Hopp til innhold
Historisk arkiv: Dette innholdet er arkivert og blir ikke oppdatert.

Få varsel ved oppdateringer av «Kan folat førebyggje svært forseinka språkutvikling?»

Hvor ofte ønsker du å motta varsler fra fhi.no? (Gjelder alle dine varsler)

E-postadressen du registrerer her vil kun bli brukt til å sende ut nyhetsvarsler du har bedt om. Du kan når som helst avslutte dine varsler og slette din e-post adresse ved å følge lenken i varslene du mottar.
Les mer om personvern på fhi.no

Du har meldt deg på nyhetsvarsel for:

  • Kan folat førebyggje svært forseinka språkutvikling?

Nyhet

Kan folat førebyggje svært forseinka språkutvikling?

Folat kan ha innverknad på dei aller tidlegaste fasane av hjernen si utvikling i fosterlivet, noko ein ny studie frå Den norske mor og barn-undersøkinga ved Folkehelseinstituttet tyder på. Barn av mødre som tok folat rett før og tidleg i svangerskapet, hadde halvert risiko for å få svært forseinka språkutvikling ved 3-års alder, samanlikna med barn av mødre som ikkje tok folat.

Folat kan ha innverknad på dei aller tidlegaste fasane av hjernen si utvikling i fosterlivet, noko ein ny studie frå Den norske mor og barn-undersøkinga ved Folkehelseinstituttet tyder på. Barn av mødre som tok folat rett før og tidleg i svangerskapet, hadde halvert risiko for å få svært forseinka språkutvikling ved 3-års alder, samanlikna med barn av mødre som ikkje tok folat.


Denne nyheten er eldre enn 30 dager og informasjonen kan være utdatert
Ta meg til forsiden

Migrene og graviditet.jpg
Studien inkluderer nesten 40 000 barn frå Den norske mor og barn-undersøkinga (MoBa) ved Folkehelseinstituttet.

- Dette er den første studien i verda som ser på mor sitt bruk av folat både før og rett etter befrukting og forseinka språkutvikling. Til no er det ingen studiar som har hatt opplysningar frå så mange kvinner der informasjon om bruk av kosttilskot både før og under svangerskapet er samla inn. MoBa er heilt unik i ein slik samanheng – og studien hadde ikkje vore mogleg å gjennomføre utan så mange deltakarar og informasjonen dei gir, seier førsteforfattar Christine Roth, divisjon for psykisk helse, Folkehelseinstituttet.

Studien er i dag publisert i tidsskriftet JAMA (Journal of the American Medical Association). Sidan studien er den første i sitt slag, er det viktig at resultata blir etterprøvde av andre, før ein legg stor vekt på dei.

Tilrådd at gravide tek folat

Det har lenge vore kjent at tilskot av folat tidleg i svangerskapet minskar risikoen for nevralrørsdefektar, som for eksempel ryggmargsbrokk. Nettopp derfor tilrår Helsedirektoratet alle kvinner som planlegg å bli gravide, å ta tilskot av B-vitaminet folat.

Folat og svært forseinka språkutvikling

Resultata frå denne studien tyder på at folat også er viktig for fleire sider av nevrologisk utvikling, som språkutvikling, og at den beskyttande effekten av å ta folat fell saman med tidsrommet for førebygging av nevralrørsdefektar.

Studien viser at dei mødrene som tok tilskot av folat i perioden fire veker før befrukting til åtte veker etter, hadde halvert risiko for å ha eit barn med svært forseinka språkutvikling ved tre år. Denne samanhengen må studerast vidare i andre befolkningsundersøkingar.

Også andre faktorar kan ha betydning for svært forseinket språkutvikling, som for eksempel hørselsproblem og utviklingsvanskar. Det er også viktig å merkje seg at det i dei tidlige leveåra er stor variasjonsbreidde med tanke på når barn når forskjellige milepælar.

Folat er eit vassløyseleg B-vitamin som vi i all hovudsak får i oss gjennom grøne bladgrønsaker som for eksempel brokkoli og spinat. Folat blir ikkje lagra særleg lenge i kroppen.

Om studien

Ryggmargslukkinga hos fosteret skjer i løpet av den fjerde veka av graviditeten. Avvik i denne tidlege lukkinga kan føre til misdanningar i hjernen og ryggmargen. I dei mest alvorlege tilfella utviklar ikkje fosteret hjerne (anencephalus), medan i andre tilfelle kan fosteret ha meir eller mindre alvorlege skadar i ryggmargen (spina bifida). I denne studien er søkjelyset sett på dei barna som har ei svært forsinka språkutvikling ved tre år. Dette er ein relativt sjeldan tilstand, og det var berre 0,5 % av barna i studien som ikkje hadde begynt å setje ord saman til setningar ved tre år.

I vår undersøking fann vi altså at mødre som tok folat rett før og tidleg i svangerskapet, halverte risikoen for at barna hadde svært forseinka språkutvikling ved 3 års alder, samanlikna med mødre som ikkje tok folat. Vi fann ikkje beskyttande effekt av folat på forseinka motorisk utvikling hos barnet. For kvinner som tok andre vitaminar tidleg i svangerskapet, men ikkje folat, fann vi ingen effekt på språkutviklinga hos barnet. Det hadde heller ikkje inntak av folat etter veke åtte i svangerskapet.

Dette er eit potensielt viktig funn for å forstå kva for faktorar som påverkar den tidlige utviklinga i hjernen. Men vi må vere opne for svakheitene ved undersøkinga, og leite vidare etter andre årsaksfaktorar til forseinka språkutvikling. Berre vidare forsking kan avklare kva betydning folat har. Funnet støttar opp under Helsedirektoratet si oppfordring om at gravide skal ta ekstra folattilskot og at dei bør starte med tilskot før dei blir gravide

Fleire forskarar frå Folkehelseinstituttet er involverte i studien:

Divisjon for psykisk helse - Christine Roth (førsteforfatter), Synnve Shcjølberg og Ted Reichborn-Kjennerud.
Divisjon for epidemiologi - Per Magnus, Camilla Stoltenberg og Pål Suren.
Christine Roth har gjort delar av arbeidet på Columbia University, USA, med seniorforskar Ezra Susser, Division of Epidemiology, the Mailman School of Public Health, som sin mentor.

Kjelde

Journal of the American Medical Association: "Folic Acid Supplements in Pregnancy and Severe Language Delay in Children" - Christine Roth, Per Magnus, Synnve Schjølberg, Camilla Stoltenberg, Pål Suren, Ian W. McKeague, George Davey Smith, Ted Reichborn-Kjennerud, Ezra Susser