel i doktorgraden er samanhengen mellom økonomisk belastning og psykisk helse, foreldrestress og opplevd foreldremeistring blant foreldre til spedbarn (4-6 veker). I denne artikkelen nyttar me data frå eit prosjekt som skal evaluere Stine Sofie Foreldrepakke (SSF). SSF er eit universelt informasjonsprogram for kommande og nybakte foreldre. For meir informasjon om evalueringsprosjektet, sjå https://www.fhi.no/cristin-prosjekter/aktiv/evaluering-av-stine-sofie-foreldrepakke/. Stine Sofie Foreldrepakke kan du lese meir om her: https://www.stinesofiesstiftelse.no/vart-arbeid/stine-sofie-foreldrepakke/. Artikkelen er under arbeid.