Global agenda
Artikkel
|Publisert
FNs berekraftsmål nummer 3.4 er å redusere for tidleg død av ikkje-smittsame sjukdomar med ein tredel innan 2030, målt mot nivået i 2015, og å fremje psykisk helse og livskvalitet. Verda vil ikkje nå dette målet slik statusen er i dag.
Vi samarbeider med og bidreg til kunnskapsoverføring til søsterinstitusjonar i låg- og mellominntektsland. Desse institusjonane kan vere med på å nå berekraftsmåla og kjempe mot ikkje-smittsame sjukdomar.
Kva er ikkje-smittsame sjukdomar?
Ikkje-smittsame sjukdomar, særleg hjarte- og karsjukdomar, kreft, diabetes og kronisk lungesjukdom, står for over 70 prosent av alle dødsfall globalt.
Dei er den viktigaste årsaka til for tidleg død (30–69 år), og meir enn 85 prosent av desse dødsfalla skjer i låg- og mellominntektsland.
Norsk strategi for å kjempe mot ikkje-smittsame sjukdomar
Den norske regjeringa sin strategi, «Bedre helse, bedre liv – Innsats i norsk utviklingspolitikk for å kjempe mot ikke-smittsomme sykdommer (2020–2024)», styrkjer Noreg si rolle som global pådrivar i kampen mot ikkje-smittsame sjukdomar i låginntektsland.
Strategien meiner innsatsen bør innrettast slik at ein når berekraftsmåla og får gjennomført Verdens helseorganisasjon sin globale handlingsplan for førebygging og kontroll av ikkje-smittsame sjukdomar. Noreg har fått ein FN-pris (UN Inter-Agency Task Force on the Prevention and Control of NCDs award) for denne strategien.