Hopp til innhold

Få varsel ved oppdateringer av «Data fra Dødsårsaksregisteret og innsyn og kopi av dødsmelding»

Hvor ofte ønsker du å motta varsler fra fhi.no? (Gjelder alle dine varsler)
Ønsker du også varsler om:

E-postadressen du registrerer her vil kun bli brukt til å sende ut nyhetsvarsler du har bedt om. Du kan når som helst avslutte dine varsler og slette din e-post adresse ved å følge lenken i varslene du mottar.
Les mer om personvern på fhi.no

Du har meldt deg på nyhetsvarsel for:

  • Data fra Dødsårsaksregisteret og innsyn og kopi av dødsmelding

Artikkel

Data fra Dødsårsaksregisteret og innsyn og kopi av dødsmelding

Kva for reglar gjeld for å få innsyn i Dødsårsaksregisteret? Korleis søkjer eg om data? Kan eg tinga kopi av ei dødsmelding?

Pasient i seng. Colourbox.com
Pasient i seng. Colourbox.com

Kva for reglar gjeld for å få innsyn i Dødsårsaksregisteret? Korleis søkjer eg om data? Kan eg tinga kopi av ei dødsmelding?


Innhold på denne siden

Opplysningar til pårørande og kopi av dødsmelding

Dersom det er nære pårørande som lurer på opplysningar om ein avdød, så vil dei normalt ha lov til å få vita kva som er registrert. Dersom det er behov for kopi av legeerklæring om dødsfall (dødsattest), så skal det fortrinnsvis givast av den legen eller helseinstitusjonen som skreiv den, men dersom det ikkje er mogeleg, kan næraste pårørande få ein kopi frå Dødsårsaksregisteret. Dersom det gjeld obduksjonsrapportar, så må ein ta kontakt med staden der obduksjonen vart utført.

I tillegg til sjølve skjemaet må du også leggja ved ein kopi av identitetsbevis (til dømes pass eller førarkort) eller anna dokument som stadfestar at du er næraste pårørande. Dødsmeldingar frå før 1996 finst i Riksarkivet.

Folkehelseinstituttet kan ikkje hjelpa til med omsetjing av dødsmelding eller notarialstadfesting.

Dødsattest

Har du behov for en dødsattest, men er usikker på hvem du skal kontakte?

Bekreftelse av selve dødsfallet (bekreftelsesattest)

Dette dokumentet brukes når pårørende kun ønsker en bekreftelse på at et dødsfall har funnet sted og ikke har behov for å se medisinske dødsårsaker. Tingretten utleverer slike dokumenter til pårørende.

Legeerklæring om dødsfall

Dette dokumentet er en legeerklæring om dødsfall, med avdødes navn, dødsdato og medisinske dødsårsaker. Folkehelseinstituttet utleverer dette dokumentet på norsk. Pårørende må be om innsyn* ved å fylle ut et søknadsskjema og sender det til FHI.

*Som nærmeste pårørende har du rett til innsyn i Dødsårsaksregisteret, i tråd med Dødsårsaksregisterforskriften § 5-1, hvis det er ikke særlige grunner mot det. Vi kan ikke hjelpe til med oversettelse av Legeerklæring om dødsfall eller notarialbekreftelse.

Kven kan få innsyn i Dødsårsaksregisteret?

Tilgangen vert bestemt av kva slags opplysningar ein ynskjer, og kva dei skal brukast til.

Det store skiljet er om opplysningane gjeld einskildpersonar, direkte eller indirekte.

Dersom det er heilt anonyme opplysningar/statistikkar, så kan kven som helst be om det. Eit døme kan vera: ”Eg lurer på kor mange menn som har døydd av lungekreft i Akershus 2000-2010?” Mange slike opplysningar kan ein også finna i statistikkbanken til Dødsårsaksregisteret. Utvalde nøkkeltal finst også i dei andre statistikkbankane til Folkehelseinstituttet.

Dersom opplysningane ikkje finst i statistikkbankane, kan du tinga dei hos Folkehelseinstituttet. Dersom det er eit omfattande oppdrag, må me ta betalt for tilrettelegging av data.

Frå desember 2019 må alle søkja om utlevering av data via helsedata.no.

Datatilgang 

Tilgang til opplysningar frå registeret vert regulert av fleire lover og forskrifter, - dei viktigaste er helseregisterloven, Dødsårsaksregisterforskriften, helseforskningsloven og personopplysningsloven. I nokre tilfelle spelar også pasient- og brukerrettighetsloven og helsepersonelloven inn, i tillegg til enkelte andre reglar.

  • Lovdata - søk og finn dei ulike lovene og forskriftene

Alle kan også be om generelle opplysningar om organiseringa av Dødsårsaksregisteret og korleis personopplysningar vert handsama i registeret. Det same gjeld innsyn i vanleg sakshandsaming.

Dersom det er opplysningar der ein kan kjenne att einskildpersonar, enten direkte eller indirekte, er det langt strengare reglar.

Opplysningar til forskning

Dersom det er opplysningar som kan knytast til einskildpersonar som skal brukast til forsking, er det krav om løyve frå forskingsetisk komité (REK) eller Datatilsynet. Då må det vera eit avgrensa prosjekt med ein prosjektansvarleg som har erfaring og utdanning til å kunna leia eit forskingsprosjekt, og det er krav til sikker handtering av data slik at sensitive opplysningar ikkje skal koma på avvegar.