Screeningbasert forsking
Artikkel
|Sist endret
Screeningbasert forsking er avgjerande for å utvikle og forbetre screeningprogramma våre, og auke samfunnets kunnskap om førebyggande tilstandar og tidleg diagnostisering av kreft.
Screeningprogramma er sentrale i arbeidet med å førebyggje kreft og minke byrda av kreftsjukdom i Noreg. Det finst tre kreftscreeningprogram i Noreg – Mammografiprogrammet, Livmorhalsprogrammet og Tarmscreeningprogrammet.
Overordna mål for den screeningbaserte forskinga ved Kreftregisteret er at målgruppene skal få tilbod om trygge og effektive screeningprogram, og slik bidra til lågare førekomst og/eller redusert dødelegheit av dei aktuelle sjukdomane.
Forskinga skal også medverke til å finne dei beste løysingane for dei som får tilbod om screening, og kartleggje fordelar og ulemper ved screening.
Desse problemstillingane arbeider vi med i mange nasjonale og internasjonale forskingsprosjekt, i samarbeid med ulike kliniske fagmiljø, forskarar og andre.
Forsking på brystkreftscreening
Forskinga i Mammografiprogrammet har som mål å auke kunnskapen om screening og brystkreft, og forbetre tilbodet til kvinnene som deltek. Her kan du lese meir om forskingsprosjekta i Mammografiprogrammet.
Forsking på tarmkreftscreening
Det nasjonale screeningprogrammet for tarmkreft starta i 2022 og er no rulla ut til helseføretak over heile landet. Med eit nytt nasjonalt screeningprogram vil også forskinga på tarmkreft og screening auke. Forsingsprosjekta har som mål å utvikle og forbetre Tarmscreeningprogrammet. Her kan du lese meir om forskingsprosjekta i Tarmscreeningprogrammet.
Forsking på livmorhalskreftscreening
Forsking ved Kreftregisteret relatert til Livmorhalsprogrammet handlar om å auke kunnskapen om screening, vaksinering og førebyggande tilstandar til livmorhalskreft. Her kan du lese meir om forskingsprosjekta relatert til Livmorhalsprogrammet.
Datagrunnlag
Grunnpilaren i forskinga er opplysningar som er samla inn gjennom screeningprogramma i tråd med kreftregisterforskrifta. Til dømes deltaking, screeninghistorikk og resultat frå undersøkinga.
Forskinga i screeningprogramma har store fordelar internasjonalt fordi vi har standardisert innrapportering og så godt som fullstendige nasjonale data.