Innsyn i Hjerte- og karregisteret

Artikkel

|

Publisert

Hjerte- og karregisteret (HKR) inneheld opplysningar om personar som har fått behandling for hjarte- og karsjukdom i spesialisthelsetenesta, samt om personar som har ein hjarte- og kardiagnose som dødsårsak. Registeret inneheld opplysningar om episodar frå 1. januar 2012 og vidare. 

Enkeltpersonar har rett til innsyn i opplysningar som er registrert om dei. Informasjonen skal gis i ei forståeleg form og er gratis. 

Kva har du rett til innsyn i? 

Når du ber om innsyn, får du oversikt over dei opplysningane som er registrert om deg i Hjerte- og karregisteret. HKR inneheld data som er henta frå Norsk pasientregister (NPR) og Dødsårsaksregisteret (DÅR). 

Dersom du allereie har fått innsyn i opplysningane dine frå NPR, vil du som regel ikkje få vite noko nytt gjennom eit innsyn i HKR. 

I samband med innsynsvurderinga vurderer Folkehelseinstituttet (FHI) også om innsynskravet skal vidareformidlast til relevante nasjonale medisinske kvalitetsregister som er tilknytta HKR. Dette blir vurdert basert på kva opplysningar som eventuelt er registrert om deg. 

Slik ber du om innsyn 

  1. Fyll ut skjemaet «Krav om innsyn i helseregisteropplysninger» Skjemaet er felles for flere registre.  
  1. Send det ferdig utfylte skjemaet til 

Folkehelseinstituttet 
Postboks 222, Skøyen  
0213 OSLO  

Du har krav på svar innan 30 dagar frå FHI har motteke skjemaet. 

Innsyn i logg 

Du kan også be om innsyn i kven som har hatt tilgang til helseopplysningar som er knytt til ditt namn eller fødselsnummer ved å fylle ut dette skjemaet (Sett inn lenke til skjema for innsyn i logg) 

Retting og sletting av opplysningar 

Det er viktig at helseregistra inneheld korrekte og fullstendige opplysningar. FHI arbeider kontinuerlig med kvalitetssikring, men dersom du meiner at opplysningar som gjeld deg er mangelfulle eller feil, kan du krevje at dei blir retta. 

Sidan HKR hentar opplysningar frå NPR, må krav om retting sendast direkte til Norsk pasientregister. 

Dersom opplysningar som er registrert om deg opplevast som sterkt belastande, og det ikkje er sterke allmenne omsyn som tilseier at dei bør bevarast, kan du krevje dei sletta, jf.: Helseregisterlova § 25 og personvernforordninga (GDPR) artikkel 17. 

For sletting, kontakt: HKROppdrag@fhi.no 

Publisert