Hopp til innhold
Historisk arkiv: Dette innholdet er arkivert og blir ikke oppdatert.

Få varsel ved oppdateringer av «Tuberkuloseundersøkinga skal forenklast»

Hvor ofte ønsker du å motta varsler fra fhi.no? (Gjelder alle dine varsler)

E-postadressen du registrerer her vil kun bli brukt til å sende ut nyhetsvarsler du har bedt om. Du kan når som helst avslutte dine varsler og slette din e-post adresse ved å følge lenken i varslene du mottar.
Les mer om personvern på fhi.no

Du har meldt deg på nyhetsvarsel for:

  • Tuberkuloseundersøkinga skal forenklast

Nyhet

Tuberkuloseundersøkinga skal forenklast

Frå medio oktober 2014 blir det enklare å utføre tuberkuloseundersøkinga i kommunane. Det blir ikkje lenger kravd ein innleiande Mantoux-test. Slike undersøkelsar er først og fremst aktuelle for helsepersonell og innvandrarar frå land der tuberkuloseundersøking er vanleg.

Frå medio oktober 2014 blir det enklare å utføre tuberkuloseundersøkinga i kommunane. Det blir ikkje lenger kravd ein innleiande Mantoux-test. Slike undersøkelsar er først og fremst aktuelle for helsepersonell og innvandrarar frå land der tuberkuloseundersøking er vanleg.


Denne nyheten er eldre enn 30 dager og informasjonen kan være utdatert
Ta meg til forsiden

Mange blir undersøkte for tuberkulosesjukdom og tuberkulosesmitte i kommunane. Den største gruppa er innvandrarar frå land der tuberkulose er vanleg. Personar som har vore utsette for smitte i Noreg, og helse- og omsorgspersonell som har opphalde seg i utlandet over lengre tid, skal òg undersøkjast.

Færre oppmøte kan gi mindre fråfall

Røntgen av lungene er den viktigaste undersøkinga. Denne undersøkinga kan påvise lungetuberkulose, som er den einaste smittsame forma for tuberkulose. I tillegg blir dei fleste undersøkte for latent (sovande) tuberkulosesmitte.

COLOURBOX1606100.
COLOURBOX1606100.

Det krev i dag to eller tre oppmøte å få påvist tuberkulosesmitte. Først blir det sett ein tuberkulin hudtest (Mantoux) som skal lesast av etter 72 timar. Deretter blir det teke ein blodprøve til IGRA-testing av dei som har positiv Mantoux-test. 

Dei som har ein positiv IGRA, men ingen teikn til sjukdom, blir rekna som smitta av tuberkulose. Dei er ikkje sjuke og kan ikkje smitte andre, men har ein livstidsrisiko på mellom 5 og 10 prosent for å få tuberkulosesjukdom.

Fleire kommunar har ønskt å nytte IGRA som einaste prøve i utgreiinga av tuberkulosesmitte. Gjentekne oppmøte har ført til stort fråfall i målgruppa og er arbeidskrevjande for kommunehelsetenesta. Helse- og omsorgsdepartementet har no opna for at Folkehelseinstituttet kan tilrå IGRA som einaste test for dei kommunane som ønskjer det.  

IGRA i samarbeid mellom kommune og laboratorium

IGRA er definert som ei spesialisthelseteneste. Kommunar som ønskjer å opprette nye prøvetakingsstasjonar for IGRA, må planleggje dette i samarbeid med det sjukehuslaboratoriet som skal analysere prøvane, for å sikre at prøvane kjem fram til laboratoriet med god kvalitet. Prøvetakingsutstyr og analyse skal betalast av helseføretaket, medan utgifter til prøvetaking lokalt blir betalt av kommunen.

Det er inga endring med omsyn til ansvar for tuberkulosekontroll. Oversikt over at dei som nyleg har kome til landet får informasjon og blir undersøkte.  Dei kommunane som finn det formålstenleg å halde fast ved Mantoux-testen som ein innleiande prøve før IGRA, står fritt til å gjere det.