Anbefaler ny HPV-test til 576 kvinner

Melding

|

Publisert

Avdeling for patologi ved Oslo universitetssjukehus har oppdaga og retta opp ein teknisk feil med eitt av dei to instrumenta dei har for HPV-testing. Kvinnene som kan ha fått usikre prøvesvar er allereie kontakta, og har fått tilbod om ny test.

Feilen varte i ein periode frå februar 2023 til mars 2025.

OUS har gjennomført omfattande og systematiske kontrollar av alle analysar på dette instrumentet i den aktuelle tidsperioden og identifisert 576 prøver som kan ha usikre resultat. Dette utgjer 1 % av den totale mengda (57 502) prøver som er analyserte på dette instrumentet i den aktuelle perioden.

Avdelinga kan ikkje sikkert utelukke falskt negativt/positivt resultat i desse prøvene. Det er ikkje venta alvorlege konsekvensar for dei råka kvinnene, men vi tilbyr og tilrår likevel at kvinnene tek ein ekstra HPV-test.

Brev til råka kvinner

Alle råka kvinner med usikre resultat, og alle råka helsepersonell, har fått tilsendt brev og utfyllande svarrapport med tilråding og tilbod om ny HPV-test.

Kvinner som ikkje har fått dette brevet eller vorte direkte kontakta av helsepersonell, er ikkje råka. Det blir tilrådd at dei følgjer planlagde kontrollar i samsvar med Livmorhalsprogrammet.

Publisert