Hopp til innhold

Få varsel ved oppdateringer av «Eitermaur»

Hvor ofte ønsker du å motta varsler fra fhi.no? (Gjelder alle dine varsler)
Ønsker du også varsler om:

E-postadressen du registrerer her vil kun bli brukt til å sende ut nyhetsvarsler du har bedt om. Du kan når som helst avslutte dine varsler og slette din e-post adresse ved å følge lenken i varslene du mottar.
Les mer om personvern på fhi.no

Du har meldt deg på nyhetsvarsel for:

  • Eitermaur

Eitermaur

Eitermaur er små maur som har reir i jord og morkent treverk. Dei finst i låglandet i heile Noreg, og nokre artar er ganske vanlege rundt hus og i natur som er påverka av menneske. Mauren stikk når han blir irritert. Stikket er ikkje farleg, men kan svi lenge etter at brodden er trekt ut.

Hageeitermaur
Arbeider av hageeitermaur (Myrmica rubra). Eitermauren er rødbrun og har to «kuler» mellom brystet og bakkroppen. FHI - Hallvard Elven

Eitermaur er små maur som har reir i jord og morkent treverk. Dei finst i låglandet i heile Noreg, og nokre artar er ganske vanlege rundt hus og i natur som er påverka av menneske. Mauren stikk når han blir irritert. Stikket er ikkje farleg, men kan svi lenge etter at brodden er trekt ut.


Innhold på denne siden

Utsjånad

Eitermaurene (Myrmica sp.) omfattar 13 beskrivne artar i Noreg, men fleire artar kan truleg vera i norsk natur (1;2). Dei fleste artane har normalt reir i jord eller morke treverk. Eitermaur er brungule til rødbrune og har ofte karakteristiske tornar/taggar på ryggen. Arbeidarane er små, vanlegvis under 5 mm i lengde, medan dronningar kan komma opp i 7 mm. Hageeitermauren (Myrmica rubra) er den vanlegaste eitermauren rundt hus og bygningar i lavlandet.

Levevis

Generelt sett har maursamfunn ein kompleks struktur, og biologien er beskriven i detalj i ei rekke bøker (2-5). Eitermaur er utbreidd i heile Noreg og har gjerne koloniar med eit par hundre til nokre tusen arbeidarar (2). Dei fleste reir har fleire eggleggende dronningar. Hageeitermauren kan opplevast som eit skadedyr i grønsakshagar eller i blomsterbed. Dei kan ha store koloniar beståande av mange reir som heng saman. På stader med mange maur kan det vera så mykje som eitt reir per kvadratmeter. Kvart reir blir forsvart med stor aggressivitet, og hageietermauren stikk raskt om nokon forstyrrar dei. Dei fleste eitermaurane svermar i august-september og overvintrar med larver og vaksne arbeidarar (2).

Eitermaur som skadedyr

Eitermaur har stikkebrodd som blir brukt når han blir irritert. Dette kan opplevast som ubehageleg, og det svir lenge etter at brodden er trekt ut. Stikket forårsakar normalt ingen andre reaksjonar. I sjeldne tilfelle kan allergiske reaksjonar slå. Hageitermauren er den meste aggressive og plagsame arten. Dei forårsakar heldigvis ingen materielle skadar og går sjeldan inn i hus (3;6;7).

Bekjemping av maur kan vera krevjande sidan ein er nøydd til å få havast på dronninga for at samfunnet skal kollapsa (6;8). Eitermaurane har fleire dronningar i eit kompleks samfunn (2), og i hagen blir det derfor vanskeleg å unngå dei. Viss reira til eitermauren er små, er det mogleg å fjerna eit reir ved hjelp av spade, men maurane kjem ofte tilbake. Har ein eitermaur er det luraste å verna seg sjølv mot stikk ved å vera tildekt med til dømes hanskar, sko, sokkar og eventuelt langbukse når ein jobbar i hagen. Kjemisk førebygging med systematisk og rutinemessig sprøyting skal ikkje bli gjort, då det vil medføra ein negativ effekt på menneske, husdyr og andre insekt som ein ønsker å ha i hagen.

Eitermaurarter ein kan møte på i Noreg:

Hageeitermaur - Myrmica rubra

Prakteitermaur - Myrmica specioides

Småeitermaur - Myrmica rugulosa

Myreitermaur - Myrmica scabrinodis

Sandeitermaur - Myrmica sabuleti

Skåleitermaur - Myrmica lonae

Ribbeeitermaur - Myrmica sulcinodis

Dvergeitermaur - Myrmica microrubra

Skogeitermaur - Myrmica ruginodis

Mørk eitemaur - Myrmica lobicornis

Engeitermaur - Myrmica schencki

Snylteeitermaur - Myrmica karavajevi

Trolleitermaur - Myrmica vandeli

Finn informasjon om Skadedyrveilederen og generell informasjon om førebygging og bekjempelse i kapitlet Om Skadedyrveilederen og skadedyrkontroll

Referanser

  1. Artsdatabanken. Norwegian Biodiversity Information Centre [Website]. Trondheim[lest]. Tilgjengelig fra: https://www.artsdatabanken.no/
  2. Staverløkk A, Gjershaug JO, Norsk institutt for n, red. Ødegaard F. Maur i Norge : kjennetegn, utbredelse og levesett. Trondheim: NINA; 2018.
  3. Robinson WH. Urban insects and arachnids. First utg. Cambridge: Cambridge University Press; 2005.
  4. Douwes P, Abenius J, Cederberg B, Wahlstedt U. Steklar: Myror - getingar : Hymenoptera: Formicidae - Vespidae. Uppsala: ArtDatabanken; Sveriges Lantbruksuniversitet; 2012.
  5. Hölldobler B, Wilson EO. The Ants: Springer Berlin Heidelberg; 1998.
  6. Mallis A, Hedges SA, Moreland D. Handbook of pest control : the behaviour, life history, and control of household pests. 10 utg. USA: Mallis Handbook & Technical Training Company; 2011.
  7. Klotz JH, Hansen LD, Pospischil R, Rust M. Urban Ants of North America and Europe: Identification, Biology, and Management: Comstock Pub. Associates; 2008. Tilgjengelig fra: https://books.google.no/books?id=Q7T4gg6j7xUC
  8. Bennett GB, Owens JM, Corrigan RM. Truman's Scientific Guide to Pest Management Operations. 7th Edition utg. Cleveland: Advanstar Communications / Purdue University; 2003.

Historikk

20.05.2020: Artikkelen er oppdatert og referanser er tatt med.