Hjerte med en graf inne i ved siden av en dame som jobber på en pc. Illustrasjon.

Om Hjerte- og karregisteret

Artikkel

|

Sist endret

Hjerte- og karregisteret (HKR) inneheld opplysningar om personar som har fått behandling for hjarte- og karsjukdom i spesialisthelsetenesta, samt opplysningar om personar som har ein hjarte- og kardiagnose som dødsårsak. Registeret har opplysningar frå 01.01.2012 og vidare.

Hjerte- og karregisteret består av eit basisregister og åtte nasjonale medisinske kvalitetsregister. Folkehelseinstituttet er dataansvarleg for Hjerte- og karregisteret og er databehandlar for basisregisteret. St. Olavs hospital HF, Oslo universitetssykehus HF og Helse Bergen HF er databehandlar for dei kvalitetsregistrera som det aktuelle helseføretaket driftar. 

Opplysningar i Hjerte- og karregisteret

Hjerte og karregisteret består av både et basisregister og fleire medisinske kvalitetsregistrera

HKR basisregister

Basisregisteret inneheld opplysningar om personar som har vore innlagde eller vore inne til poliklinisk konsultasjon for hjarte- og karsjukdom i spesialisthelsetenesta. Registeret inneheld òg opplysningar om dødsårsak for personar som døyr av ein hjarte- og kardiagnose, eller som tidlegare har blitt behandla for hjarte- og karsjukdom i spesialisthelsetenesta. 

Lister over kvalifiserande diagnosekodar og kvalifiserande prosedyrekodar gir detaljar om inklusjonskriteria i registeret:

Opplysningane i basisregisteret blir henta frå Norsk pasientregister, Dødsårsaksregisteret og Folkeregisteret.

Dei medisinske kvalitetsregistrera

Dei medisinske kvalitetsregistrera inneheld meir detaljerte opplysningar om enkelte former for hjarte- og karsjukdomar og om behandlinga som er gitt. Opplysningane i kvalitetsregistrera blir henta frå pasientjournalar og blir rapportert til registrera av helsepersonell ved sjukehusa. Nokre kvalitetsregister inneheld òg pasientrapporterte data (PROM-data) som er sende inn av kvar enkelt pasient gjennom standardiserte spørjeskjema. 

Følgjande medisinske kvalitetsregister inngår i Hjerte- og karregisteret:

St. Olavs hospital HF

Oslo universitetssjukehus HF

Helse Bergen HF

Opplysningar som blir registrerte

Nedanfor er nokre døme på opplysningar som inngår i Hjerte- og karregisteret:

Personopplysningar

  • Fødselsnummer eller anna eintydig identifikasjonsnummer (blir lagra kryptert og skilt frå andre opplysningar)
  • Fødsels- og dødsdato
  • Kjønn
  • Bustadkommune

Administrative opplysningar

  • Om behandlande institusjon
  • Opplysningar om konsultasjon og innlegging
  • Dato og tidspunkt for kontakt med helsetenesta

Medisinske opplysningar

  • Fagområde
  • Opplysningar knytt til behandlinga som er gitt
  • Diagnosar og kva for prosedyrar som eventuelt er utførte

Kvalitetsregistrera inneheld meir detaljerte opplysningar om mellom anna pasientbehandlinga, risikofaktorar for hjarte- og karsjukdom og tidlegare sjukdomshistorikk.

Ei fullstendig oversikt over kva for opplysningar (variablar) som er tilgjengelege i Hjerte- og karregisteret finn du på nettsida helsedata.no. Basisregisteret og kvart av kvalitetsregistrera har eigne variabellister.

Kva blir opplysningar i Hjerte- og karregisteret brukt til?

Opplysningar i Hjerte- og karregisteret blir brukte til å halde oversikt over førekomsten av hjarte- og karlidingar i befolkninga, til kvalitetsforbetring av helsetenesta og til forsking for betre førebygging og behandling av hjarte- og karsjukdom. Førekomsten av vanlege typar hjarte- og karsjukdomar blir presentert på FHI sine nettsider (fhi.no), og ei oversikt over kvaliteten på helsehjelpa blir presentert på kvalitetsregistre.no og helsenorge.no.

Publisert | Sist endret