Overvake utviklinga
Artikkel
|Publisert
Ein nasjonal strategi for å bekjempe ikkje-smittsame sjukdomar og ein plan for å overvake utviklinga tyder ikkje automatisk at rette tiltak vert sette i verk. Men erfaringar viser at å lage ein strategi med mål og indikatorar, basert på tilgjengeleg informasjon, og ein overvåkingsplan kan føre til vellukka gjennomføring av tiltak.
Vi samarbeider med søsterinstitusjonar i låg- og mellominntektsland og bidreg til kunnskapsoverføring for å utvikle nasjonale strategiar for å bekjempe ikkje-smittsame sjukdomar, inkludert mål og indikatorar, og overvåkingssystem.
Strategiar og rammeverk
Det finst ni globale mål for ikkje-smittsame sjukdomar, inkludert berekraftsmål nummer 3.4, og 25 indikatorar på helsetilstand, risikofaktorar, helsesystemets kapasitet og respons. I tillegg til desse oppmodar Verdens helseorganisasjon (WHO) alle land til å utvikle nasjonale mål og indikatorar og overvåkingssystem i ein nasjonal strategi for å bekjempe ikkje-smittsame sjukdomar.
Land vil møte utfordringar når det gjeld tilgang til data, datasamanlikning og datakvalitet når dei skal utvikle overvåkingssystem. Dei vil då trenge eit rammeverk der både dødelegheit, sjuklegheit og risikofaktorar vert tekne med i vurderinga. Eit slikt rammeverk finst i det internasjonale sjukdomsbyrdeprosjektet Global Burden of Disease, som vert støtta av vårt Senter for sjukdomsbyrde.
Ei nasjonal tverrsektoriell NCD-indikatorgruppe, leia av FHI, har ansvaret for å publisere indikatorar for ikkje-smittsame sjukdomar i Noreg. Desse indikatorane heng saman med den nasjonale og globale strategien for ikkje-smittsame sjukdomar.