Gratis tilgang til kliniske oppslagsverk
Artikkel
|Publisert
Helsebiblioteket.no gir gratis tilgang til dei store kliniske oppslagsverka UpToDate og BMJ Best Practice, til norske Legevakthandboka og til legemiddeloppslagsverket Micromedex.
For å få svar på kliniske spørsmål bør vi venda oss til kunnskapskjeldene som ligg øvst i kunnskapspyramiden. Der får du tilgang til den mest oppsummerte og bearbeidde kunnskapen.
Blant dei øvste kunnskapskjeldene finn du oppslagsverka BMJ Best Practice og UpToDate.
BMJ Best Practice
BMJ Best Practice er eit kunnskapsbasert oppslagsverk frå Storbritannia. Oppslagsverket er nyttig for alle som jobbar i helsetenesta.
BMJ har laga ein rettleiingsfilm som viser deg korleis du kan søke. Alle med norsk IP-adresse har tilgang.
Best Practice er òg tilgjengeleg som gratis nedlastbar app.
UpToDate
UpToDate er eit omfattande, kunnskapsbasert oppslagsverk frå USA som gir rask informasjon om diagnosar, behandling og prognosar. Oppslagsverket dekker over 10.000 kliniske tema innan meir enn 20 spesialitetar, også sjeldne tilstandar. UpToDate gir deg i tillegg oppdaterte nyheiter frå ei rekkje spesialitetar.
OsloMet har laga ein rettleiingsfilm som viser deg korleis du kan bruke oppslagsverket.
Alle institusjonar der helsepersonell jobbar kan registrere IP-adressene sine hos Helsebiblioteket.no og få tilgang til oppslagsverket. Via denne tilgangen kan helsepersonell lage seg ein eigen brukar slik at tilgangen kan nyttast også heimanfrå.
Dette gir deg òg høve til å laste ned appen til nettbrett og mobil heilt gratis.
Legevakthandboka
Legevakthandboka er ei praktisk handbok som gir helsepersonell i allmennpraksis og på legevakt behandlingsråd. Her kan du raskt finne råd om livreddande behandling og handtering av skadar og ulukker, i tillegg til informasjon om symptom, sjukdomar og behandling. Legevakthandboka vert gjeve ut av Gyldendal forlag og Nasjonalt kompetansesenter for legevaktmedisin.
Legevakthandboka er tilgjengeleg for alle med norsk IP-adresse.
Den kan òg lastast ned gratis som app.
IBM Micromedex med Martindale
Micromedex er eit omfattande internasjonalt oppslagsverk om legemiddel. Der finn du informasjon om eit stort tal legemiddel, blant anna om bruk, verknad, dosering, interaksjonar, biverknadar og individuelle tilpassingar. Gjennom oppslagsverket får du òg tilgang til handbøker som Martindale, NeoFax, Trissel’s og Index Nominum.
IBM Micromedex er tilgjengeleg for alle med norsk IP-adresse.
Oppslagsverket inneheld òg fleire appar for mobile einingar.