Om Hjerte- og karregisteret
Artikkel
|Sist endret
Hjerte- og karregisteret (HKR) inneheld opplysningar om personar som har fått behandling for hjarte- og karsjukdom i spesialisthelsetenesta, samt opplysningar om personar som har ein hjarte- og kardiagnose som dødsårsak. Registeret har opplysningar frå 01.01.2012 og vidare.
Hjerte- og karregisteret består av eit basisregister og åtte nasjonale medisinske kvalitetsregister. Folkehelseinstituttet er dataansvarleg for Hjerte- og karregisteret og er databehandlar for basisregisteret. St. Olavs hospital HF, Oslo universitetssykehus HF og Helse Bergen HF er databehandlar for dei kvalitetsregistrera som det aktuelle helseføretaket driftar.
Opplysningar i Hjerte- og karregisteret
HKR basisregister
Basisregisteret inneheld opplysningar om personar som har vore innlagde eller vore inne til poliklinisk konsultasjon for hjarte- og karsjukdom i spesialisthelsetenesta. Registeret inneheld òg opplysningar om dødsårsak for personar som døyr av ein hjarte- og kardiagnose, eller som tidlegare har blitt behandla for hjarte- og karsjukdom i spesialisthelsetenesta.
Lister over kvalifiserande diagnosekodar og kvalifiserande prosedyrekodar gir detaljar om inklusjonskriteria i registeret:
Opplysningane i basisregisteret blir henta frå Norsk pasientregister, Dødsårsaksregisteret og Folkeregisteret.
Dei medisinske kvalitetsregistrera
Dei medisinske kvalitetsregistrera inneheld meir detaljerte opplysningar om enkelte former for hjarte- og karsjukdomar og om behandlinga som er gitt. Opplysningane i kvalitetsregistrera blir henta frå pasientjournalar og blir rapportert til registrera av helsepersonell ved sjukehusa. Nokre kvalitetsregister inneheld òg pasientrapporterte data (PROM-data) som er sende inn av kvar enkelt pasient gjennom standardiserte spørjeskjema.
Følgjande medisinske kvalitetsregister inngår i Hjerte- og karregisteret:
St. Olavs hospital HF
- Norsk hjerneslagregister
- Norsk hjerteinfarktregister
- Norsk hjertesviktregister
- Norsk karkirurgisk register (NORKAR)
Oslo universitetssjukehus HF
Helse Bergen HF
- Norsk register for invasiv kardiologi (NORIC)
- Nasjonalt register for ablasjonsbehandling og elektrofysiologi i Norge (AblaNor)
Opplysningar som blir registrerte
Nedanfor er nokre døme på opplysningar som inngår i Hjerte- og karregisteret:
Personopplysningar
- Fødselsnummer eller anna eintydig identifikasjonsnummer (blir lagra kryptert og skilt frå andre opplysningar)
- Fødsels- og dødsdato
- Kjønn
- Bustadkommune
Administrative opplysningar
- Om behandlande institusjon
- Opplysningar om konsultasjon og innlegging
- Dato og tidspunkt for kontakt med helsetenesta
Medisinske opplysningar
- Fagområde
- Opplysningar knytt til behandlinga som er gitt
- Diagnosar og kva for prosedyrar som eventuelt er utførte
Kvalitetsregistrera inneheld meir detaljerte opplysningar om mellom anna pasientbehandlinga, risikofaktorar for hjarte- og karsjukdom og tidlegare sjukdomshistorikk.
Ei fullstendig oversikt over kva for opplysningar (variablar) som er tilgjengelege i Hjerte- og karregisteret finn du på nettsida helsedata.no. Basisregisteret og kvart av kvalitetsregistrera har eigne variabellister.
Kva blir opplysningar i Hjerte- og karregisteret brukt til?
Opplysningar i Hjerte- og karregisteret blir brukte til å halde oversikt over førekomsten av hjarte- og karlidingar i befolkninga, til kvalitetsforbetring av helsetenesta og til forsking for betre førebygging og behandling av hjarte- og karsjukdom. Førekomsten av vanlege typar hjarte- og karsjukdomar blir presentert på FHI sine nettsider (fhi.no), og ei oversikt over kvaliteten på helsehjelpa blir presentert på kvalitetsregistre.no og helsenorge.no.